Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 17.11.2011 kl. 09:37
Drøymer om storkommuneEid-ordførar Alfred Bjørlo (V) stiller seg ikkje avvisande til tankar frå Gloppen ei pakkeløysing med Nordfjordbru og kommunesamanslåing Eid-Gloppen, men aller helst vil Bjørlo ha alle Nordfjordkommunane med på laget.
Under flyplassopninga måndag nytta Kristoffer Rygg høvet til å diskutere Nordfjordbru og kommunesamanslåing med Eid-ordførar Alfred Bjørlo.
Dei tre glopparane Kristoffer Rygg, Sverre Løken og Arne Henden har framtidsplanen klar. Når Nordfjordbrua mellom Lote og Anda er på plass, ligg alt til rette for samanslåing av dei to kommunane Eid og Gloppen. Storkommunen vil utgjere ein sentralt plassert og sterk tyngdepunkt som vil kunne verte ei motvekt til aksen Sogndal-Førde-Florø. – Ein kan halvere administrasjonskostnadene, og i staden for å motarbeide kvarandre, kan ein samarbeide i Nordfjord, seier glopparane. Dei vil ha den felles hovudadministrasjonen plassert på Nordfjordeid der det også er sjukehus. Gloppen kan ta hand om vidaregåande skule, kultur og jordbruk, medan Stryn har sin styrke innan turisme, industri og jordbruk.
Felles samferdslepakke Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er langt på veg samd i ein del av tankane frå Gloppen. Han har ved mange høve teke til orde for kommunesamanslåingar, og han vil invitere fleire med på å tenkje storkommune. – Vi må invitere alle kommunane i Nordfjord med på å tenke samanslåing. Så får ein sjå kva ein endar opp med, seier Bjørlo.
Statlege arbeidsplassar Eid-ordføraren er ikkje i tvil om at Nordfjordregionen vil tene på å stå samla. Ein har i dag mange små kommunar som putlar med sitt, og regionen er i ferd med å bli tømt for statlege arbeidsplassar. – Svakheita med Eid og Gloppen er at dei er altfor like, seier Bjørlo. Han peikar på at Stryn og Vågsøy har tunge næringslivsmiljø medan Eid og Gloppen har større tyngde innan offentlege kompetansemiljø. Med heile Nordfjord som ein kommune, vil ein få mykje større variasjon og breidde enn om ein berre slår saman dei to i midtre. – Den beste løysinga er Nordfjord som ein stor bu- og arbeidsmarknad. Draumen for meg er ein Nordfjordkommune. Då har ein alt som skal til for å få kraft i utviklinga, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.
Les meir om saka i Fjordabladet i dag. 1
Nordfjord som en kommune er en god ide, gjerne med en nedleggingav fylkene i Norge samtidig og la større kommuner få ansvar for flere oppgaver. For å få til det må en nok svelge noen kameler - istedet for å fokusere på et sentralt kommunesenter må en fokusere på styrkene til de ulike delene i kommunen - ta ut gevinstene ved å være en kommune og ikke være redde for å legge de adminstrative oppgavene til andre steder en et sentralt kommunesenter. - Av samarbeid er bra 17.11 (16:45) |
|||






Nordfjord som en kommune er en god ide, gjerne med en nedlegging