Nyhende |
|||
Sinne og apatiHELSE: På vaktrommet ved fødeavdelinga rår sinne kombinert med apati over det som fortonar seg som eit klart løftebrot frå regjeringa om det vert gjennomført.
Under framlegginga i Førde fredag vart nedlegging av fødeavdelinga tilsynelatande velsigna av helseministaren frå Ap, men blankt avvist av Sp-leiar Liv Signe Navarsete like etterpå. Barnepleiar Eli Vengen sit og les utsnitt frå Soria Moria II. Der står det svart på kvitt at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, og at folk skal ha nærleik til akuttenester og fødetilbod.
Trist Den modellen som styringsgruppa i Helse Førde tilrår og som inneber nedlegging av Nordfjord sjukehus og flytting av fødetilbodet til Førde eller Volda, er stikk i strid med desse klare lovnadene frå regjeringa. – For meg personleg er ikkje dette viktig, eg kan gå av med pensjon når som helst, men eg synest det er trist at dei går inn for eit framlegg som inneber at Nordfjord ikkje lenger skal ha eit sjukehus til innbyggjarane sine. Det er ikkje minst viktig for folk som til dømes får slag og treng svært rask behandling, seier barnepleiar Eli Kvalsund.
Verre enn dyr – Kvinnene i Nordfjord vert behandla verre enn dyr. Dei tek snart betre vare på dyra enn menneska. For ei ku er det forbod mot transport dei siste vekene før forventa fødsel, medan Helse Førde vil la fødselssjuke kvinner bli transporterte over lange avstandar, seier ei av dei tilsette.
Synd for kvinnene – Eg trur ikkje dei forstår kva dei held på med. Når du er frisk og opplagt er det kanskje ikkje så langt å reise, men når du ligg på ei båre med rier er det fælt. Det er ein del damer som føder raskt. Dei vil ikkje rekke å kome seg til Volda eller Førde. Det vil heilt sikkert bli fleire fødslar i ambulanse der du ikkje har dei same hjelpemidla tilgjengeleg. Det er veldig synd for kvinnene i Nordfjord dersom fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vert lagt ned, seier jordmor Sissel Ommedal. Dei som bur i ytre Nordfjord har allereie i dag ti mil på dels smale og krunglete vegar til Nordfjord sjukehus. Til Førde er det ti mil i tillegg pluss ferje. Mellom Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus er det 37 kilometer pluss ferje.
Vurderer å flytte Jordmor Mariann Skjerdal (32) er opphavleg frå Høydal i Volda. Ho har busett seg på Nordfjordeid, men reknar med at flytting kan bli aktuelt om ho mister jobben ved Nordfjord sjukehus. Ho er også i ein alder der barnefødslar er ei aktuelt tema og trur mange av dei som er i den alderen tenkjer på at det gjev tryggleik å bu i nærleiken av ei fødeavdeling. – Du går inn i ei sorg. Eg synest det er trist for arbeidsplassen min, og det er trist for kvinnene i Nordfjord, seier barnepleiar Gerd Kroken.
2
Dei tenkjer ikkje mykje på ungdomen heller ser seg. Eg er busatt i Bergen som student, men kunne tenke meg å flytte tilbake til Nordfjordeid når den tida kjem. Men om der ikkje er sjukehustilbod er det ikkje aktuelt!
- Av Gla i heimen sin 09.03 (22:18)
1
ja, ja det måtte vel skje.. Lokalsykehusene skulle fredes, for å så bli lagt ned.. Er flau av å være norsk. Alt blir jo revet bort snart.. Skolene rives, sykehusene legges ned, veiene forfaller.. Dette er Norge 2010. Hvorfor betaler vi skatt, pengene går jo ikke til det de skal brukes til.. strømprisene er skrekkhøye, og vi betaler avgift på avgift... Norge er ikke et bra land å bo i... det blir bare flere og flere fattige i norge, mens de rike bare blir rikere.. de tar bare fra de fattige, og gir til de rike.. ta fra de rike, og gi til de fattige.. at sykehuset blir lagt ned, gjør at mangen sikkert ikke føler seg trygge, og flytter vekk.. slagpasienter får varige skader fordi man må til volda eller førde.. er sjokkert over så kyniske folk har blitt.. alt dreier seg om penger, ikke om helse og ikke om trivsel...
- Av bergenser, bosatt på eid 08.03 (22:04)
|
|||






Dei tenkjer ikkje mykje på ungdomen heller ser seg. Eg er busatt i Bergen som student, men kunne tenke meg å flytte tilbake til Nordfjordeid når den tida kjem. Men om der ikkje er sjukehustilbod er det ikkje aktuelt!