Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 178%
     
  • 221%
     
  • Antall stemmer: 570

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Tormod Flatebø 16.01.2012 kl. 17:07

    – Alle alternativa i høyringsdokumentet er aktuelle

    SAMFERDSLE: Den 6. januar stilte stortingsrepresentant Erling Sande (S9) spørsmål om det departementet berre hadde to alternativ til framtidig E39-trasé til vurdering. I svaret seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa at alle alternativa i høyringsdokumentet er aktuelle.

    Erling Sande er stortingsrepresentant for Senterpartiet. (Foto: Tormod Flatbeø.)  

      

    Erling Sande sitt spørsmål hadde følgande ordlyd): «Er høyringa på konseptval for E 39 å tolke slik at departementet har konkludert på at det berre er dei to alternativa som Statens vegvesen (SSV) peikar på som er realistiske, eller er det såkalla S-alternativet (K4) og dei andre traséane som ligg i høyringsdokumentet framleis aktuelle å vurdere for høyringsinstansane, og er det automatikk i at det kjem 300 millionar til strekninga Olden-Innvik dersom indre trase vert valt, og tidleg i perioden, eller vil dette måtte vurderast opp mot andre prosjekt langs E 39?»  

      

    – I prosessen med konseptvalutredning for E 39 gjennom Sogn og Fjordane er no Statens Vegvesen si innstilling til Samferdsledepartementet på høyring. I framlegget har Statens vegvesen utgreidd ei rekke traséalternativ, men ut frå sin ståstad peika særskilt på to traséar, ein vestleg med kryssing av Nordfjord mellom Lote og Anda, og ein lenger aust. Fylkesadministrasjonen ser ut til å ha tolka vegvesenet slik at dette er dei einaste realistiske alternativa. Det kan difor vere nyttig å få klargjort om det er rett å tolke høyringa slik at det berre er desse to alternativa som er realistiske, eller om det såkalla S-alternativet (K4) og dei andre traséane som ligg i høyringsdokumentet framleis er aktuelle å vurdere for høyringsinstansane, seier Sande i grunngjevinga for spørsmålet.

      

    Olden Innvik

    – Vegvesenet har vidare lagt opp til å finansiere dei gjenståande parsellane på fylkesvegen mellom Olden og Innvik (cirka 300 mill) dersom indre trasé vert valt. Det kan vere nyttig å få avklart om det er automatikk i at desse midlane kjem på plass dersom indre trasé vert valt, og kan det garanterast at dette skjer tidleg i perioden utan at dette påverkar gjennomføringstempo og rekkefylgje for andre prosjekt på E 39, eller om dette må vurderast og prioriterast opp mot andre prosjekt i og utanfor fylket på E 39, seier Sande i si grunngjeving.

      

    Alle alternativ aktuelle

    – Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling i denne saka. Alle alternativa som ligg i høyringsdokumentet er aktuelle å vurdere for høyringsinstansane. Endeleg avklaring vil skje etter handsaming i regjeringa og etter at ein har gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1) av dei tre konseptvalutgreiingane (KVUane) for E39 mellom Skei og Ålesund. Slik kvalitetssikring pågår no. Handsaminga i regjeringa vil skje på bakgrunn av KVUane, innkomne høyringsfråsegner til KVUane og rapport frå kvalitetssikraren, heiter det i svaret frå Magnhild Meltveit Kleppa.

      

    Avklaring nærare sommaren

    Vidare seier Magnhild Meltveit Kleppa at avklaring i saka er venta å føreliggja nærmare sommaren 2012.

    – Når det gjeld løyving av midlar til konkrete tiltak, er det ingen automatikk knytt til dette. Konkret løyving av midlar vil bli avklart i dei årlege budsjetta. Det skjer etter ei avveging mellom ulike prosjekt.