Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 13.01.2012 kl. 14:32
Selje støttar E39 i midtre– E39 har ein heilt annan standard og krav til vegstell både i forhold til brøyting og anna vedlikehald. Vi må ha stamvegen i midtre slik at også ytre Nordfjord får nyte godt av dette hovudvegsambandet.
Selje Ap støtter partifellane i Eid og Gloppen i kampen for at E39 framleis skal gå i midtre Nordfjord. Frå venstre: Leiar i Eid Ap, Siri Sandvik, leiar i Gloppen Ap, Ola Tarjei Kroken, leiar i Selje Ap, Ole Bosnes og Ap-representant i Selje kommunestyre Per Egil Hellebust.
Denne klare meldinga kjem frå Ole Bosnes, leiar i Selje Arbeidarparti og Ap-representant i Selje kommunestyre, Per Egil Hellebust. Folk i Selje ønskjer nærleik til hovudfartsåra gjennom fylket, og dei to hadde torsdag teke turen til Eid for å gje si fulle støtte til E39 i midtre saman med leiar i Eid Ap, Siri Sandvik og leiar i Gloppen Ap, Ola Tarjei Kroken, som også er varaordførar i Gloppen og styremedlem av Sogn og Fjordane Ap. Dei fire Ap-politikarane møttest på ferja mellom Lote og Anda, og deira bodskap var klinkande klar. Eid ligg i midten og E39 over Lote-Anda er den beste løysinga både for midtre og ytre Nordfjord. Eit viktig argument for dette standpunktet er at ein stamveg har ein heilt annan standard og krav til vegstell enn ein fylkesveg, og med statleg finansiert E39 er ein sikra at ein har ein veldig bra veg i framtida som går midt gjennom Nordfjordregionen og gjer det enkelt for flest mogeleg å kople seg på.
– Må velje raskaste veg til sjukehus – I Vågsøy har dei i årevis ropt høgt om behovet for nærleik til sjukehus. No vil somme gå for ei løysing som verkar motsett. Siri Sandvik og Ap-politikarane frå Selje har vanskar med å forstå at ein del politikarar frå Vågsøy vil gå for E39 i indre, noko som vil bety ei forverring i forhold til rask tilkomst til sjukehus. Folket i Vågsøy har kjempa hardt for sjukehuset på Nordfjordeid. No er det på det reine at ein del funksjonar der vert sentraliserte til Førde og Volda, og Sandvik meiner det då må vere av særs stor betyding å ha raskast mogeleg veg til sentralsjukehuset i Førde. Med E39 i indre vil både krav til vegstandard og ferjefrekvens Lote-Anda bli svekka. Sandvik peikar på at ein med ei bruløysing mellom Lote og Anda vil spare ganske mange viktige minutt på veg til sjukehus samanlikna med å skulle reise om Stryn.
Må gå i midten Selje kommunestyre har tidlegare vedteke at dei vil støtte midtre linje om Lote-Anda, og representantane frå Selje formidla at Selje Ap ønskjer å stå for den semja som dei tidlegare har vore ein del av. Dei meiner det er viktig at stamvegen held fram å gå over fjorden mellom Eid og Gloppen og at ein slepp å reise heilt inn til Stryn for å kome seg til Førde. Ap-politikarane frå Selje ser på fjordkryssing i midtre som den heilt klart beste løysinga. Etter det dei kjenner til, er dette også haldninga til formannskapet i Selje kommune og store delar av næringslivet. I Selje er dei naturleg nok opptekne av rask tilkomst til sjukehuset i Førde, men også til sjukehuset i Volda. Dei meiner at ideelt sett burde stamvegen gått over Stigedalen, som ville gitt det beste nord-sør-sambandet med bru og rask veg til sjukehuset der. Ap i Selje ser på Kvivsvegen som eit aust-vest samband, medan E39 er nord-sør-sambandet. Kombinasjonen Lote-Anda og Kvivsvegen, den såkalla S-en, ser dei på som er ei nest beste løysing og som eit kompromiss det har vore brei semje om.
