Spill

Meningsmåling

Er du villig til å betale bompengar, tilsvarande ferjetakst, for å finansiere bru over Nordfjord ved Lote Anda?



  • 174%
     
  • 225%
     
  • Antall stemmer: 456

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 25.07.2010

    13.000 på Malakoff Rockfestival

    Nok ein gong kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal notere rekordhøge publikumstal på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Fredag var det 6.000 publikummarar inne på festivalområdet, og i går var det over 7.000.  

     I fjor var det eit veldig godt år med til saman kring 10.000 dei to festivaldagane, og vi hadde håpa å gjenta det vi gjorde i fjor. Dette er heilt enormt. Malakoff Rockfestival har blitt ein av Norges aller, aller kulaste rockfestivalar, seier ein strålande fornøgd festivalsjef dagen derpå.

     

    Årets Malakoffarrangement var ein god del større enn fjorårets, med musikk vekselvis på to scener og dermed langt meir krevjande enn tidlegare. Men det har gått på skinner.

      Naustdal er svært godt nøgd både med det musikalske og med gjennomføringa elles. Sjølv om det har vore svært mykje folk, kjenner han ikkje til at det har vore alvorlege hendingar i samband med arrangementet.

    – Det er nesten rørande korleis folk har stilt opp for å hjelpe til, seier festivalsjefen som skryter uhemma av lokalbefolkninga sin innsats.

     

    Arrangørane reknar med at kring 550 frivillige, inkludert servering, har hjelpt til, i tillegg til 100-150 på festivalcampen som forballgruppa i Eid IL har hatt ansvaret for.

        Det er all grunn til å vere stolt av innbyggjarane i Eid, og innbyggjarane har all grunn til å vere stolte av Malakoff Rockfestival, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

     

    Frå politiet vert det meldt om nokre episodar i samband med festivalen.  

    Fredag kveld vart ein mann i 20-åra sikta for bruk av narkotika på Nordfjordeid. Mannen erkjente bruk av hasj og amfetamin.

      Seinare om natta vart ein rusa person i 20-åra fjerna frå festivalområdet til Malakoff, etter å ha bråka med vaktene der. Han vert meldt for forholdet.

     

    Laurdag kveld vart ei overstadig rusa jente i tenåra teken hand om av Røde kors og politi på festivalområdet til Malakoff på Eid. Jenta vart vidare overlevert til sin familie.

       Seinare om natta vart ei overstadig rusa kvinne pågripen av politiet på Eid og innsett i arrest. 


     

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:53
    joakim hauge 1.jpg

    Tredje strake uavgjort

    Eid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 00:48
    brualternativ stigedalen nett1.jpg

    Skal utgreie ferjefri Stigedalstrasé

    Framtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 02.09.2010 - 12:27
    bjørn sandnes1.jpg

    Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing

    Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 18:14
    oddvar nilsen1.jpg

    Helse2020-strategien skal reviderast

    - Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:56
    kanutte ved frukostbord nett1.jpg

    Krev norsk musikk til frukosten

    Kanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:29
    mats andersson og avis 2 nett1.jpg

    Nordfjordbru for framtida

    – Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 16:03
    nordfjord sjukehus 2 nett1.jpg

    - Har i praksis starta nedbygginga

    Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap) har på vegner av Eid kommune sendt brev til Helse Vest RHF der ho ber dei om å stoppe gjennomføringa av strategiprosessen til Helse Førde.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 14:34
    reidar sandal1.jpg

    Nynorsk kultursentrum skal drive Hauge-senteret

    Nynorsk kultursentrum i Ørsta tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 14:22
    terje riis johansen1.jpg

    Fire utval skal greie ut om sjøkabel

    Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen set ned fire uavhengige utval som skal gjennomgå sjøkabelalternativet i Hardanger på nytt.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:21
    stig h1.jpg

    Høynes i tet

    Mannen bak fylkets mest populære fotballweb, er også den beste tipparen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 30.08.2010 - 14:38
    fire ser hit nett1.jpg

    - Stormannsgalskap

    På Øvre Lotsberg er motstanden massiv mot å byggje bru mellom Lote og Anda. – Det er rein stormannsgalskap, meiner Lise Grønbukt og får støtte frå Bjørn Stølen, Anita Lotsberg og Anne Britt Lotsberg.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 30.08.2010 - 11:33
    drabløs11.jpg

    Bompengekrangel i Frp

    Det er intern usemje om bompengefinansiering av større samferdsleprosjekt i Framstegspartiet (Frp). Lars-Svein Drabløs seier ja til bompengefinansiering av Nordfjordbru. Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier konstant nei.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 29.08.2010 - 21:50
    hestesko nett1.jpg

    Viste kven som er sjefen

    Tollef Årdal frå Jølster er regjerande Norgescupmeister i hesteskokasting.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 28.08.2010 - 19:32
    nett1.jpg

    Stryn vann lokalderbyet

    Stryn vann 3-1 på Eid stadion i dag, framfor 400 tilskodarar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 15:57
    sonja og ryss nett1.jpg

    Står samla om Nordfjord-bru

    Politikarane i midtre samlar seg om ferjefri fjordkryssing og utvikling av det som vil kunne bli eit kraftsenter, ja sjølve indrefileten av Nordfjord. Torsdag hadde kommunane Eid og Gloppen felles formannskapsmøte der planane for Nordfjordbrua på E39 mellom Lote og Anda stod sentralt.

    » Les heile saka