Spill

Meningsmåling

Er du fornøgd med barnehagedekninga i Eid kommune?



  • 161%
     
  • 238%
     
  • Antall stemmer: 449

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Tormod Flatebø 12.05.2012 kl. 19:05

    Avslutta i Eid med scoring

    FOTBALL: Kim Vik spelte sin siste kamp for Eid då laget møtte Tornado Måløy FK (TMFK) på Eid Idrettspark laurdag ettermiddag. Tre minutt før full tid utlikna Kim Vik til 1-1.

    Tom-Øyvind Solheim, Eid sin keeper, redda det eine poenget til Eid med ei feberreding på overtid. (Foto: Tormod Flatebø.)

      

    Etter at Eid måtte reise heim frå Bergen etter å ha tapt med 0-7 for Fyllingsdalen sitt andrelag  sist helg og TMFK banka topplaget Voss med 4-0 på Refvika, så må ein nok seie at gjestane var førehandsfavorittar i nabooppgjeret. Ut frå dette kan ein vel seie at det var oppskriftsmessig at TMFK tok leiinga i kampen. TMFK sitt mål kom elleve minutt ut i første omgang. Tidlegare Eid-spelar Ole Andreas Solheim forserte på høgresida og la nydeleg inn til Endre Kupen, som nikka ballen sikkert i mål frå kort hald.

     

    Eid spelte ein god førsteomgang, bortsett frå forsvarsglippen ved målet til TMFK. Nemnde Kim Vik var frampå fleire gonger i løpet av den første omgangen, og det ville slett ikkje vore urettvist om Eid både hadde fått både eitt og to mål dei første 45 minutta.  Spelemessig var førsteomgangen jamspelt.

      

    Etter pause tok det eit lite kvarter før Eid greidde å spele seg fram til målsjanse. Og det tok heile 43 minutt før laget greidde å utlikne leiinga til TMFK.

     

    For Kim Vik vart det ein litt spesiell dag. I løpet av dei åra Kim har spelt for Eid har han scora fleire mål enn han greie å hugse. No flyttar den sympatiske spelaren til Florø, der han skal spele for Florø Sportsklubb.

      

    Kampfakta Eid – TMFK 1-1 (0-1)

    Eid Idrettspark

    Tilskodarar 150

     

    Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll IL

    Assistentdommarar: Per Olav Erikstad, Jølster IL og Tom Edvinsen, Stryn T&IL.

     

    Mål:

    11. min 0-1 Endre Kupen. Ass. Ole Andreas Solheim

    87. min 1-1 Kim Vik

     

    Eid: Tom-Øyvind Espeseth Solheim, Ove Balsnes, Ole Andreas Aarvik (75; Anders Karlsen), Erik Rotihaug, Anders Nilsen Midthjell, Thomas Starheim  (K), Elias Lund Johansen, Anderas Bjørhovde Heggedal (82; Ruben Leirgulen Kullsveen), Vebjørn Nord Haugland, Oliver Rotihaug og  Kim Øvregård Vik.

     

    TMFK: Isak Nygård Gangeskar, Ørjan Eide Paulsen, Eirik Kvalheim (45; Kristoffer Nord Steenslid) , Gisle Myhre, Jon Haukur Haraldsson, Kennet Honningsvåg, Jon Martin Gil, Henrik Gjerde, Ole Andreas Solheim, Endre Kupen og Vegard Holvik.

     

     

    Resultat frå femte serierunde:

    Voss- Sotra 2-1

    Florø SK – Stryn 4-0

    Radøy/Manger – Vik 3-3    

    Bergen Nord- Førde 0-8

    Årdal – Øystese 3-2

    Eid – Tornado Måløy FK 1-1

     

    Tabell 3. divisjon avd. 8

    Førde 5 4 0 1 21-5 12

    Voss 4 4 0 1 13-6 12

    Årdal FK 5 4 0 1 13-6 12

    Florø SK 5 3 1 1 19-10 10

    Vik 5 3 1 1 18-14 10

    Stryn 5 3 0 2 9-10 9

    Radøy/Manger 5 2 1 2 12-12 7

    Tornado Måløy FK 5 2 1 2 9-10 7

    Fyllingsdalen 2 4 1 1 2 13-9 4

    Bergen Nord 5 1 1 3 6-16 4

    Eid 5 1 1 3 3-15 4

    Sotra 5 1 0 4 6-13 3

    Saga 4 1 0 3 6-15 3

    Øystese 5 0 1 4 9-16 1


     

    Nyhende

    Publisert 19.06.2013 - 16:04
    Frank Willy, Trine og Laila1.JPG

    − Det vil bli endringar

    POLITIKK/HELSE: − Den dagen Framstegspartiet (Frp) overtek Helse- og omsorgsdepartementet, vil det bli endringar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.06.2013 - 11:25
    politi nett1939.jpg

    Slått ned - sendt til sjukehus

    POLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 21:54
    Cecilie Leivdal mål.JPG

    − Vi rota bort 2-0 leiinga

    FOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.06.2013 - 15:25
    Sjukehusaksjonen og 2xNilsen nett.jpg

    Om politikk og helse

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:58
    Erik Rotihaug_24.JPG

    Uavgjort mellom Eid og Fjøra

    FOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:22
    brannbil8.jpg

    Brannutrykning på Eid

    Klokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 21:09
    13062013359.jpg

    Hamna utfor vegen

    HJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 13.06.2013 - 10:53
    azar autograf.jpg

    Jubileum som varma

    FOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 17:00
    2 - Jenny Følling og Henrik Oppen.jpg

    Den framtidige skulestrukturen vedteken

    POLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 15:42
    Alfred Bjørlo og Liv Stave 2 nett.jpg

    Eid vert truleg skvisa

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:37
    Noralv Distad nett3.jpg

    Høgre vil ha formgjeving i Førde

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 13:08
    sogndal4.jpg

    Sogndal kjem med stjernegalleriet

    FOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 11:31
    Alfred Bjørlo nett7.jpg

    Venstre vil røyste for frisørlinje på Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.06.2013 - 10:47
    Frank Willy Djuvik 2 nett.jpg

    Vil ha Firda som avdeling under Eid vgs

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.06.2013 - 23:15
    Kjell Magne Åshamar nett8.jpg

    Forsvarer den raudgrøne skulesemja

    Fylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs.

    » Les heile saka