Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 05.05.2012 kl. 17:20
Fekk draumen oppfylt– Det er ikkje mange hestar ein får oppleve dette med. Dette er stort. Knut Rasmus Hjelle og femårshingsten Fjelltor fekk draumen om den kvite sløyfa oppfylt under dagens hingsteutstilling i Øyane.
Ein godt fornøgd Knut Rasmus Hjelle kan ta imot premiering og heider for Fjelltor saman med medeigar Even Myklebust. Femårshingsten Fjelltor vart spiss i treårsklassa for to år sidan og leverte beste utvida bruksprøve i fjor. I år var ikkje dommarane i tvil om at hingsten til Knut Rasmus Hjelle og Even Myklebust frå Ørsta skulle få 1.premie markert med den kvite sløyfa. Hjelle framhevar spesielt det svært gode lynnet til Fjelltor. Hingsten har vore mykje i avlen, og etterkomarane har allereie byrja å vise seg fram og gjere det bra på unghestsjå. Ninjar vart treårsspiss Ninjar vart spiss blant treåringane i år. Han er oppdretta av Jan Even Myklebust i Ørsta og eigd av Svein E. Hafstad og Elisabeth Hafstad i Førde. Ninjar vart også dagens hest på utstillinga. Korkje Bjørlos Liniko, eigd av Kari S. Bjørlo frå Eid, eller Arappaho, eigd av Olav Rune Seljeset og Malin Renate Seljeset frå Hornindal, kom gjennom nålauget, og dei måtte reise heim utan at treårshingstane deira vart kåra. Balder Mann og Ronnjo Blant dei fire- og femårshingstane som i år var inne til utvida bruksprøve, var det Balder Mann som vart spiss. Han fekk andrepremie og raud sløyfe. Oppdrettar er Anita Åsbakk Myromslien frå Kvam, som også er eigar. Blant hingstane seks år og eldre var det Ronnjo som var einaren og kunne smykke seg med førstepremie og den andre kvite sløyfa under utstillinga. Oppdrettar er Jonas Vevle og eigar Janne Seilen frå Vang i Hedemark.
Les meir om hingsteutstillinga i Fjordabladet tysdag. |
|||
Nyhende
Publisert 19.06.2013 - 16:04
− Det vil bli endringarPOLITIKK/HELSE: − Den dagen Framstegspartiet (Frp) overtek Helse- og omsorgsdepartementet, vil det bli endringar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
|





