Spill

Meningsmåling

Er du fornøgd med barnehagedekninga i Eid kommune?



  • 161%
     
  • 238%
     
  • Antall stemmer: 449

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Magnus Aarre 30.06.2012 kl. 20:48

    Balsnes-dobbel redda poeng

    Det vart dramatisk då Eid berga 2-2 på overtid i vårsesongens siste kamp mot Årdal.

    Dommar Vegard Yndestad, her i diskusjon med Johannes Myklebust, kunne ha blåst straffe begge vegar. Foto: Magnus Aarre

    Eid låg under med to mål med 30 minutt igjen å spele, men ein dobbel frå midstoppar Ove Balsnes gav Eid eit høgst fortent poeng mot Årdal på heimebane laurdag ettermiddag. Eid går inn i sumarferien på botnen av tabellen, åtte poeng bak sikker plass.

    Eid kom til kampen med ein statistikk få ville misunne dei etter ein skadeplaga vår: 12 kampar, ni tap, seks poeng og 46 baklengs. Det såg lenge ut til å kunne bli verre då Truls Hovland utnytta nølande forsvarsspel av Eid og gav raudtrøyene leiinga etter berre sju minutt. Resten av førsteomgangen var relativt jamnspelt med få sjansar begge vegar, men berre seks minutt inn i andre omgang feller Erik Salveson Årdals Thomas Frichsen på femmeteren. Preben Strypet ekspederar straffa i mål, og 0-2 er eit faktum.

    Ikkje meir enn fem minutt seinare er det Eid sin tur til å få sjansen frå ellevemeteren. Erik Rotihaug vert ulovleg hindra av to Årdal-spelarar, Balsnes set ballen i nota, og plutseleg er det kamp igjen.

    I jakta på utlikning, skapar Eid fleire gode sjansar føre Erlend Johansen i Årdal-målet. Johannes Mylkebust brenner kampens største fem minutt før full tid når skotet hannar frå fem meter stryk stolpen. Men det er framleis tid, og to miutt på overtid vert Balsnes helten når han stangar Jan Olav Humborstad sitt innlegg i mål frå sju meter.

    Meir frå kampen i tysdagsavisa.

    Kampfakta: Eid-Årdal 2-2 (0-1)

    Eid Stadion

    Tilskodarar: omlag 60

    Dommar: Vegard Yndestad, Florø SK

    Assistentdommarar: Andreas Sandal, Haugen IL, og Ståle Sandal, Breimsbygda IL.

    Mål:

    7.min 0-1 Truls Hovland

    52.min 0-2 Preben Strypet (straffe)

    57.min 1-2 Ove Balsnes (straffe)

    90.min 2-2 Ove Balsnes

    Eid: Tom Øyvind Solheim, Ole Andreas Aarvik, Ove Balsnes, Erik Salveson, Arild Magnus Bjørhovde Rindal, Bjørnar Strandos, Andreas Bjørhovde Heggedal, Jan Olav Humborstad, Erik Rotihaug, Oliver Rotihaug, Johannes Myklebust

    Årdal: Erlend Johansen, Abdul Wahabu Abbas, Marcin Brzykcy, Brede Stedje Ylvisåker, Eirik Rode, Jonas Hestetun, Tim Solvik Teigen, Truls Hovland, Robin Moheim, Thomas Frichsen, Preben Strypet

    3.divisjon avdeling 8

    Resultat frå 13.runde:

    Stryn-Førde 1-2

    Voss-Florø 2-3

    Sotra-Vik 4-1

    Tornado Måløy-Radøy/Manger 3-2

    Saga-Øystese 0-2

    Fyllingsdalen 2-Bergen Nord 6-0


     

    Nyhende

    Publisert 19.06.2013 - 16:04
    Frank Willy, Trine og Laila1.JPG

    − Det vil bli endringar

    POLITIKK/HELSE: − Den dagen Framstegspartiet (Frp) overtek Helse- og omsorgsdepartementet, vil det bli endringar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.06.2013 - 11:25
    politi nett1939.jpg

    Slått ned - sendt til sjukehus

    POLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 21:54
    Cecilie Leivdal mål.JPG

    − Vi rota bort 2-0 leiinga

    FOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 15:25
    Sjukehusaksjonen og 2xNilsen nett.jpg

    Om politikk og helse

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:58
    Erik Rotihaug_24.JPG

    Uavgjort mellom Eid og Fjøra

    FOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:22
    brannbil8.jpg

    Brannutrykning på Eid

    Klokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:09
    13062013359.jpg

    Hamna utfor vegen

    HJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 10:53
    azar autograf.jpg

    Jubileum som varma

    FOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 17:00
    2 - Jenny Følling og Henrik Oppen.jpg

    Den framtidige skulestrukturen vedteken

    POLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 15:42
    Alfred Bjørlo og Liv Stave 2 nett.jpg

    Eid vert truleg skvisa

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:37
    Noralv Distad nett3.jpg

    Høgre vil ha formgjeving i Førde

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:08
    sogndal4.jpg

    Sogndal kjem med stjernegalleriet

    FOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 11:31
    Alfred Bjørlo nett7.jpg

    Venstre vil røyste for frisørlinje på Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 10:47
    Frank Willy Djuvik 2 nett.jpg

    Vil ha Firda som avdeling under Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.06.2013 - 23:15
    Kjell Magne Åshamar nett8.jpg

    Forsvarer den raudgrøne skulesemja

    Fylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs.

    » Les heile saka