Nyhende |
|||
Snart fullbooka overnatting
Talet på besøkande under Malakoff rockfestival har auka betrakteleg dei siste åra. Fleire hotell, camping og hytteutleige melder at det allereie er fullt og at fleire står på venteliste.
I 2008 var det over 10.000 besøkande på festivalen. Mange av festivaldeltakarane kjem langvegs ifrå og treng difor overnatting. På dei fleste overnattingsstadar på Eid er det allereie fullt, eller nærmar seg fullt. Men der er framleis ledige plassar på festivalcampen.
For tre år sidan vart festivalcampen for første gang ein realitet under Malakoff-festivalen. Det er fotballgruppa i Eid som er ansvarlege for drifta. Dei har vakter på campen 24 timar i døgnet om det skulle vere noko.
Campen ligg på sjølve festivalområdet, berre 60 meter frå inngangen. På forhand har det vore mogleg å reservere plass på campen. Ansvarleg for campen er Stein Inge Strøm. Han fortel at det så langt har kome inn cirka 50 reservasjonar. Han vil og anbefale personar som har tenkt å ligge på festivalcampen om å ta kontakt så raskt som mogleg, då det kan bli fullt. I år har dei og utvida campen slik at det vil vere mogleg å ta med seg campingvogner og bussar. - Vi har dei siste åra fått fleire førespurnadar om det hadde vore mogleg å få til ein eigen camp for campingvogner og bussar. Det har vi å år tatt til etterretning og skal difor lage til eit eige område for desse på grusbana ved Malakoff, seier Strøm.
Nordfjord Hotell kan melde at det ikkje er fleire ledige rom att og at Malakoffhelga har vore fullbooka dei siste fire månedane. Noko av grunnen til det er at dei aktuelle artistane som skal spele på festivalen skal bu på hotellet under opphaldet sitt på Eid. Bryggen Hotell melder at dei også har vore fullbooka i nesten ein månad, og at dei hittil har seks personar som står på venteliste. Også hytter og campingplassar byrjar og fylle seg opp. Årskogvika, Nesjartun, Alsakerhyttene og Fjordhestsenteret kan melde om stor pågang.
Av Øystein Nes |
|||
Nyhende
Publisert 08.02.2010 - 14:58
Glad for bru-fokusSAMFERDSLE: – Det er ingen tvil om at det beste for Nordfjord er ei bru som erstattar ferja mellom Lote og Anda. Det seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap). Ho er glad for at regionvegsjef Olav Ellevset no vil ha fokus på ferjefri fjordkryssing. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 08.02.2010 - 09:17
Koseplagg som minneGår alt slik dei håpar, skal jentene i ungdomsbedrifta Chillax UB selje 250 plagg til medelevar og tilsette ved Eid vidaregåande skule før skuleåret er over. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.02.2010 - 09:08
Norgesmeister frå HjelleOle-Mathias Nes (26) vann i helga elitedivisjonen i NM for brassband. Tubaisten frå Hjelle spelar i Manger musikklag som gjekk heilt til topps i den tøffe konkurransen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.02.2010 - 11:07
Strålande vinnarMed nær ein halv million stemmer frå det norske folk gjekk Madelene Berg og Didrik Solli-Tangen heilt til topps i Grand Prix finalen i går kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.02.2010 - 09:16
Klar for fylkesfinalenUKM i Operahuset Nordfjord viste stor breidde, både i kunst og sceneinnslag. Ni av deltakarane går vidare til fylkesfinalen på Nordfjordeid. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.02.2010 - 20:44
Storslått kulturmønstringUngdommen si Kulturmønstring i Operahuset laurdag kveld var ei storslått mønstring av kulturen ungdoms sjølv er opptekne av. Bilde frå UKM 2010 finn du i fotoalbummet » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.02.2010 - 11:42
Rusa mann i snøfonnPolitiet måtte i dag tidleg klokka seks ta hand om ein rusa mann som hadde køyrd inn i ei snøfonn i Eidsgata. Bilen stod fast i snøfonna og mannen i 30-åra vart framstilt for blodprøve og deretter sett i arresten. Mannen var oppfarande og sette seg til motverge då han blei pågripen. Det er oppretta sak på forholdet og denne blir vidare etterforska av Eid lensmannskontor. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.02.2010 - 15:50
Total gjennomgang av Helse Førde– Heile hensikta med den prosessen vi har starta i Helse Førde er å teikne eit rett bilete av situasjonen, vurdere konsekvensane for så å gjere dei rette grep. Dette seier Oddvar Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.02.2010 - 15:27
Farleg manipulering– Eg har personleg ikkje sett ein engel, unnateke i form av gode, hjelpsame menneske. Eg trur dei finst, og på Guds oppdrag kan dei ta kontakt med oss, seier prost Rolf Schanke Eikum. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.02.2010 - 11:51
Vestlandsrådet møter Trond GiskeGjennom eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing vil verftsindustrien på Vestlandet kunne nytte den svake ordresituasjonen til omstilling og førebuing til framtidig vekst. I dag (fredag) presenterer Vestlandsrådet planane for nærings- og handelsminister Trond Giske. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.02.2010 - 17:03
Må vende seg mot SunnmøreEit stort fleirtal i Fjordabladet sin uformelle meinigsmåling meiner at Nordfjord sjukehus bør vende seg mot helseføretaket i nord. » Les heile saka |
Fjordabladet
Publisert 14.07.2009 - 15:21
Ansvarleg redaktør Tormod FlatebøDersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18 eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven) » Les heile saka |
|


