Spill

Meningsmåling

Er du fornøgd med barnehagedekninga i Eid kommune?



  • 161%
     
  • 238%
     
  • Antall stemmer: 436

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Tormod Flatebø 23.06.2012 kl. 13:46

    Entra og Lefdal Gruve i samarbeid om datasentersatsing

    NÆRING: Entra Greenfield Datacenter (GFD) og Lefdal Mine Datacenter går saman i eit istorisk samarbeid om datasentersatsing. Dei to selskapa vil saman posisjonere seg for større nasjonale og internasjonale kundar på datalagringsmarknaden.

    Totalt vil Lefdal Mine Datacenter tilby 120.000 kvadratmeter  «white space areal». (Illustrasjon: LocalHost.)

      

    Gjennom eit samarbeid mellom GFD og Lefdal Mine Datacenter styrkjer Norge no sin posisjon på ein marknad der ein veit at mange internasjonale aktørar ser etter løysningar. Partane har inngått ein avtale om å formalisere samarbeidet. Dette samarbeidet skal blant anna inkludere følgjande:

     

    ·         Bruk av datasentera for dei kundane som har behov for to ulike lokasjoner av omsyn til tryggleik. Samarbeide for å gjere det rasjonelt rett for kundar å velje Lefdal Mine Datacenter og Greenfield Datacenter.

     

    ·         Profilere Norge sine naturlege fortrinn som klima, politiske forhold og grøn produksjon av straum, for lagring og prosessering av store datavolum internasjonalt.

     

    ·         Samarbeide om initiativ og aktivitetar med sikte på å betre norske rammevilkår for regulering av datasentertenester.

     

    ·         Jobbe  saman for ei modernisering av nasjonal infrastruktur – som straum og fibernett som er nødvendig for å kunne møte framtidige behov.

     

    – Entra ser  stor verdi av eit tett samarbeid med Lefdal Mine Datacenter for å rette merksemda  mot Norge  som ein stad for plassering av sikre, grøne og kostnadseffektive datasenter. Eit samarbeid mellom Greenfield Datacenter og Lefdal vil gje marknaden eit komplett konsept på framtidige løysingar der modularitet, skalérbarheit og sikkerheit vil komme i fokus. Dersom bransjen gjer dette rett, og samhandlar på ein god måte kan datasenter bli ein betydeleg industri i Norge, seier konstituert administrerande direktør i Entra  Eiendom, Rune Olsø.

     

     

    – Eit formalisert og tett samarbeid med Entra medfører at vi er ein sterkare aktør saman enn kvar for oss, og aukar moglegheitene monaleg for at vi lykkast i ein veksande marknad for datasentertenester. Entra og Lefdal sit på utfyllande kompetanse og kapasitet som vil kunne utnyttast både i sal,  utbygging og operativ drift. Planlagde datasenterlokasjonar og tekniske løysingar er komplementære, og dekkjer ulike krav i marknaden, seier Jørn Skaane, dagleg leiar i Lefdal Mine Datacenter,.

     

    Per Morten Hoff i IKT Norge ser det som positivt at to seriøse aktørar som Greenfield Datacenter og  Lefdal Mine Datacenter vel å samarbeide om å trekkje til seg norske og internasjonale kundar.

     

    FAKTA:

    Lefdal Mine Datacenter ligg i Eid kommune, mellom Nordfjordeid og Måløy. Selskapet er eigd  av Sogn og Fjordane Energi og LocalHost Holding. Totalt vil Lefdal tilby 120.000 kvadratmeter  «white space areal». Dei naturgjevne føresetnadene er svært gode: Innanfor eit område på 30 kilometer  rundt Lefdal ligg det fire vasskraftverk og ein vindmøllepark, det er redundant og god kapasitet på fiberkommunikasjon og kjøling frå isfri og djup fjord med konstant låg temperatur. Saman med eit sikkert råbygg i fjell, gjev dette ein lokasjon som er grøn, sikker og med låge investeringar og driftskostnader. Lefdal Gruve vil

    Fungere som ein hovudlokasjon for tenester som ikkje krev umiddelbar nærleik til kundane, og som ein «colokasjon/out of region» datasenter for øvrige kundar.

     

    FAKTA:

    Entra-eigde Greenfield Datacenter vert planlagt  som eit av verdas mest sikre, miljøvennlege og kostnadseffektive datasenter. Datasenteret vil ligge i Heia Næringspark i Fet kommune i Akershus, mindre enn tre mil frå Oslo. Datasenterløysinga er spesialdesigna for å tilby kostnadseffektiv, sikker og miljøvennleg dataprosessering og datalagring for offentleg og private aktørar. Til saman er planen at datasenteret blir på over 30.000 kvadratmeter. Dette skal byggast trinn for trinn, i takt med ønskje og etterspurnad frå marknaden. I første omgang skal rundt 8.000 kvadratmeter byggast i fire blokker.

     

    Etter planen skal første byggetrinn av Greenfield Datacenter stå klart i 2014.

    Greenfield Datacenter vil fungere som eigna hovudlokasjon for tenester som krev tilgjenge og nærleik til kundane.


     

    Nyhende

    Publisert 16.06.2013 - 11:25
    politi nett1940.jpg

    Slått ned - sendt til sjukehus

    POLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 21:54
    Cecilie Leivdal mål.JPG

    − Vi rota bort 2-0 leiinga

    FOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 15:25
    Sjukehusaksjonen og 2xNilsen nett.jpg

    Om politikk og helse

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:58
    Erik Rotihaug_24.JPG

    Uavgjort mellom Eid og Fjøra

    FOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:22
    brannbil8.jpg

    Brannutrykning på Eid

    Klokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:09
    13062013359.jpg

    Hamna utfor vegen

    HJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 10:53
    azar autograf.jpg

    Jubileum som varma

    FOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 17:00
    2 - Jenny Følling og Henrik Oppen.jpg

    Den framtidige skulestrukturen vedteken

    POLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 15:42
    Alfred Bjørlo og Liv Stave 2 nett.jpg

    Eid vert truleg skvisa

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:37
    Noralv Distad nett3.jpg

    Høgre vil ha formgjeving i Førde

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:08
    sogndal4.jpg

    Sogndal kjem med stjernegalleriet

    FOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 11:31
    Alfred Bjørlo nett7.jpg

    Venstre vil røyste for frisørlinje på Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 10:47
    Frank Willy Djuvik 2 nett.jpg

    Vil ha Firda som avdeling under Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.06.2013 - 23:15
    Kjell Magne Åshamar nett8.jpg

    Forsvarer den raudgrøne skulesemja

    Fylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.06.2013 - 20:33
    renate.JPG

    Flyttar til Ålesund for å bli Frisør

    Renate Beddari (16) vil til hausten flytte frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal sidan det ikkje blir frisørlinje på Eid.

    » Les heile saka