Sport |
|||
|
Av Yngve Tolaas 14.01.2012 kl. 20:29
Ingen problem for Rune (58) å henge med i 4. divisjonRune Hestenes fyller 59 år til sommaren, og har ingen planar om å legge opp som handballspelar.
I dagens heimekamp mot Valder skaffa superveteran Rune Hestenes tre straffekast og scora sjølv eitt mål for Eid. (Foto: Yngve Tolaas)
- Handball er kjempemoro. Minst like moro som før, seier 58-åringen.
Han byrja med handball som 16-åring. Sett vekk frå kortare opphald i militæret og skulegang, har han spelt handball heile tida.
- Så lenge eg synest det er kjekt og eg får lov til å vere med, ser eg ingen grunn til å slutte, seier han.
Han synest det er heilt greitt at han kunne vore bestefaren til fleire av medspelarane.
- Eg blir litt terga i garderoben, men det er heilt greitt. Litt må ein tole når ein er så godt vaksen som eg er, ler Hestenes.
Å drive med ein kontaktidrett som handball i ein alder der dei fleste har slutta med slikt for fleire tiår sidan, er heilt problemfritt, hevdar han.
- I morgon vaknar eg frisk og rask. Eg skal på Harpefossen, der eg både skal vere parkeringsvakt og køyre på ski, flirer Hestenes.
Og kampen mot Valder vann Eid 31-19. Toppscorar for heimelaget blei ungkalven Bjørn Brekke (40) med seks mål.
|
|||
Sport
Publisert 14.06.2013 - 21:57
− Vi rota bort 2-0 leiingaFOTBALL: − Vi hadde full kontroll på Breimsbygda/Sandane. Vi slepte dei inn i kampen og rota truleg bort ein trepoengar dei siste 20. minutta av første omgang. » Les heile saka |
|
Sport
Publisert 13.06.2013 - 21:56
Uavgjort mellom Eid og FjøraFOTBALL: Eid og Fjøra scora kvart sitt mål i 4. divisjonsoppgjeret. Fjøra tok leiinga i kampen, etter at Bjørn Totland fekk eit balltap på midtbanen. Utlikninga til Eid kom etter ein vakker lobb frå vel 40 meter av Ove Balsnes. » Les heile saka |
Sport
Publisert 14.01.2012 - 20:29
Ingen problem for Rune (58) å henge med i 4. divisjonRune Hestenes fyller 59 år til sommaren, og har ingen planar om å legge opp som handballspelar. » Les heile saka |
Sport
Publisert 14.01.2012 - 13:43
13 bom på jaktstartenSKISKYTING: Ronny Hafsås mislukkast totalt på dagens jaktstart i IBU-cupen. » Les heile saka |
Sport
Publisert 13.01.2012 - 14:05
Hafsås til topps i IBU-cupenSKISKYTING: Ronny Hafsås vann i dag sprinten i IBU-cupen i franske Haute Maurienne. » Les heile saka |
Sport
Publisert 08.01.2012 - 18:31
Sølv til Elise Skeide BakkeSKISKYTING: Elise Skeide Bakke slo til og sikra seg sølv i dagens normaldistanse i Kvalfoss-sprinten. » Les heile saka |
Sport
Publisert 08.01.2012 - 18:28
18. plass på HafsåsSKISYKTING: Ronny Hafsås enda på ein 18. plass i dagens sprint i IBU-cupen. » Les heile saka |
Sport
Publisert 07.01.2012 - 20:42
58. plass på Bødal i sprintenLANGRENN: Isak Flo Bødal slo ikkje til i dagens sprintoppgjør i norgescupen for juniorar. » Les heile saka |
Sport
Publisert 07.01.2012 - 16:45
Skuffa over 56. plassRonny Hafsås kom på 56. plass under normaldistansen 20 km i IBU-cupen i Forni Avoltri i dag. - Skuffande, seier han sjølv. » Les heile saka |
Sport
Publisert 07.01.2012 - 15:57
Tre bronsar i Kvalfoss-sprintenSKISKYTING: Det var jentene sin dag i Kvalfoss-sprinten laurdag. Andrea Skeide Bakke, Elise Skeide Bakke og Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL greidde alle å ta seg til pallen i kvar si klasse. Jørn Smørdal Botn hadde den største skuffelsen. Med fem skivebom i andre skyting var rennet øydelagd. » Les heile saka |
Sport
Publisert 06.01.2012 - 15:20
6. plass til BødalLANGRENN: Skiskyttaren Isak Flo Bødal kom på ein sjetteplass i dagens 10 km langrenn friteknikk (M17) i norgescupen for juniorar på Lygna. » Les heile saka |





