Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 172%
     
  • 227%
     
  • Antall stemmer: 708

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Anna Wuttudal 16.03.2012 kl. 16:35

    Med vilje til vekst

    Normatic AS tener gode pengar og har ambisjonar om betydeleg auke i talet på tilsette i åra som kjem. Det kan bli aktuelt med vidare utbygging på Nordøyrane for den suksessrike automasjonsbedrifta på Nordfjordeid.

    Normatic Eigedom AS har kjøpt resten av det ledige tomtearealet på Nordøyrane for å ha mogelegheit for å ekspandere vidare. (Foto: Anna Wuttudal)

    Tala for 2011 er ikkje heilt klare, men resultatet ser ut til å bli like bra som i 2010, er svaret vi får frå dagleg leiar Hans Inge Solheim, som har leia bedrifta sidan oppstarten i 1998.

    I 2009 hadde Normatic AS ein omsetnad på 49,5 millionar kroner og eit driftsresultat på 7,9 millionar kroner. I 2010 viste tala 10,8 millionar kroner i driftsresultat med ein omsetnad på 60,4 millionar, og fjoråret ser ikkje ut til å øydeleggje statistikken.

    – Ser lovande ut

    – Det er vanskeleg å spå om framtida, men per i dag ser det lovande ut, seier Solheim. Han meiner det er realistisk at bedrifta vil kunne oppnå ein auke i omsetnaden på mellom 10 og 15 prosent i åra framover. Ser ein dette i eit tiårsperspektiv, vil det kunne bety at talet på tilsette nærmar seg hundre. Dette vil innebere trong for vidare utbygging, og selskapet har difor posisjonert seg for framtida ved å ha rikeleg med areal tilgjengeleg.

    Ein viktig del av filosofien bak Normatic-suksessen er å vere realistiske og innsjå si begrensing. Ein kan ikkje bli god på alt. Ein må reindyrke nokre produkt, slik at ein blir god og effektiv på dei felta som ein driv med.

    Les meir om saka i Fjordabladet i morgon.


     
    2
    Sitter i Kuala Lumpur og leser Fjordabladet. Hans Inge, dette er veldig bra! Fortsett i sporet, lykke til videre Normatic - Av Harry 24.03 (07:06)
    1
    Stå på Normatic!!!

    Gå gjerne ilag med fleire bedrifter i Eid og etabler nettverk og tenke-tankar for å utvikle nye produkt, teknologi, foretningsområder og bedrifter - Av kamikaze 18.03 (14:12)