Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 03.05.2012 kl. 16:37
Framtidas lokalsjukehus tek formHELSE: – Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus tek no fatt på si hovudoppgåve: Å definere kva tenester som kan og bør ytast til befolkninga lokalt.
– Fleire arbeidsgrupper greier no ut ulike typar dagbehandlingsaktivitetar, andre polikliniske tilbod, og tiltak som støttar og utfyller kommunehelsetenesta, seier Odd Søreide, leiar i styringsgruppa for «Framtidas lokalsjukehus i Nordfjord. Her er Odd Søreide i samtale med overlege Jon Sverre Arnestad. (Foto: Finn Ove Njøsen, Helse Førde.)
Dette seier Odd Søreide, leiar for styringsgruppa for «Framtidas Lokalsjukehus» i Nordfjord.
– Framtidas tenestetilbod ved sjukehuset må byggast på dei behova folk i Nordfjord har for spesialisthelsetenester. Vi veit at majoriteten av pasientar som blir tilviste til sjukehusa treng polikliniske tilbod. Ved Nordfjord sjukehus er det derfor viktig å få på plass eit velfungerande og breitt poliklinisk tilbod, seier Odd Søreide og legg til at for dei fleste pasientar er poliklinikken første møte med sjukehuset.
– Her finn konsultasjonar med lege eller sjukepleiar stad. Nokre pasientar får behandling ved første konsultasjon, andre blir kalla inn til vidare undersøkingar, seinare behandling, eller blir innlagt. Pasientar med kronisk eller alvorleg sjukdom går til regelmessige kontrollar ved poliklinikk og hos fastlege.
Breiare poliklinisk tilbod – I forståing av denne viktige funksjonen, har Helse Førde og Helse Vest sagt at lokalsjukehuset skal ha eit breiare poliklinisk tilbod enn det som finst i dag. Helse Førde er no i gang med å etablere polikliniske funksjonar ved Nordfjord sjukehus innan øyre- nase- hals, auge, barnesjukdomar, hud, gynekologi/fødepoliklinikk/svangerskapsomsorg, ortopedi, indremedisin og kirurgi. Utviklingsprosjektet har støtta dette i møte 25. april, seier leiaren for styringsgruppa Odd Søreide og legg til at poliklinikkane vil drivast av legar/spesialistar frå Helse Førde. Vidare at dei vil få støtte frå sjukepleiarar og andre ved Nordfjord sjukehus.
– Utviklingsprosjektet vurderar også om lokalsjukehuset bør ha ytterlegare tilbod. Fleire arbeidsgrupper greier no ut ulike typar dagbehandlingsaktivitetar, andre polikliniske tilbod, og tiltak som støttar og utfyller kommunehelsetenesta, seier Odd Søreide.
Les heile saka med Odd Søreide i avisa laurdag.
4
Det ser no so flott ut,men er fortsatt veldig skeptisk. Forstår ikke at det er leger fra Förde som skal vere der når det var et slikt flott team som var på Eid.
- Av Inga marie Aamot. 07.05 (21:24)
3
Ja, det skal bli spanande å sjå kva som står i Fjordabladet i dag. Eg og fleire lurer verkeleg på kva HF og gruppene greier å få ut av 50 mill kroner (25 mill er visst alt sett av til rus) Får vone det ikkje endar opp i ein rapport som viser kor gode vi kunne ha vore. Då J Bolstad orienterte på kommunestyret i Eid fekk eg den kjensla at det er den vegen det går...
- Av sjukehusaksjonsmedlem 05.05 (10:50)
2
Genialt opplegg. Legane skal pendle i ein evig runddans medan pasientane brukar dagen til å vente og sjå om dei dukkar opp istorm og snøkave. Dei store tenkjarane i Helse Førde har vel ein plan som vi andre med lav IQ ikkje er i stand til å begripe - Av Bjørn A. Jacobsen 03.05 (23:46) 1
Ja gjer vel og etabler fødeavdelingen igjen og i det minste dagkirurgi innan ortopedi med lokale kirugar. Slik at arbeidstida vert nytta til operativt arbeid. Og ikkje personell fra Førde som skal bruke halve arbeidsdagen til å pendle til og fra Eid
- Av jiuy 03.05 (18:29)
|
|||
Nyhende
Publisert 19.06.2013 - 16:04
− Det vil bli endringarPOLITIKK/HELSE: − Den dagen Framstegspartiet (Frp) overtek Helse- og omsorgsdepartementet, vil det bli endringar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
|






Det ser no so flott ut,men er fortsatt veldig skeptisk. Forstår ikke at det er leger fra Förde som skal vere der når det var et slikt flott team som var på Eid.