Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 171%
     
  • 228%
     
  • Antall stemmer: 752

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print
Av Maria Hjelle 29.06.2012 kl. 09:05

    Eggum & Sivertsen og Solveig Kringlebotn til Operahuset

    Jan Eggum, Halvdan Sivertsen, Solveig Kringlebotn, Kurt Nilsen, Sigrid Moldestad, Odd-Erik Lothe, Hege Schøyen og Jan Martin Johnsen er mellom artistane som kjem til Operahuset Nordfjord denne hausten. Billettsalet startar i dag.

    JULETENORAR: Nordic Tenors kjem tilbake til Operahuset Nordfjord. Dei presenterer eit nytt juleshow saman med gitaristen Tobias Neumann og strykeensemblet The Neumann Strings 30. november.


    Operahusleiar Geir Holmen gler seg til nok ein innhaldsrik haust.

    – Vi ønskjer å famne breitt i tilbodet vårt. Det synest eg vi klarer med haustens program. Med topp artistar som Solveig Kringlebotn, Kurt Nilsen, Hege Schøyen, Halvdan Sivertsen og Jan Eggum er lista lagt høgt. I tillegg kjem årets opera Madama Butterfly til å imponere. Kombinert med standup, barneframsyningar, samtidsdans og teater kjem dette til å bli en kanonbra haust, seier Holmen.

    Stjernesopranen Solveig
    Blant høgdepunkta er Solveig Kringlebotn, som held konsert i Operahuset for aller første gong. Stjernesopranen var her i vinter som ein av hovudpersonane i NRK si nye kultursatsing «Mesterklasse» som blir sendt på fjernsyn seinare i haust. Laurdag 1. september skal ho framføre nokre av dei vakraste operaariane, komponert av mellom andre Puccini, Verdi og Dvorak. Litt Grieg og nokre overraskingar blir det, òg. Kringlebotn er tilknytt Den Norske Opera & Ballett, og har sunge i det som finst av internasjonale opera- og konserthus.

    Eggum & Sivertsen
    To av dei mest kjende og kjære artistane i landet har slått seg saman og presenterer ein heidundrande heilaftans konsert, kompa av eit solid band. Jan Eggum og Halvdan Sivertsen spelte for fulle hus i vår, og 24. november kjem dei eins ærend til Nordfjordeid for å underhalde. Dei og bandet vart overtalte til å ta buss for å få til konserten i Operahuset innimellom oppdrag andre stader. Eggum & Sivertsen presenterer eit gjenhøyr med mange kjende låtar, samt passelege dosar nytt materiale både musikalsk og verbalt.

    Les fleire artistomtaler i Fjordabladet si papirutgåve.



    Haustprogrammet 2012 Operahuset Nordfjord

    AUGUST
    Laurdag 11: Symfonikonsert, Vestlandsk sommarsymfoni
    Laurdag 25: Lothe med gjester i Gymmen 

    SEPTEMBER
    Laurdag 1: Solveig Kringlebotn
    Torsdag 6: Teddy og Marian (Riksteatret)
    7. til 9: Blest
    21. til 23: Nordfjord filmfest
    Lau 29: Premiere Madame Butterfly (ti framsyningar)

    OKTOBER
    Laurdag 13: Siste framsyning Madame Butterfly
    Laurdag 20: Gymrock
    Søndag 21: Duda Paivas Man Beast (dans, Riksteatret)
    Laurdag 27: Terje Sporsem - Krig

    NOVEMBER
    Laurdag 3: Kurt Nilsen
    Laurdag 3: Den store kinodagen
    Fredag 9: Kulturnatt i Nordfjord
    Laurdag 10: First Lego League
    Fredag 16: Sigrid Moldestad
    Onsdag 21: Fruen fra havet (Riksteatret)
    Laurdag 24: Eggum & Sivertsen  
    Torsdag 29: Pippi feirar jul
    Fredag 30: Nordic Tenors

    DESEMBER
    Laurdag 8: Nattens umusikalske dronning
    Søndag 16: Pulverheksa og julenissen (Riksteatret)

     


     

    Nyhende

    Publisert 24.05.2013 - 16:16
    Sigurd Reksnes9.JPG

    - Aksepterer ikkje dårlege løysingar

    POLITIKK: – For meg har det vore viktig å seie at vi i Senterpartiet (Sp) ikkje må akseptere halvgode løysingar, for på den måten å unngå ubehagelege politiske val.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.05.2013 - 13:37
    eid cup.jpg

    - Perfekt start for Eid-cup

    Laurdag kjem jenter og gutar frå heile fylket til Eid stadion og tidenes første utgåve av Eid-cup. – Dette blir ein perfekt start, seier klubbutviklar i Eid Fotball, Bjørn Totland.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 14:51
    Magnar aase nett.jpg

    – Må sjå på heile fylket

    – Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 13:53
    Edvin Haugen.JPG

    Uakseptabelt med ytterlegare nedbygging

    UTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 22.05.2013 - 13:45
    harpefossen illustrasjon.JPG

    Store planar på Harpefossen

    Harpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 18:26
    Om vg skule  nett.jpg

    Kan bli fire små i Nordfjord

    – Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 16:01
    Hilmar Høl og Nils P. Støyva.JPG

    Nordfjord kjem truleg dårlegast ut

    POLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 15:35
    Flaum.jpg

    Varsel om stor flaum

    Det er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 18.05.2013 - 14:34
    Fylkestingssalen.JPG

    Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket

    – Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 21:08
    Tappenstrek 2.JPG

    17. mai avslutta med rekordstort Tappenstrektog

    NORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog.

    Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 16:52
    Håvard og Marthe nett.jpg

    – Dei som kjem til oss skal trivast

    HAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 12:20
    Toget nett.jpg

    Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i Eid

    NORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 23:59
    Skulebruksplan 045 nett.jpg

    Vil ta ei avgjerd

    Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 19:56
    Bremangervegopning 005 nett4.jpg

    Jubla for nytt vegsamband

    I dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 16:41
    Rektor Ove Bjørlo.jpg

    – Eid vidaregåande kjem greitt ut

    UTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte.

    » Les heile saka