Meningsmåling

Kva var høgdepunktet på Malakoff Rockfestival?








  • 13%
     
  • 24%
     
  • 32%
     
  • 419%
     
  • 520%
     
  • 620%
     
  • 729%
     
  • Antall stemmer: 354

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 08.03.2010

    – Eit risikoprosjekt

    HELSE: – Å legge ned fødeavdelinga i Nordfjord er eit risikoprosjekt for kvinner som har valt å bu i dette distriktet. Det meiner gynekologane Arne Järnbert og Godofredon Santander.

     

    I framlegget om å legge ned fødeavdelinga er det ikkje omsynet til pasientane som står i sentrum, meiner gynekologane Arne Järnbert og Godofredon Santander. (Foto: Anna Wuttudal)

    – Eg er sjokkert og uroleg. Det verkar som om det ikkje er pasientane, men økonomien som er i sentrum, seier Godofredon Santander som har vore gynekolog ved Nordfjord sjukehus i ti år.

      Gynekolog Arne Järnbert har i 15 år ført ein utrøytteleg kamp for å oppretthalde fødeavdelinga på Nordfjordeid. Han har redda liv, hindra fødselsskadar og argumentert for viktigheita av å ha ei fødeavdeling i nærleiken.

      Kvinner som skal føde vert vurderte som lågrisiko eller høgrisiko, men den erfarne gynekologen fortel at det ikkje er uvanleg at ein lågrisikofødsel kan bli til ein høgrisikofødsel, og då kan det vere avgjerande å ha mogelegheit for å ta eit hastekeisarsnitt. 

     

    – Heilt utruleg

      – Gong på gong ser eg at lågrisikofødslar blir høgrisikofødslar med bløding og anna elende. Vi som jobbar her vert ikkje spurde om råd. Ingen har spurt om kva eg meiner om å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid.  At Helse Førde no med eit pennestrøk vil legge ned eit velfungerande fødetilbod med god kvalitet er heilt utruleg. Eg vart ikkje eingong invitert til strategimøtet, fortel Arne Järnbert.

     

    Kommunesamarbeid

    I den nye modellen som Helse Førde no tilrår, vert det lagt opp til eit tett samarbeid med kommunane. Järnbert si erfaring er varierande kvalitet på dei vurderingane som vert gjort rundt om i kommunane i forhold til risikofødslar. Han er også skuffa over manglande vilje til satsing i ein del kommunar når det gjeld jordmorstillingar.

     

     


     
    2
    No går Helse-Norge i pluss.Berre Helse Førde har ikkje klart sin avtale til H V,så det blir nok harde og risikable krumsprang i åra framover. - Av Loretta 11.03 (17:46)
    1
    Kan nokon ta ein telefon til Helseministeren og våre stortingspoltikere og fortelle dette? Samt legge ministeren på ei båre og kjøre 3 timer frå vår nordre kyst til Førde. Det er nesten like lenge å reise fra Otta til Oslo. - Av Galskap 09.03 (11:17)