Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 24.06.2011 kl. 20:23
Nordfjord Psykiatrisenter sier opp mellom seks og åtteHELSE: – Vi har i dag eit budsjett som ikkje er i samsvar med drifta. Derfor må vi no kutte fem årsverk, seier Trond Aarre, avdelingssjef ved Nordfjord Psykiatrisenter som informerte dei tilsette om kutta fredag ettermiddag.
Avdelingsleiar Trond Aarre ved Nordfjord Psykiatrisenter orineterte fredag dei tilsette om at det no blir kutta fem årsverk ved senteret. (Foto: Tormod Flatebø.)
– Når vi må innrette oss etter det budsjettet som vi faktisk har, så reduserer vi sengetalet ved å slå saman to døgnpostar til ein. Vi meiner at ved å gjere det på denne måten så blir pasientane minst skadelidande, seier Trond Aarre og legg til at terskelen kan bli noko høgare for innlegging, men at det er ei gledeleg utvikling som viser at etterspurnaden etter døgnplassar er færre no enn tidlegare.
Auke og utvikle – Regjeringa har i eit vedtak for ei tid tilbake gjort det klart at rusposten i tilknyting til psykiatrisenteret skal settast i drift. Samstundes vert det sagt at ein skal vurdere og styrkje og utvikle Nordfjord psykiatrisenter. Korleis heng dette saman med at ein no må kutte i talet på årsverk? – Det er tankevekkande. Det er heilt klart at vi helst skulle sett at vi kunne auke og utvikle tenestene i staden for å kutte, men realiteten er no slik den er. Vi har eit ansvar for at drift og budsjett er i balanse.
Ikkje fast tilsette – Betyr kutta at fast tilsette vil bli sagt opp? – Ingen fast tilsette vil bli sagt opp. Kutta vil ramme midlertidig tilsette, som ikkje vil få sine avtalar forlenga, seier Aarre. – Kor mange midlertidig tilsette blir råka av innskrenkingane? – Eg har ikkje noko heilt presist tal på kor mange personar som blir råka, men det kan vel vere snakk om seks til åtte personar, seier Trond Aarre som informerte dei tilsette ved Nordfjord psykiatrisenter på eit personalmøte fredag ettermiddag.
3
"Vi meiner at ved å gjere det på denne måten så blir pasientane minst skadelidande, seier Trond Aarre"Pasientene lider under dette. Under måltidene er det plass til maks 10 personer (8 pasienter og to ansatte), det er utrolig dårlig plass. Når man da sliter med å spise sammen med kun en annen person, så blir det uutholdbart å spise med mange andre. Sammenslåingen har ført til mye styr, som igjen er vanskelig for pasienter som trenger stabilitet og ro. Det var en grunn til at vi var delt i Post 1 og Post 2. Og logikken med å åpne Post 3/rusposten når økonomien ikke holder for Post 1 og Post 2? - Av Bekymret 23 år 04.07 (22:20) 2
Men man lurer jo litt når de ikke greier å hjelpe de som har behov for det i dag,hordan skal de greie det hvist den nye rusposten åpner ? Kansje de burde få inn litt mere fagpersoner som kan jobben sin ! Å ikke bare syte ! For mitt vedkommende kan de legge ned hele psykiatritjenesta.
- Av Våkn opp 26.06 (21:27)
1
I verdens rikeste land kutter vi i tilbudet til psykiatriske pasienter. Ruspost klarer en ikke å drive. Lokalsykehuset sine tilbud kuttes. Hvor rike ER vi egentlig?
