Nyhende |
|||
|
Av Inger Træen 23.03.2012 kl. 15:06
Ikkje veg til Otterdal før hausten 2013Folk i Otterdal får ikkje vegsamband med omverda før tidlegast hausten 2013. Det viser forprosjekt frå Statens vegvesen.
Dei fastbuande i Otterdal må klare seg med båtskyss i alle fall fram til hausten 2013. (Arkivfoto)
Ny veg til Otterdal blir ikkje ferdig før tidlegast hausten 2013. Det viser Statens vegvesen sitt forprosjekt som no er sendt over til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det er til saman skissert fem løysingar med ulik pris. Veg i dagen utan rassikring er kostnadsrekna til 38,6 millionar kroner, veg i dagen med rassikring 99,4 millionar kroner, veg med tunnel 171,8 millionar kroner. Statens vegvesen slår fast at tunnel er einaste løysinga som gjev rassikker veg til Otterdal. |
|||





