Nyhende |
|||
Sølv og bronse på sprintenDet vart 2. plass til Isak Flo Bødal (15) og 3. plass til Vebjørn Hjelle (16) på sprinten under Hovedlandsrennet i skiskyting i Alta i dag.
Dei to gutane frå Stårheim idrettslag held fram med å imponere. I går vart det sølv til begge to. Heidi Flo Bødal (16) kom på ein 24. plass i dag.
Skiskyttarane frå Nordfjord oppnådde mange sterke resultat i Alta denne helga. Vinnaren i 16-årsklassen i går, Johan Eirik Meland, kjem frå Markane idrettslag. Vebjørn Hjelle frå Stårheim tok andreplassen.
I klassen gutar 15 år, der Bødal fekk sølv i går, kom Lars Gjørven Midthjell frå Markane på 4. plass. På sprinten i dag kom Meland på 7. plass.
Også jenter frå Hornindal idrettslag kom høgt opp på listene under Hovedlandsrennet i skiskyting. Helene Støve Otterdal (16) fekk sølv i går og 5. plass på sprinten i dag. Emilie Houm Otterdal (16) kom i mål som nummer seks i går og fekk 9. plass i dag. Martin Løvlid (15) kom på 32. plass i går og vart nummer 25 i dag. Anja Bertine Thomasgård (16) kom på 34. plass i går og vart nummer 31 i dag.
|
|||





