Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 06.05.2012 kl. 21:19
Nordfjord sjukehus i landstoppenHelsenorge.no har offentleggjort ei landsomfattande undersøking av pasientane sine erfaringar ved norske sjukehus. Der kjem Nordfjord sjukehus heilt i toppsjiktet blant 61 sjukehus som har vore med i undersøkinga.
Nordfjord sjukehus (Arkivfoto)
Ei rekkje kriterium ligg til grunn for rangeringa som viser kva for sjukehus norske pasientar er mest fornøgde med, og kva sjukehus dei er minst fornøgde med. I undersøkinga vart det stilt 34 spørsmål innan følgjande ti tema: Pleiepersonalet, informasjon, legane, pårørande, organisering, standard, utskriving, samhandling, pasientsikkerheit og ventetid for pasientar med planlagt behandling. I alt 10.515 pasientar, som hadde vore innlagt på 61 ulike sjukehus, har svart. Gjennomsnittsalderen til dei som svarte var 61 år.
3
Sårt å svelge? Å, neida. Det er no ein gong slik at ved å fjerne det beste, så ser resultatet mykje betre ut for dei lågare rangerte.
- Av Ikkje overraska 13.05 (22:46)
2
Nordfjord sjukehus er best av dei offentlege sjukehusa etter Feiringklinikken og Glitre og dei er vel Privatsjukehus. Ingen klapp på skuldra for god jobb fra direktør eller styret i Helse Førde. Det er vel sårt å svelge dette resultatet no når dei driv og legg ned Nordfjord Sjukehus..
- Av HEM 08.05 (16:45)
1
Ja, statsminister. Hva er det logisk å gjøre med sykehus som ligger i landstoppen?
- Av Bente Øien Hauge 07.05 (14:53)
|
|||
Nyhende
Publisert 24.05.2013 - 16:16
- Aksepterer ikkje dårlege løysingarPOLITIKK: – For meg har det vore viktig å seie at vi i Senterpartiet (Sp) ikkje må akseptere halvgode løysingar, for på den måten å unngå ubehagelege politiske val. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 24.05.2013 - 13:37
- Perfekt start for Eid-cupLaurdag kjem jenter og gutar frå heile fylket til Eid stadion og tidenes første utgåve av Eid-cup. – Dette blir ein perfekt start, seier klubbutviklar i Eid Fotball, Bjørn Totland. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.05.2013 - 14:51
– Må sjå på heile fylket– Skal vi stå på oppretthalding av dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, så må vi sjå på heile fylket. Det er den klare meldinga frå Ap-politikar Magnar Aase, som i ettermiddag skal delta på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.05.2013 - 13:53
Uakseptabelt med ytterlegare nedbyggingUTDANNING: – Det er uakseptabelt for næringslivet i regionen at tilboda ved Eid og Måløy Vidaregåande skular vert bygd ned ut over det som ligg inne i fylkesrådmannen sitt framlegg til skulebruksplan. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 22.05.2013 - 13:45
Store planar på HarpefossenHarpefossen Skisenter satsar på å tredoble billettinntektene og firedoble salet av hyttetomter fram mot 2020. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 18:26
Kan bli fire små i Nordfjord– Eg trur ikkje at det er mogeleg å klare å finne eit anna politisk fleirtal. Det seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som svar på spørsmål frå Fjordabladet om kva partiet hennar meiner om at Ap si fylkestinggruppe går inn for at Høyanger vgs og Stryn vgs skal oppretthaldast. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 16:01
Nordfjord kjem truleg dårlegast utPOLITIKK: Under eit møte i går gjekk fylkestingsgruppa til AP inn for å frede Høyanger og Stryn vidaregåande skular. Samstundes går partiet inn for å støtte dei andre tilrådingane frå fylkesrådmannen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2013 - 15:35
Varsel om stor flaumDet er varsla opp mot 20-30 mm nedbør i løpet av onsdag 22. mai for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det kan ikkje utelukkast at vassføringa vil stige til nivået som tilsvarer 50 års gjentaksintervall i enkelte vassdrag » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 18.05.2013 - 14:34
Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket– Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 21:08
17. mai avslutta med rekordstort TappenstrektogNORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog. Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 16:52
– Dei som kjem til oss skal trivastHAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 12:20
Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i EidNORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 23:59
Vil ta ei avgjerd– Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 19:56
Jubla for nytt vegsambandI dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 16:41
– Eid vidaregåande kjem greitt utUTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte. » Les heile saka |






Sårt å svelge? Å, neida. Det er no ein gong slik at ved å fjerne det beste, så ser resultatet mykje betre ut for dei lågare rangerte.