Nyhende |
|||
|
Av Anna Wuttudal 04.05.2012 kl. 16:22
Hingsteutstillinga er i gangHestefolket oppmodar publikum om å ta turen til sentrum og Øyane i morgon for å få med seg opptog, oppvisning, stemning og høgdepunkt under årets hingsteutstilling. - Fjordhestinteressa er nede i ein bølgjedal. Dess fleire som møter opp og støtter opp, dess meir optimisme blir det for framtida, seier leiar i Utstillingsnemnda, Olav Rune Seljeset. Her saman med nestleiar Tone Smørdal og Kari Sefland Bjørlo, som stiller med treåringen Bjørlos Liniko. Laurdag er den store dagen med kvalitetsoppstilling og premiering, men først er det opptog der dei utstilte hingstane går frå Utstillingsplassen i Øyane, gjennom rundkøyringa forbi Rutebilstasjonen og gjennom Eidsgata til avstikkaren ved Hildenes gartneri der opptoget går opp mot Lotevegen og tilbake til Øyane. Deretter vil elevar ved Fjordane Folkehøgskule gjennomføre show på Utstillingsplassen før spenninga blir utløyst og dommaren sin dom vert avsagt. Då får vi vite kven som blir premierte og kan bli avlshingstar og kven som må nøye seg med å bli kastrerte ridehestar eller pølse. Les meir i Fjordabladet i morgon. |
|||
Nyhende
Publisert 18.05.2013 - 14:34
Firdaskuta som gjekk ned i fjordfylket– Sogn og Fjordane titulerer seg som både trivsels- og framtidsfylke, men sanninga er at vi først og fremst er eit fylke der gamal strid mellom fogderia stadig minner oss på at vi heng att i fortida, skriv Peder Lofnes Hauge og oppmodar fylkestinget til å motbevise at det er slik. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 21:08
17. mai avslutta med rekordstort TappenstrektogNORDFJORDEID: Feiring av nasjonaldagen på Nordfjordeid vart avslutta med eit rekordstort Tappenstrektog. Nils Ola Strand sine levande bilete frå Tappenstreken finn du her » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 16:52
– Dei som kjem til oss skal trivastHAUGEN: På Haugen heldt i år sjuandeklassingane Marhe Bjørhove og Håvard Kjøsnes hovudtalen på nasjonaldagen. I talen tok dei to flotte ungdomane fram kor viktig det er at dei som kjem til oss skal trivast og bli integrert. – Det gjeld jo ikkje berre i forhold til flyktningar, men eigentlig alle som flytter til kommunen eller bydga vår. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2013 - 12:20
Fantastisk start på nasjonaldagfeiringa i EidNORDFJORDEID: Nasjonaldagfeiringa i Eid starta med salutt og revelje lenge før dei flest av oss hadde fått opp augo. Eit av dagens høgdepunkt er alltid barnetoget på Nordfjordeid. I år var toget større og vakrare enn nokon gong. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 23:59
Vil ta ei avgjerd– Vi kan ikkje ha ståande tomme skular. Det seier leiaren for hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV). Han reknar med at det vert gjort eit skulestrukturvedtak på fylkestinget i juni. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 19:56
Jubla for nytt vegsambandI dag var det vegopning på Bremangersambandet og siste tur for ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 16:41
– Eid vidaregåande kjem greitt utUTDANNING: – Sett frå min og Eid vidaregåande skule (Eid vgs.) sin ståstad, så ville det vere heilt urealistisk å tru at vår skule kunne gå gjennom denne prosessen utan å bli råka på ein eller anna måte. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 15:08
– Fritt skuleval - eit ideologisk prinsippPOLITIKK: For Høgre er det eit ideologisk prinsipp med fritt skuleval for elevane - og på tvers av fylkesgrensene. Det er difor klart at Høgre vil jobbe for at Hordalandsavtalen skal halde fram. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2013 - 10:19
Vil leggje ned tre vidaregåande skularFØRDE: Fylkesrådmann Tore Eriksen foreslår i si tilråding for framtidig vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane at dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn vert avvikla. I tillegg føreslår fylkesrådmannen å avvikle avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 15.05.2013 - 16:41
– Eit steg i rett retningNorges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har no blitt samde med Staten om ein ny jordbruksavtale som skal gi 31.000 kroner i auka inntekt per årsverk. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 15.05.2013 - 14:55
Minus 12 personar i EidEid kommune har hatt ein nedgang i folketalet på 12 personar i 1. kvartal 2013, og kommunen hadde ved utgangen av mars 5.908 innbyggjarar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 15.05.2013 - 14:40
Barnehagane feira nasjonaldagenTradisjonen tru tjuvstarta barnehagane i Eid kommune feiringa av nasjonaldagen med tog gjennom sentrum. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 15.05.2013 - 09:11
Solid siger for Eid sine gutarFOTBALL: Eid1, gutar 12 år, gjorde ein skikkeleg jobb i kampen mot Hyen på Eid Idrettspark måndag kveld. Samtlege utespelarar scora i 12-3-kampen » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.05.2013 - 16:26
Betre lønsemd i landbruketPOLITIKK: – Vi krev at lønsemd og inntektsmogelegheiter vert sterkt styrka i høve til tidlegare og at jordbruksoppgjeret får ei innretning som høver for landbruket på Vestlandet. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.05.2013 - 15:49
Skal leie nytt utviklingsselskapNÆRING: Kristin Maurstad skal leie det nystarta selskapet Innovatitt AS, som skal jobbe med utvikling av det maritime og teknologiske miljøet i Måløy. » Les heile saka |





