Nyhende |
|||
|
Av Inger Træen 02.05.2012 kl. 19:04
Kvinnene tek taumane i fjordhestlagetFor første gong i Norges fjordhestlag si 63 år lange historie har dei fått ei kvinne som leiar. Historisk er også kvinneleg fleiretal i styret. Historisk fleirtal for kvinnene i styret i Norges fjordhestlag. Frå venstre Anni Dreyer Fladby, Gunnar Bruland, leiar Janne Seilen, Knut R. Thunheim og Anne-Karin Løken. På årsmøtet i Norges fjordhestlag i dag blei Janne Seilen (27) vald som ny styreleiar. Ho tek over etter Kristian Bakken som har sete i tre år. Ny i styret er også Anne Karin Løken frå Nordfjordeid og Anni Dreyer Fladby. Og med fem styremedlemmer, der to er menn, har kvinnene for første gong i historia fleirtal i det nasjonale laget for fjordhesten. Årsmøtet på Nordfjordeid i dag valde den nye leiaren med 31 for, og tre blanke stemmer. Dermed har ho årsmøtet i ryggen når ho no skal til på oppgåva med å føre fjordhesten inn i framtida. -Fjordhesten står ovanfor store utfordringar i høve til fare for innavl med berre rundt 140 fødde føl dette året. Men vi må brette opp armane og vere optimistar. Ikkje minst er meir bruk av fjordhesten til køyring og riding i konkurransar vegen å gå for å få opp talet på fødde føl i åra framover, sa Seilen etter at ho fekk årsmøtet sin tillit i dag. Jannne Seilen frå Lonevåg er i dag styreleiar i Osterøy fjordhestlag, og har i to år vore styremedlem i Norges fjordhestlag. Ho har mastergrad i husdyrvitenskap, studieretning avl og genetikk, ved Universtitet for miljø- og biovitnskap, tidlegare Norges landbrukshøgskule. Der ho har skrive masteroppgåve om innavl på fjordhesten. Til dagleg arbeider ho som avlsleiar ved Norsvin på Hamar. Den nye leiaren er også stemneleiar for NM i fjordhest som blir arrangert på Voss i midten av juli.
|
|||
Nyhende
Publisert 16.06.2013 - 11:25
Slått ned - sendt til sjukehusPOLITI: Politiet melder om ei roleg helg i Eid. I Stryn, Gloppen og Vågsøy melder politiet om både slåsting og ordensforstyrrelsar. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 14.06.2013 - 21:54
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:58
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:22
Brannutrykning på EidKlokka 16.49 torsdag ettermiddag fekk brannvernet i Eid meldling om branntilløp i ein bustad på Eid. Brannvern og Politi rykte ut til bustaden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 21:09
Hamna utfor vegenHJELLE: Ein bilførar var uheldig og hamna utfor vegen på Fossebakken på Hjelle torsdag kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 13.06.2013 - 10:53
Jubileum som varmaFOTBALL: Ingen var meir populær enn Azar Karadas, då Eid Fotball feira idrettslaget sine 150 år onsdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 17:00
Den framtidige skulestrukturen vedtekenPOLITIKK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag onsdag skulebruksplanen for den vidaregåande skulen i fylket. Det endelege vedtaket, etter framlegg frå dei raudgrøne partia Ap, Sp og SV, vart til slutt vedteke samrøystes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 12.06.2013 - 13:08
Sogndal kjem med stjernegallerietFOTBALL: Her får du Sogndal sin tropp til jubileumskampen mot Eid i kveld. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 23:15
Forsvarer den raudgrøne skulesemjaFylkespolitikar frå Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) forsvarer den nye raudgrøne semja der frisørlinja er fjerna frå Eid vgs. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 11.06.2013 - 20:33
Flyttar til Ålesund for å bli FrisørRenate Beddari (16) vil til hausten flytte frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal sidan det ikkje blir frisørlinje på Eid. » Les heile saka |