Ferjefritt i midtre I Vågsøy vert Kystvegen av somme brukt som argument mot E39 i midtre. Nokre politikarar der trur at det å få E39 lengst mogeleg inn i fjorden og la staten ta kostnader med fylkesveg 60, vil auke sjansane for rask realisering av Kystvegen. Også Ap-repesentantane frå Selje vil ha kystveg, men dei innser at det er mange fjordar som skal kryssast og mykje av dette er veldig langt fram i tid. No er det E39 dette gjeld, og hovudfartsåra må gå i midten. Ap-politikarane frå Selje, Eid og Gloppen har lita forståing for tilrådinga frå Statens vegvesen om å bygge ei bru i Stryn, nesten innerst i ein lang fjord, ei løysing som heller ikkje vil fjerne ei einaste av dagens ferjestrekningar over fjorden. Dei oppfattar det slik at Statens vegvesen har valt seg den billigaste løysinga og har i liten grad teke omsyn til nytteverdi for flest mogeleg og potensialet for regional utvikling. – Å kople saman Nordfjord og Søre Sunnmøre som eit felles bu- og arbeidsområde er det berre alternativet over Lote-Anda som gjer, konstaterer Siri Sandvik.
– For lite vekt på samfunnsmessige omsyn Ola Tarjei Kroken peikar på at det er ein vesentleg svakheit i KVU-en at ein ikkje i det heile har teke omsyn til samfunnsmessige omsyn som rask og ferjefri tilkomst til sjukehuset på Nordfjordeid og til flyplassen på Anda. Han legg vekt på at E39 i midtre er tilgjengeleg og god for veldig mange menneske. Kroken stiller også spørsmål ved kvifor ein har brukt ulike kriterium for vurderingane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er det nytta ein times reisetid for å definere bu og arbeidsområde, medan dette er sett til 45 minutt her i fylket. Dersom ein reknar ein times reisetid vil ein få eit enormt bu- og arbeidsmarknadsområde med E39 i midtre. Til dømes vil ein med passarspissen i Sandane, i tillegg til å nå Sogndal, Førde og Eid, også kome seg til Måløy, Stryn og kanskje Volda innan ein time.
– Kan ikkje bryte klare lovnader I Sogn og Fjordane har det vore politisk semje om at ein skal behalde eksisterande E39-trase som går over Lote-Anda. Siri Sandvik er opprørt over at somme no vurderer å gå frå klare lovnader. Ho peikar på at tilliten til politikarane i utgangspunktet ikkje er så stor. Dersom ein går frå klare standpunkt og noko så handfast som kvar vegen skal gå, vil ein svekkje tilliten ytterlegare. For Ap-politikarane er det eit viktig moment at ein skal halde det som ein har lova. Sentrale folk i Sogn og Fjordane Ap var klar i sine lovnader før fylkestingsvalet i 2011 om at dagens vedtekne E39-trase står fast. I programmet står det: «Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at oppstarta prosjekt og prioriterte veganlegg i Nasjonal Transportplan vert fullførte som planlagt» og at partiet «vil at den parsellvise opprustinga av E16 og E39 skal halde fram som planlagt gjennom heile fylket» . 5
Til Eida: Fram til Vågsøy kommune, så er Kystevegen nesten allerei på plass. Mangler veg og flytting av ferjeleiet på begge sider.Uansett så er dette noko som går over andre Budsjett en E39 sitt budsjett. Mest sannsynlivis fylkeskommunen sitt. - Av huffa 15.01 (12:56) 4
Eg er lei denne debatten og lei sjukehusdebatt, men fakta for folk i Vågsøy er at en idag bruker 2,5t til Ålesund ved å kjøre ytre lei og Førde 3,0t. Vi har god ekspressbåt-forbindelse til Bergen, så aksen nordover blir viktigast for oss fremover.
- Av vågsøyværing 14.01 (22:06)
3
Men blir det midtre alternativ, så blir det ikkje noko kystveg i det heile, så Vågsøy har uansett meir å tene på at det blir valgt E39 via Stryn, men det er vel ikkje noko lenger kjøretid til Ålesund enn Førde heller, når alt er ordna Nordover?
- Av Eidar 14.01 (19:40)
2
Til Eidar: Kva funksjonar trur du vert att på sjukehuset i Volda når Helse Midt-Norge og Helse Sunnmøre for alvor kjem i gong med sentraliseringa? Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus vert til slutt svært like. Det er synd at Vågsøyværingane ikkje ser kor tungvint dert vert å reise sørover dei neste 30-40 åra når både brøyting, salting og anna vedlikehald av veg og ferjefrekvensen vert redusert. I tillegg risikerer dei langt mindre støtte i den vidare kampen om fylkevegsmidlar til Kystvegen om dei trekk seg frå samarbeidet med Eid og Gloppen og heller går for indre løysing. - Av Børre 14.01 (18:13) 1
Kortaste vegen til sjukehus blir no Volda for dei i Selje, so kvifor bru for dei då?
- Av Eidar 13.01 (16:36)
|
|||






Til Eida: Fram til Vågsøy kommune, så er Kystevegen nesten allerei på plass. Mangler veg og flytting av ferjeleiet på begge sider.