Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 171%
     
  • 228%
     
  • Antall stemmer: 759

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Inger Træen 10.05.2012 kl. 13:21

    Lite besøk ved Svor museum. -Ikkje mi sak, seier museumsdirektøren

      -Det er ikkje vår oppgåve å få mest  mulig folk til Svor museum, seier Morten Johan Svendsen, direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum. I fjor hadde museet i Hornindal 792 besøkjande, berre ein fjerdedel av toppåra ti år tilbake. Søndag var det vel tjue personar på opninga med billedvev av Kjellaug Haugen Holter.

    Berre i overkant av tjue personar hadde møtt opp på sommaropninga på søndag, trass i lokal kunst frå Nordfjord på veggane.

     

      Søndag opna Svor museum i Hornindal sommarutstillinga. Årets utstillar er billedvevkunstnar Kjellaug Haugen Holter frå Loen, som fylte 90 år 7. mai, dagen etter opninga. Skulpturgalleriet etter Anders Svor i Hornindal har dei siste åra slite med lågt besøkstal. I fjor var besøket nede 792, ein fjerdedel av toppåra for ti år tilbake.

     

    Ikkje vår jobb

    Svor museum har sidan 2004 vore ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum, og blir administrert frå Førde, der Morten Johan Svendsen er direktør. Under opninga i Hornindal på søndag var han til stades, saman med Nils Gjerland, som er leiar for Hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Men trass satsing på ein lokal kunstnar og ei kunstform med lokale tradisjonar, så strøymde ikkje folk til lokalet. Og direktøren sa ovanfor Fjordabladet at publikumstal ikkje er hans oppgåve.

      -Vi skal tilby god og variert kunst, og vekslar mellom nyskapande moderne kunst og kunst med meir tradisjonell forankring. Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterk i, seier Svendsen som er oppteken av at folk i Sogn og Fjordane skal oppdatere seg på aktuell kunst.

      -Her i fylket ligg vi nok eit godt stykke etter når det gjeld å vere oppteken av det siste innan kunstutvikling. Sogn og Fjordane kunstmuseum skal ha ein oppdragande funksjon i så måte, men vi kan ikkje leie folk inn i kunstlokala, seier Svendsen som no ser fram imot opninga av nytt kunstsenter i Førde.

      -Det nye kunstsenteret vil bli eit vendepunkt for kunsten også her i fylket. Vi vil få inn straumningar frå den store verda, og eg er ganske sikker på at den generelle kunstinteressa vil auke, seier Svendsen som ikkje har nokon planar om å få meir publikum til Svor museum.

      -Tidlegare har vi satsa ein del på skuleklasser til Svor museum. I år går den satsinga i retning mot pensjonistlag og grupper med blinde og svaksynte, seier Svendsen.

     

     Åtte millionar i offentleg støtte

    Sogn og Fjordane kunstmuseum, som Svor Museum er ein del av, får totalt i overkant av åtte millionar i offentlege tilskot kvart år. Pengane er fordelt med 3,5 millionar frå staten, 3,9 millionar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og 644.000 kroner frå kommunane. Under Sogn og Fjordane kunstmuseum kjem Kunstsenteret i Førdehuset, Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sogn Kunstsenter og Anders Svor Museum.

     

    Svor museum på botnen av statistikken

    Svor museum ligg langt tilbake på statistikken når det gjeld besøk i 2011, samanlikna med dei seks ulike kunstmusea som kjem inn under Sogn og Fjordane kunstmuseum.

    Besøk i 2011:

    Kunstsenteret Førdehuset 5.921

    Sogn kunstsenter 5.395

    Astruptunet 3.744

    Eikaasgalleriet 3.393

    Sogn og Fjordane kunstmuseum Prestebøen 858

    Anders Svor museum 792

     

     Nedgang frå 3000 besøkjande

    For ti år sidan låg besøkstalet rundt 1500 kvart år, med nokre toppår på 3000 ved Svor museum. Viktigaste årsaka til nedgangen er at turistbussane på overlandstur har slutta å stoppe ved museet.

     

     

     

     

    Nybygg til 93 millionar i Førde

    I september opnar nybygget Sogn og Fjordane kunstsenter i Førde, til ein prislapp på 93 millionar kroner. Finansieringa er 35 millionar frå staten, 38,7 millionar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og 19,3 millionar frå Førde kommune. Bygget vil bli ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum.

     


     
    1
    Jaja, det er i alle tilfelle bra vi har en regjering som satser på kultur, selv om interessen er lav, så får det heller gå i dass med helsevesen, veier og annet slikt unødvendig. - Av varegveum 10.05 (15:43)

    Nyhende

    Publisert 24.05.2013 - 16:16
    Sigurd Reksnes9.JPG

    - Aksepterer ikkje dårlege løysingar

    POLITIKK: – For meg har det vore viktig å seie at vi i Senterpartiet (Sp) ikkje må akseptere halvgode løysingar, for på den måten å unngå ubehagelege politiske val.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.05.2013 - 13:37
    eid cup.jpg

    - Perfekt start for Eid-cup

    Laurdag kjem jenter og gutar frå heile fylket til Eid stadion og tidenes første utgåve av Eid-cup. – Dette blir ein perfekt start, seier klubbutviklar i Eid Fotball, Bjørn Totland.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 14:51
    Magnar aase nett.jpg

    – Må sjå på heile fylket

    – Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 13:53
    Edvin Haugen.JPG

    Uakseptabelt med ytterlegare nedbygging

    UTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 22.05.2013 - 13:45
    harpefossen illustrasjon.JPG

    Store planar på Harpefossen

    Harpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 18:26
    Om vg skule  nett.jpg

    Kan bli fire små i Nordfjord

    – Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 16:01
    Hilmar Høl og Nils P. Støyva.JPG

    Nordfjord kjem truleg dårlegast ut

    POLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 15:35
    Flaum.jpg

    Varsel om stor flaum

    Det er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 18.05.2013 - 14:34
    Fylkestingssalen.JPG

    Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket

    – Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 21:08
    Tappenstrek 2.JPG

    17. mai avslutta med rekordstort Tappenstrektog

    NORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog.

    Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 16:52
    Håvard og Marthe nett.jpg

    – Dei som kjem til oss skal trivast

    HAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 12:20
    Toget nett.jpg

    Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i Eid

    NORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 23:59
    Skulebruksplan 045 nett.jpg

    Vil ta ei avgjerd

    Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 19:56
    Bremangervegopning 005 nett4.jpg

    Jubla for nytt vegsamband

    I dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 16:41
    Rektor Ove Bjørlo.jpg

    – Eid vidaregåande kjem greitt ut

    UTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte.

    » Les heile saka