Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 24.05.2012 kl. 11:53
Streik i stat og kommuneARBEIDSLIV: Meklinga mellom partane i hovudtariffoppgjeret for kommunesektoren blei avslutta klokka 04.00 natt til torsdag 25. mai. Då måtte meklar Reidun Wallevik hos Riksmeklaren konstatere at det ikkje var muleg å kome fram til ei løysing.
Vi må ta inn over oss den usikre og ustabile situasjonen som rår i den globale økonomien og særleg i Europa. Dette påverkar også norsk økonomi, norske bedrifter og arbeidsplassar her heime. Det er både overraskande og skuffande at organisasjonane ikkje har tatt dette alvoret inn over seg, seier administrasjonsminister Rigmor Aasrud etter at forhandlingane i statsoppgjeret braut saman natt til torsdag.
Arbeidstakarorganisasjonane har varsla streik for nesten 16.000 tilsette i kommnesektoren frå arbeidstidas start torsdag 24. mai. Fire kommunar og Sogn og Fjordane fylkeskommune blir i første omgang råka av streiken.
I tillegg til Sogn og Fjordane fylkeskommune er tilsette i Førde, Jølster, Lærdal, Stryn og tekne ut i streik.
Frå torsdag morgon er 15 tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune tekne ut i streik. Desse er organiserte i Fagforbundet. Streikeuttaket omfattar enkelte tilsette i desse delane av fylkeskommunen:
• Mo og Jølster vidaregåande skule • Stryn vidaregåande skule • Øyrane vidaregåande skule • Kulturavdelinga • Opplæringsavdelinga
Streiken får førebels ingen konsekvensar for elevane ved dei vidaregåande skulane. Sentralbordfunksjonen i Storehagen Atrium i Førde har derimot redusert drift. Alle tilsette her har direkte mobilnummer.
I Lærdal kommune streikar 37 kommunalt tilsette. I denne omgang gjeld dette tilsette i sentraladministrasjonen, kulturkontoret, Lærdalsøyri barnehage, pleie- og omsorg og teknisk drift.
I Førde streikar 28 tilsette. I Jølster er det sju tilsette, fem av dei på kommunehuset, ein på uteseksjonen og ein på Skei skule, tatt ut i streik. I Stryn er det 12 kommunetilsette som streikar.
Skuffa statsråd – Eg er skuffa og synest det er beklageleg at det ikkje let seg gjere å kome til semje gjennom meklinga. Vi har vist stor vilje til forhandlingar og kome organisasjonane i møte med gode forslag og ei økonomisk ramme som ville sikra alle tilsette i staten ein god vekst i kjøpekrafta. Det sier administrasjonsminister Rigmor Aasrud i ein kommentar til at det no er streik i det statlege tariffområdet. Natt til torsdag blei det brot i meklinga i det statlige lønnsoppgjøret. Dei tre hovudsamanslutningane, LO Stat, YS Stat og Unio tek dermed medlemmar ut i streik. – Basert på dei lønnsoppgjera som til no er gjennomført, er lønnsveksten i år samla rekna til 3 og ¾ prosent i revidert nasjonalbudsjett. Eit oppgjer i denne storleiken ville til dømes for ein kvinneleg førstekonsulent i staten med 16 års ansiennitet bety om lag 20.000 kroner i auka årsløn. – Krava om ein lønnsvekst over dette var vi ikkje i nærleiken av å kunne akseptere. Vi må ta inn over oss den usikre og ustabile situasjonen som rår i den globale økonomien og særleg i Europa. Dette påverkar også norsk økonomi, norske bedrifter og arbeidsplassar her heime. Det er både overraskande og skuffande at organisasjonane ikkje har tatt dette alvoret inn over seg. Vi er nøydde til å gjere det. Derfor har vi no kome i den situasjonen vi har, seier administrasjonsminister Rigmor Aasrud. For Akademikarane er det framleis ikkje avklart om det blir semje.
Krevjande forhandlingar - Etter at det blei klart at meklinga i oppgjeret i staten ikkje førte fram, var det dessverre ingen moglegheit for å komme fram til ei løysing i vår sektor. Det beklagar vi sterkt, for vi har opplevd at vi har vore i ein god prosess heile vegen, seier forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes. - Det har vore krevjande heile vegen, ikkje minst etter kvart som oppgjera i privat sektor er kome i hamn med rammer som ligger langt utanfor det mandat vi har hatt å halde oss til, og det kommunane sin økonomi tillet. Likevel har både forhandlingane og meklinga vore ført på ein god og konstruktiv måte frå alle parter, og KS hadde håp om å kome i mål inntil brotet i statsoppgjeret var eit faktum. - Vi seier oss lei for at mange innbyggarar ikkje vil få dei tenestene dei har krav på. Når det er sagt, er streik eit lovleg og legitimt verkemiddel frå arbeidstakarorganisasjonane si side. Det viktige no er at alle partar opptrer på ein korrekt måte, og dermed bidreg til at gode samarbeidsforhold raskt kan gjenopprettast etter at konflikten er over, seier Per Kristian Sundnes.
|
|||
Nyhende
Publisert 24.05.2013 - 16:16
- Aksepterer ikkje dårlege løysingarPOLITIKK: – For meg har det vore viktig å seie at vi i Senterpartiet (Sp) ikkje må akseptere halvgode løysingar, for på den måten å unngå ubehagelege politiske val. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 24.05.2013 - 13:37
- Perfekt start for Eid-cupLaurdag kjem jenter og gutar frå heile fylket til Eid stadion og tidenes første utgåve av Eid-cup. – Dette blir ein perfekt start, seier klubbutviklar i Eid Fotball, Bjørn Totland. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.05.2013 - 14:51
– Må sjå på heile fylket– Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.05.2013 - 13:53
Uakseptabelt med ytterlegare nedbyggingUTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 22.05.2013 - 13:45
Store planar på HarpefossenHarpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 18:26
Kan bli fire små i Nordfjord– Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 16:01
Nordfjord kjem truleg dårlegast utPOLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 15:35
Varsel om stor flaumDet er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 18.05.2013 - 14:34
Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket– Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 21:08
17. mai avslutta med rekordstort TappenstrektogNORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog. Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 16:52
– Dei som kjem til oss skal trivastHAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 12:20
Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i EidNORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 23:59
Vil ta ei avgjerd– Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 19:56
Jubla for nytt vegsambandI dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 16:41
– Eid vidaregåande kjem greitt utUTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte. » Les heile saka |





