Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 178%
     
  • 221%
     
  • Antall stemmer: 570

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Tormod Flatebø 16.06.2012 kl. 21:57

    Første trepoengar heime let vente på seg

    FOTBALL: Eid geidde heller ikkje denne omgangen å pynte på årets heimestatistikk. Laurdag var det Radøy/Manger som tok skalpen på eit ungt Eid-lag. I tillegg å vere uheldige defensivt, udyktige vil kanskje enkelte seie, så sløste heimelaget med dei sjansane dei spelte seg fram til.

    Keeoer Tom Øyvind Solheim spelte ein stor kamp som Eid si sisteskanse. Keeperen kan ikkje lastast for dei tre ballane han måtte plukke ut av eige nett. (Foto: Tormod Flatebø.)

     

      

    – I dag hadde vi ei god kjensle. Vi hadde ein flott lunsj i klubbhuset før kampen, og stemninga i troppen var god. Eg tykte at spelarane gjorde som vi hadde blitt einige om på førehand i første del av kampen. Rett nok hadde vi litt for mange balltap på midtbanen, men det meste gjekk etter oppskrifta, heilt til Radøy/Manger fekk eit rotemål på corner, sa trenar Frode Nord etter kampen. Ttrenaren la ikkje skjul på at oppgjeret mor Radøy/Manger gjekk frå vondt til verre då Eirik Slaveson pådrog seg raudt kort minuttet etter at gjestane putta sitt første mål.

     

    Rakna

    – Eg legg ikkje skjul på at det var mykje som rakna då Eirik Salveson måtte ta den tunge vegen i garderoben etter berre 25 minutt.

     

    Fram til dommar Tommy Skjerven drog fram det raude kortet, og viste ut Salveson, hadde han ruva godt i forsvaret til Eid. Med Eirik på veg i garderoben måtte trenar omrokere på laget. Ove Balsnes, vanlegvis sjef i midtforsvaret, var flytta på topp frå start av. Etter utvisninga vart han trekt tilbake på sin vande plass. Dette svekka laget offensivt.

     

    – Etter utvisninga greidde vi ikkje å stå så høgt som vi ønskte. Vi vart pressa bakover. Eg er sjølvsagt ikkje nøgde med det vi presterte i andre halvdel av omgangen, men det har si naturlege forklaring, sa Frode Nord som var langt betre nøgd med det spelarane presterte i andre omgang.

     

    Meir frå lampen i avisa tysdag. Abonner på Fjordabladet her! 

     

    Kampfakta: Eid - Radøy/Manger 0-3 (0-3)

    Eid Stadion

    Tilskodarar. Ca. 100

     

    Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger IL

    Assistentdommarar: Ståle Sandal, Breimsbygda IL og Tom Edvinsen, Stryn T&IL

     

    Gule kort: Lars Erik Ervik, Radøy/Manger

    Raude kort: Eirik Salveson, Eid

     

    Mål:

    23. min. 0-1 Sindre Erstad

    25. min. 0-2 Ole Kristian Vikenes (straffe)

    37. min. 0-3 Ole Kristian Vikenes

     

     

    Eid: Tom Øyvind Solheim, Ole Andreas Aarvik, Eirik Salveson, Anders Midthjell, Sondre Kulsveen (45: Ruben Leirgulen Kulsveen), Øystein Aabrekk (45; Johannes Myklebust), Thomas Starheim, Andreas Bjørhovde Hegedal, Erik Rotihaug, Jon Olav Humborstad (80;Vebjørn Haugland) og Ove Balsnes

     

     

    Radøy/Manger: Lars Sivertsen, Lars-Erik Ervik, Sindre Erstad, Morten Storheim, Tor-Sverre Kolstad. Ole Kristian Vikenes, Ricky Vetaas (62; Alf Haugland), Anders Dragøy (73: Tore Stang), Raymond Kviste, Yngve Njøten og Andre Semmingsen Fivelstad (87: Nikolai Semmingsen Fivelstad).

     

    3. divisjon avdeling 8

    Resultat frå 11. runde:

     

    Sotra - Øystese 2-2

    Tornado Måløy - Førde 0-4

    Eid - Radøy/Manger 0-3

    Florø - Årdal 1-0

    Voss - Bergen Nord 6-0

    Saga - Stryn 3-2

     

    Tabell

     

    1. Førde 11 9 1 1 40 - 9 28

    2. Voss 11 8 0 3 35 - 19 16 24

    3. Årdal 11 30 - 18  22

    4. Florø 11 6 2 3 29 - 17  20

    5. Fyllingsdalen 2  6 1 3 27 - 19 19

    6. Radøy/Manger 11 5 2 4 25 - 24  17

    7. Vik 10 5 1 4 32 - 28  16

    8. Stryn 11 5 1 5 21 - 26  16

    9. Saga 11 5 0 6 21 - 27  15

    10. Øystese 11 4 2 5 36 - 23  14

    11. Sotra 11 3 2 6 25 - 24  11

    12. Tornado Måløy 11 2 1 8 12 - 33  7

    13. Bergen Nord 11 1 2 8 12 - 41 5

    14. Eid 11 1 2 8 4 - 41 -37 5


     

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 14:51
    Magnar aase nett1.jpg

    – Må sjå på heile fylket

    – Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 13:53
    Edvin Haugen.JPG

    Uakseptabelt med ytterlegare nedbygging

    UTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 22.05.2013 - 13:45
    harpefossen illustrasjon.JPG

    Store planar på Harpefossen

    Harpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 18:26
    Om vg skule  nett.jpg

    Kan bli fire små i Nordfjord

    – Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 16:01
    Hilmar Høl og Nils P. Støyva.JPG

    Nordfjord kjem truleg dårlegast ut

    POLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 15:35
    Flaum.jpg

    Varsel om stor flaum

    Det er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 18.05.2013 - 14:34
    Fylkestingssalen.JPG

    Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket

    – Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 21:08
    Tappenstrek 2.JPG

    17. mai avslutta med rekordstort Tappenstrektog

    NORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog.

    Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 16:52
    Håvard og Marthe nett.jpg

    – Dei som kjem til oss skal trivast

    HAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 12:20
    Toget nett.jpg

    Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i Eid

    NORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 23:59
    Skulebruksplan 045 nett.jpg

    Vil ta ei avgjerd

    Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 19:56
    Bremangervegopning 005 nett4.jpg

    Jubla for nytt vegsamband

    I dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 16:41
    Rektor Ove Bjørlo.jpg

    – Eid vidaregåande kjem greitt ut

    UTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 15:08
    Noralv Distad nett.jpg

    – Fritt skuleval - eit ideologisk prinsipp

    POLITIKK: For Høgre er det eit ideologisk prinsipp med fritt skuleval for elevane - og på tvers av fylkesgrensene. Det er difor klart at Høgre vil jobbe for at Hordalandsavtalen skal halde fram.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 10:19
    Skulebruksplan.jpg

    Vil leggje ned tre vidaregåande skular

    FØRDE: Fylkesrådmann Tore Eriksen foreslår i si tilråding for framtidig vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane at dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn vert avvikla. I tillegg føreslår fylkesrådmannen å avvikle avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande.

    » Les heile saka