Spill

Meningsmåling

Fylkesrådmannen har lagt fram si tilråding for framtidige utdanningstilbod og vidaregåande skulestruktur. Ap si fylkestinggruppe er usamde med fylkesrådmannen, og meiner Stryn og Høyanger vidaregåande skular ikkje kan leggast ned. Kven er du einig med Ap eller fylkesrådmannen?



  • 178%
     
  • 221%
     
  • Antall stemmer: 570

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Maria Hjelle 08.05.2012 kl. 20:49

    Verdig feiring av frigjeringsdagen

    Eidarane trassa vêrgudane og samla seg til ein våt, men verdig feiring av frigjeringsdagen 8. mai.

    Dei som møtte fram ved Sørgjande Mor måtte tole å bli våte, men fekk høyre flott musikk av Eid Musikklag og lytte til fem appellar med ulike og interessante perspektiv på frigjeringdagen.


    Eid kommune, Plassens Venner, Eid Røde Kors og Eid Frivilligsentral stod for markeringa, som starta med korpsmusikk ved Eid Eldretun og Eid Sjukeheim, og heldt fram med tog frå Eid kyrkje til Plassen og Sørgende Mor, minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i 2. verdskrigen.

    Ordførar Alfred Bjørlo heldt tale for dagen. I tillegg var det fleire helsingar, ein fredsappell og framrøring av «Ja, vi elsker» og «Gud signe vårt dyre fedreland» til musikk av Eid Musikklag. Den internasjonale Røde Kors-dagen vart også markert.

    Les meir i papirutgåva.



    Ordførar Alfred Bjørlo sin appell ved 8. mai-markering på Nordfjordeid 2012:

    Den 9. april 1940 vart Norge okkupert av nazist-regimet i Tyskland. Vi misste fridomen vår. Konge, regjering og storting måtte rømme landet.

    Den 8. mai 1945 – etter fem år under tysk okkupasjon - fekk vi tilbake fridomen vår. Etter fem år med krig kom våren i 1945 med fred.

    Difor er 8. mai ein gledens dag. 8. mai- frigjeringsdagen - er ein del av historia vår som vi har alt å vinne på å ha med oss. Eg er glad for at vi på Eid framleis har ein sterk tradisjon for å markere denne dagen som ein fridomsdag og fredsdag.

    Eit drygt år etter frigjeringsdagen - 14. mai 1946 - sto følgjande opprop å lese i Fjordabladet: “Underskrevne ber med dette folket i Nordfjord om å vere med å reise eit minnesmerke over dei nordfjordingar som fall i krigen. Dei gav det største offer, og det er vår skulnad å halde minnet om dei høgt. Minnesmerket som ein har tenkt å reise, skal stå på øvingsplassen på Nordfjordeid og vere eit vitnemål om kva åndsfridomen og vår nasjonale fridom har kosta. Samstundes skal det vere ei maning til oss alle – no og i framtida – om å yte det største om det krevst. Dei falne synte oss at ikkje noko offer er for stort når det gjeld å verne fridom og fedreland”

    Fire år seinare - i 1950 - sto minnesmerket ferdig. Akkurat slik det var skildra i oppropet. Det er det flotte minnesmerket som står bak oss: “Sørgende Mor” eller “Mor Norge” av Dyre Vaa.

    Og enno i dag – 66 år seinare - kan vi slå fast at dei store orda som vart skrivne i Fjordabladet i 1946 har tålt tidas prøve. Det vi markerer her i dag ved Sørgende Mor, er nettopp det at vi alle må vere budd på å “…yte det største om det krevst”. At “..ikkje noko offer er for stort” når det gjeld å verne fridomen.

    Det er ei sanning som ikkje har gått ut på dato. Dei siste åra har vi fått fleire alvorlege påminningar om nettopp det.

    Den 22. juli i fjor miste 77 nordmenn livet for ein drapsmann si hand i Oslo og på Utøya. Det var ein drapsmann med forkvakla politiske forestillingar om rasehat og etnisk reinsing nært opp til ideologien som førte til andre verdskrigen.

    Seinast sist søndag opplevde vi, i valet i Hellas, at eit nynazistisk parti gjorde sitt beste val i noko europeisk land sidan 1945 med bodskap om hat, nådelaus kamp mot “forrædarar” og jakt på syndebukkar utanfrå.

    Ideologien som ligg bak dette må vi stå opp mot. I 2012 som i 1940.

    Men på same tid har millionvis av menneske dei siste åra gjort opprør mot diktatorar som har nekta dei fridom - i land som Tunisia, Egypt, Libya og Syria. Dei har byrja den lange marsjen mot demokrati, slik vi vann det att i 1945.

    I slike ”lange marsjar” mot fridom og demokrati rundt om i verda er Noreg ofte med gjennom internasjonale fredsbevarande operasjonar. Frå og med i fjor er 8. mai også ei offisiell markering av dei meir enn 100.000 norske soldatane og offiserane som har tenestegjort i internasjonale operasjonar siden andre verdskrigen: Krigsveteranane.

