Nyhende |
|||
|
Av Magnus Aarre 27.06.2012 kl. 15:16
Må ut om tre dagarPrekær mangel på utleigebustadar i kommunen gjer det vanskeleg for mange å finne plass å bu. Familien Jonsdottir står på søndag utan tak over hovudet. Politikarar skal no ta tak i bustadproblematikken i Eid.
- Det er stressande å alltid vere på flyttefot, seier Hjørdis Erla Jonsdottir. Foto: Magnus K. Aarre Hjørdis Erla Jonsdottir (47) og hennar to born har vore på bustadjakt i Eid kommune i snart eitt år. 1.juli må familien ut av det siste midlertidige husværet dei har fått leige. Då står dei utan tak over hovudet. - Eg veit ikkje kva vi skal gjere når vi må ut, vi har ingen alternativ. Eg prøver å la vere å tenkje på det. Eg har prøvd alt mogleg for å finne ein plass vi kan vere, men ingeting er ledig. Jonsdottir har prøvd å finne bustad sidan ho flytta til kommunen i fjor haust. På søndag må familien på tre ut av den siste av fleire midlertidige bustadar. Då har dei ingen plass å gå. Ein pressa leigemarknad gjer det vrient for både familiar og einslige å finne hus eller leilegheiter ein kan leige. Ordførar Alfred Bjørlo (V) og leiar i Samfunnsutviklingutvalet, Ole Petter Henden (Sp), oppmodar lokalbefolkninga til å få det som måtte vere av ledige bustadar ut på marknaden. Valdsam etterspurnad - Etterspurnaden er valdsam, og vi klarar rett og slett ikkje å skaffe folk plassar å bu, verken kommunale eller private. Det er ein akutt mangel på utleigeleilegheiter - og hus i Eid, seier ordføraren. Både Bjørlo og Henden vil difor at eidarane skal vurdere om ein har noko som kan stillast til disposisjon. - Det første ein kan gjere for å få løyst problemet er å gjere tome hus og leilegheiter klare til utleige. Difor ber vi no folk om å sjå seg rundt og vurdere om ein har noko som kan leigast ut, seier dei, og legg til at det også er eit behov for utbygging av bustadar i kommunen.
- Då er eg på gata Jonsdottir og dei to ungane bur enn så lenge i eit leigd hus i Mogrenda. Jakta på ein ny stad å bu har så langt vore mislukka, trass i at ho har "prøvd alt". - Eg har kontakta kommunen, NAV, alle eg kjenner, eg har ringt til framande folk med plass ledig, men det er ingenting å finne. Eg forstår det ikkje. Eg ser mange hus står tome, men ingen vil leige ut. Ungane er tøffe, men dei seier dei ikkje orkar å flytte ein gong til. Men kva kan eg gjere? - Kva gjer du på søndag dersom du ikkje har funne noko? - Eg veit ikkje. Då er eg på gata. Les meir om bustadmangelen og Jonsdottir sin situasjon i papirutgåva på torsdag. 3
På tide å bygge boligblokker i Eid Sentrum.
- Av Rudolf Wilhelm Hansen 04.07 (16:40)
2
Eid inviterer ???!!!??
- Av Thea 28.06 (11:39)
1
Står også uten tak over hodet på søndag, men jeg leter i Ålesund/Sula. Helt utrolig at det skal være så vanskelig på en så stor plass også..
- Av Fride Fiskergård 27.06 (21:49)
|
|||
Nyhende
Publisert 19.06.2013 - 16:04
− Det vil bli endringarPOLITIKK/HELSE: − Den dagen Framstegspartiet (Frp) overtek Helse- og omsorgsdepartementet, vil det bli endringar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
|






På tide å bygge boligblokker i Eid Sentrum.