Nyhende |
|||||
Tok publikum til himmelsTimbuktu avslutta Malakoff Rockfestival med superhiten "Alla Vill Till Himmelen Men Ingen Vill Dø", og det var eit magisk augeblikk då heile den rekordstore publikumsmengda strekte hendene mot himmelen fulle av rockeglede.
Bergens Tidende kallar Malakoff for Noregs vakraste festival, og det er nok ein tanke som har har gått gjennom mange ferstivalhovud denne helga. Med årets hittil vakraste sommardagar på Vestlandet, 34 store band på plakaten og den beste rockematen, rockedoen og rockecampen var det magisk å vere på Malakoff. − Det er heilt enormt. Malakoff Rockfestival er blitt ein av Noregs aller, aller kulaste festivalar, seier ein strålande fornøgd festivalsjef dagen derpå. Det var fleire store band på scenene til festivalen i år, men lite slo stemninga som blei skapt under konserten til Timbuktu & Danm. Ei fengande blanding av hip-hop, folkemusikk, blues og groovy musikk frå Vest-Afrika og Jamaica kombinert med Michael Jackson inspirerte dansemoves, skapte Timbuktu med sin skånske rap eit rockesus som gjekk til himmels på Eid. Den svenske og sjarmerande hitmakaren frå Sverige serverte sydlanske rytmer og energiske utblåsingar, og publikum elska det. Eit fyrverkeri av ein konsert markerte slutten på ei fantastisk festivalhelg. Denne helga har folk bobla over av godt humør, nokre har kasta alle hemningar, og dei fleste har vore med på allsong og dansa med både sjel og hjarte. Folk har også fått litt etterlengta sol på kroppen. Suksessoppskrifta på festival finn ein altså på vesle Nordfjordeid, staden som ikkje verkar så veldig liten den siste helga i juli, men litt som verdas navle. Ein kan få til store ting på små plassar, for nok ein gong kan Malakoff Rockfestival noterast ned som ein fantastisk folkefest. |
|||||





