Nyhende |
|
Eid tapte mot Sogndal
Sogndal kom torsdag kveld til Eid Stadion med ein av sine aller beste startoppstillingar. Med spelarar som Håvard Flo, Tommy Øren og ikkje minst dagens beste spelar Henrik Furebotn i startoppstillinga, vart Eid til tider overkjørt i første omgang. Sogndal starta utan tvil kampen best. Med høgt tempo og presisjon i pasningsspelet skapte dei fleire store sjansar i byrjinga av kampen. Etter 13 minutt kom det første målet til Sogndal for dagen ved U-landslagsspelaren Gustav Valsvik. Eid spelar etter dette betre, men i det 25. speleminutt får Håvard Flo gjere det han kan best. Nemleg å stange balle i mål. 2-0 til Sogndal. Berre to minutt seinare scorar dagens beste spelar Henrik Furebotn til 3-0 for Sogndal. Furebotn får ballen på om lag 22 meter, og sender den i det lengste hjørne. Ei scoring av det vakre slaget. Nokre minutt før kvilen får Eid sin største sjanse i første omgang ved Christoffer Hafsås. Hafsås dreg av to mann inne i 16-meteren før han prøver eit skot med venstrebeinet. Dessverre for Eid kjem Hafsås litt skrått på mål, og keeper for Sogndal i kampen mot Eid, Joseph T. Bendik, reddar skotet greitt. Rett før pause er den evigunge Håvard Flo på rett plass til rett tid igjen for Sogndal, og dei kan dermed gå til pause med ei fortent leiing 4-0. Det er Eid som startar andre omgang best og Hafsås er nok ein gong farleg frampå etter berre tre minutt av andre omgang. Hafsås får ballen litt for langt framføre seg, og Sogndal sin keeper avvergar forsøket. I det 61 minutt får Sogndal ei soleklar straffe. Tommy Øren held hovudet kaldt og scorar sikkert. 5-0 til Sogndal. To minutt seinare har Eid eitt av sine beste angrep for dagen. Ballen går raskt i lengderetning og endar med ei avslutning som det vart corner av. På den påfølgjande corneren viser Eid sin beste spelar for dagen, Ove Balsnes, kor sterk han er i lufta. Ole Andreas Solheim slår ein god corner inn i feltet. Der ruvar Balsnes eit hovud over alle andre og stangar inn trøystemålet 5-1 til stor applaus frå dei om lag 250 tilskodarane som hadde tatt seg turen til Eid stadion. Etter dette tar Sogndal igjen over føringa i kampen, og i det 81. minutt scorar Ahyee Aye Elvis dagens siste mål på Eid stadion etter nok ein god corner frå Henrik Furubotn. Sogndal vinn kampen 6-1 Les meir i laurdagsavisa |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 00:48
Skal utgreie ferjefri StigedalstraséFramtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 12:27
Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing
Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 18:14
Helse2020-strategien skal reviderast- Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:56
Krev norsk musikk til frukostenKanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:29
Nordfjordbru for framtida– Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. » Les heile saka |





