Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 16.05.2012 kl. 11:57
Ny innbyggjarrekord i EidFOLKETAL: Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at folketalet i Eid per 1. april 2012 er på 5.956. Det er det høgaste innbyggjartalet registrert i Eid kommune nokon sinne, seks fleire enn ved årsskiftet, og 100 fleire enn for berre to år sidan. Det er både fødselsoverskot og netto innflytting til kommunen i 1. kvartal 2012.
– Dette er svært hyggelege tal, som gjev ekstra grunn til å feire nasjonaldagen i morgon, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid i ein kommentar til folketalsstatistikken. (Foto: Tormod Flatebø.) – Dette er svært hyggelege tal, som gjev ekstra grunn til å feire nasjonaldagen i morgon! Med dei særs gode bukvalitetane vi har i Eid er det stort potensiale for ytterlegare vekst i åra framover, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).
Attraktiv tettstad Nordfjordeid er nominert som ein av sju finalistar til statens nyoppretta pris for Norges mest attraktive tettstad, og KS utpeika nylig Eid som ein av landets 10 beste kommunar innanfor skulesektoren i 2011. Det er også eit rekordstort tal nye bedriftsetableringar i Eid så langt i 2012, i følgje tal frå Brønnøysundregistra.
Tettare inegrering – Nøkkelen til vidare vekst i Eid og Sogn og Fjordane elles er tettare integrering i større bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier Bjørlo og legg til at stadig fleire vel å pendle på tvers av kommunegrensene, og det er all grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram. – Vekst i regionen rundt oss er like viktig som vekst i Eid. Vi må no ha endå sterkare trykk på regionalt samarbeid om næringsutvikling og utbygging av samferdsleløysingar som skapar større bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier Alfred Bjørlo.
|
|||
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 20:33
Flyttar til Ålesund for å bli FrisørRenate Beddari (16) vil til hausten flytte frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal sidan det ikkje blir frisørlinje på Eid. » Les heile saka |





