Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 26.06.2012 kl. 08:21
Sande tek ikkje attval
Omsynet til familien gjer at Erling Sande har takka nei til å stå på Sp-lista som kandidat til Stortinget. (Arkivfoto)
- Det vil alltid vere mange gode grunnar til å seie både ja og nei til å gå på ei ny runde som kandidat til Stortinget. Når eg etter ei heilskapsvurdering har valt å takke nei til å stå på lista, er den avgjort viktigaste grunnen til dette, at eg har to små gutar heime på Vereide. Ved ein eventuell ny periode på Stortinget måtte eg vere budd på vekependling minst 5 år framover og dermed ville eg misse ein stor og viktig del av deira oppvekst, seier Erling Sande i ei pressemelding utsendt frå Senterpartiet.
- Eg har hatt særs spennande og lærerike år som representant for partiet vårt på Stortinget og er takksam for å ha fått tillit frå både Senterpartiet og folk i Sogn og Fjordane gjennom to val. Det er flott å få representere Senterpartiet og Sogn og Fjordane på Stortinget, seier Sande.
Sande, har møtt fast som vara for partileiar Liv Signe Navarsete sidan 2005. Han understrekar at det endå er godt over eit år til Stortingsperioden er ute, og at han kjem til å halde fram med å arbeide som før. - Eg kjem til å halde fram med full innsats fram til perioden går ut i oktober neste år og vil nok halde fram med å vere eit aktiv medlem av verdas beste Senterparti også i tida etter det, seier Erling Sande. |
|||
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 20:33
Flyttar til Ålesund for å bli FrisørRenate Beddari (16) vil til hausten flytte frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal sidan det ikkje blir frisørlinje på Eid. » Les heile saka |