    Kvar enkelt krigsveteran - frå andre verdskrigen, via Tysklandsbrigadane og vidare til Korea, Libanon, Balkan, Afghanistan og alle andre internasjonale oppdrag Noreg har vore med på i etterkrigshistoria – dei ber på ei bør som er usynlig for oss andre.

    For nokon er børa lett. Dei kjem kanskje til og med sterkare ut av det enn dei gjekk inn.

    For andre er børa tung. For nokon er børa så tung at dei ikkje klarer å bere ho åleine. Det såg vi mange døme på i tiåra etter andre verdskrigen. Det same vil vi gjere i mange tiår no framover, ikkje minst for dei 8.000 norske soldatane og offiserane som sidan 2001 har tenestegjort i Afghanistan.

    Nokre av dei kom ikkje heim i det heile tatt. Ti norske soldatar og offiserar har dei site åra misst livet i Afghanistan i teneste for konge og fedreland. Dei har “..ytt det største som krevst”, for å sitere oppropet i Fjordabladet frå 1946.

    Kanskje kan ei markering som i dag vere med å gjere kvardagen litt lettare for våre krigsveteranar. Det minste vi andre kan gjere, er å sikre at ikkje deira innsats blir gløymd. De skal vite at vi set uendeleg stor pris på det de har gjort, heilt frå andre verdskrigen fram til i dag.

    Krigsveteranane har utvist eit mot og ei offervilje som dei fleste av oss andre aldri har vore i nærleiken av. Ikkje som politisk reiskap for den til ei kvar tid sitjande Regjering, men for konge og fedreland. I fredens og fridomens teneste.

    Og ein ting skal våre veteranar frå andre verdskrigen og heilt fram til i dag vite: De har gjort ein skilnad.

    For vi går faktisk mot ei fredelegare verd, sjølv om den massive mediedekninga av dagens krigar og konflikt gjer at vi trur det motsette. Dei siste tiåra har talet på krigar og væpna konflikter i verda, og talet på drepne i desse konfliktene, gått ned. Og pila peikar framleis rett veg.

    Internasjonalt samarbeid over landegrensene – herunder den norske innsatsen i fredsbevarande operasjonar – det virkar. Globalisering, samkvem over grensene, naudhjelp, fridom og demokrati – det virkar. Det skapar ei betre verd.

    Men fridom og fred vil aldri kome av seg sjølv. Vi må kjempe for det. Til alle tider. Det står vi saman om her i dag – offiserar, soldatar, Raudekrossen, fredskvinner og vi andre.
     
    Til slutt vil eg bere fram ei blomehelsing frå Eid kommune for å gjere ære på dei vi vil minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.

    Fred over minnet deira.


     

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 14:51
    Magnar aase nett1.jpg

    – Må sjå på heile fylket

    – Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.05.2013 - 13:53
    Edvin Haugen.JPG

    Uakseptabelt med ytterlegare nedbygging

    UTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 22.05.2013 - 13:45
    harpefossen illustrasjon.JPG

    Store planar på Harpefossen

    Harpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 18:26
    Om vg skule  nett.jpg

    Kan bli fire små i Nordfjord

    – Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 16:01
    Hilmar Høl og Nils P. Støyva.JPG

    Nordfjord kjem truleg dårlegast ut

    POLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 21.05.2013 - 15:35
    Flaum.jpg

    Varsel om stor flaum

    Det er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 18.05.2013 - 14:34
    Fylkestingssalen.JPG

    Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket

    – Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 21:08
    Tappenstrek 2.JPG

    17. mai avslutta med rekordstort Tappenstrektog

    NORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog.

    Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 16:52
    Håvard og Marthe nett.jpg

    – Dei som kjem til oss skal trivast

    HAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 17.05.2013 - 12:20
    Toget nett.jpg

    Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i Eid

    NORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 23:59
    Skulebruksplan 045 nett.jpg

    Vil ta ei avgjerd

    Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 19:56
    Bremangervegopning 005 nett4.jpg

    Jubla for nytt vegsamband

    I dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 16:41
    Rektor Ove Bjørlo.jpg

    – Eid vidaregåande kjem greitt ut

    UTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 15:08
    Noralv Distad nett.jpg

    – Fritt skuleval - eit ideologisk prinsipp

    POLITIKK: For Høgre er det eit ideologisk prinsipp med fritt skuleval for elevane - og på tvers av fylkesgrensene. Det er difor klart at Høgre vil jobbe for at Hordalandsavtalen skal halde fram.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.05.2013 - 10:19
    Skulebruksplan.jpg

    Vil leggje ned tre vidaregåande skular

    FØRDE: Fylkesrådmann Tore Eriksen foreslår i si tilråding for framtidig vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane at dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn vert avvikla. I tillegg føreslår fylkesrådmannen å avvikle avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande.

    » Les heile saka