- Av Tankefull 24.06 (22:43)
|
|||
Nyhende
Publisert 22.05.2012 - 14:37
Ulsteinvik mest attraktivNordfjordeid nådde ikkje heilt opp i konkurransen om å bli utnemnt til den mest attraktive staden i landet. Måndag vart det klart at Ulsteinvik stakk av med tittelen. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 22.05.2012 - 08:41
Ein tippar med elleve retteJonny Melby frå Vestby var beste tippar i den femte runden av lokaltipset med 11 rette. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.05.2012 - 00:34
Bønder til byenNatt til mandag reiste to busslastar med bønder frå Sogn og Fjordane til Oslo for å protestere på jordbruksoppgjeret. Blant demonstrantane var ni bønder frå Eid. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 19.05.2012 - 16:41
Kunsthelg i EidLaurdag vart ein dag for kunst på Nordfjordeid. Då opna det nye Galleri Eikås i annekset til Yris hotell, samstundes som utstillinga av Kalenderdamer 2012 vart opna i Kulturhuset Gamlebanken. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 18.05.2012 - 22:33
Siger og klar tabelltopp til EidDamelaget til Eid kjempa seg frå 0-2 til 3-2 mot Stryn fredag kveld. Dermed kapra dei tabelltoppen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 18.05.2012 - 13:22
Søkjer sponsorar til ny kunstgrasbaneFOTBALL: Eid IL Fotball tilbyr privatpersonar og næringsliv å bli profilerte som sponsorar for den nye kunstgrasbana bak Valhall. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2012 - 19:37
-Makta treng inga grunnlovDette er ein dag det er mange grunnar til å feire, og vi har nok alle våre eigne grunnar. Nokre feirar at dei er ferdige med 13 års skulegong, nokre feirar at dei har fått spele med korpset for første gong, og dei fleste feirar Noreg i raudt, kvitt og blått. Og litt grått. Slik opna Sveinung Rotevatn, då opna tale for dagen på Plassen på Nordfjordeid. Bilete frå Folketoget og arrangementet på Plassen finn du her! » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.05.2012 - 11:42
Flott start på Nasjonaldagen17. MAI: Det vart ein flott start på nasjonaldagen på Nordfjordeid. Barnetoget på Nordfjordeid var større og flottare enn nokon gong. Bilete frå 17. mai-feiringa i Eid kommune. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 20:15
Stryn best i lokaloppgjeretStryn hadde full kontroll i 16. mai-kampen mot Eid, og kunne reise heim med siger 4-0. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 15:21
Lars Svein Drabløs på 3. plass på FrP-listaVAL 2013: Nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane Frp har lagt fram si endelege innstilling til stortingsliste. Lista vert toppa av fylkesleiar Frank Willy Djuvik. Lars Svein Drabløs (bletet), frå Eid, er innstilt på 3. plass. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 12:56
Åleinevinnar i fjerde rundeChristian Helgheim (Førde) var einaste tippar med 11 rette i den fjerde runden av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 12:35
Barnehagetog i solskinDet tradisjonsrike barnehagetoget i Eid gjekk i strålande solskin i dag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 12:11
Rotary-pris til «Ei Mor frå Nordfjord»HEIDERSPRIS: Janne Endal Andersson er tildelt Rotary sin fremste heiderspris. Prisen får ho for den store innsatsen ho har lagt for dagen for å bevare Nordfjord sjukehus som eit lokalsjukehus. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 16.05.2012 - 11:57
Ny innbyggjarrekord i EidFOLKETAL: Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at folketalet i Eid per 1. april 2012 er på 5.956. Det er det høgaste innbyggjartalet registrert i Eid kommune nokon sinne, seks fleire enn ved årsskiftet, og 100 fleire enn for berre to år sidan. Det er både fødselsoverskot og netto innflytting til kommunen i 1. kvartal 2012. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 15.05.2012 - 17:33
27 millionar til opprusting av fylkesvegar etter DagmarPOLITIKK: – Med denne summen, er det lite truleg at vi får dei midlane vi har søkt om som kompensasjon, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes, etter at regjeringa har sett av 145 millionar i revidert budsjett som kjelp til opprydding etter «Dagmar». » Les heile saka |




"Vi meiner at ved å gjere det på denne måten så blir pasientane minst skadelidande, seier Trond Aarre"