Nyhende |
|||||
Vanvittig rockfestPå festivalområdet var det menneske så langt auga kunne sjå, og under konsertane var det vanvittig stemning.
Under årets finaste sommardag hittil, kunne festivalfolket nyte vanvittig rockstemning. Festivalfredagen hadde store namn på plakaten, og då The Pink Robots, Enslaved, Thomas Dybdahl, The Cumshots og Big Bang hadde sine opptredenar var det enorm jubel blant publikum. The Pink Robots var årets lokale Malakoff-band, og for bandet med røter i Selje og Måløy varma det openbart eit rockehjarte å få spele føre eit så entuisastisk publikum. Dei spelte på Amfiscena, og amfiet var praktisk talt fylt til randen av festivalfolk. Bandet passa på å kommentere kor stor pris dei sette på publikumet, og vokalist Hans Christian Helgsen ropte: – Vi elskar Sogn og Fjordane! Utan de hadde vi ikkje vore noko! Spesielt då bandet spelte låta "Curly", den som var A-lista på NRK P3, var lydnivået høgre enn nokon gong, og Helgesen oppmoda publikum om å vere med å synge. ¨ Thomas Dybdahl sørgde for eit vakkert og melankolsk show på scena. Musikken var både eksperimentell, moderne, personleg og utsøkt original, og artisten sjarmerte festivalfolket med si uskyldige framtoning. Ei lita tamburin med auge og bart var den einaste, men perfekte effekten Dybdahl hadde på scena. Då han sang sine mest kjende låtar, som blant anna "Cecilia" og "Love story", sang publikum med av heile sitt hjarte. Enslaved er blant pionerane i det ekstreme metal-miljøet, og det viste verkeleg igjen på scena. Med langt hår, ville blikk, gitarist i bar overkropp og skinnbukse, og med dødninghovud på scena, var det ei mystisk og skummel stemning blant det mest entusiastiske publikumet. Dei hadde eit forrykande show med fantastisk lydsetting, der dei bokstavleg talt slapp håret laust. Vokalisten brølte ut: - De er det beste festivalpublikumet hittil i sommar! The Cumshots hadde eit ellevilt show på Amfiscena, der Kristopher Schau framstod like "crazy" som han vanlegvis er. Schau hadde ein enorm energi, og hoppa og spratt rundt om kring over heile scena, heilt våt av svette. Bandet gav alt av seg sjølv, og det var nærast hyllest-tendensar blant publikum. Dei som stod nærast scena såg ut som om dei tilbad artisten, og sang med på alle sangane. Det var openbart noko Schau likte, for det såg ut som om han kjende seg som ein Gud på scena. Big Bang avslutta kvelden med nok ein suksess-konsert, akkurat som dei gjorde sist gong dei vitja Malakoff Rockfestival. Publikum nærast hoppa og spratt av glede, og på nærast alle songane kunne ein høyre publikum synge med. Rundt om kring stod det forelska festivalkjærastar, og spesielt under songen "Head over heels" blomstra kjærleiken. Vokalisten ropte også ut: – Er det nokon som er forelska her?, og svaret på det var openbart. Bandet framførte den legendariske "Girl in Oslo", og avslutta med det ein perfekt fredagskveld. |
|||||
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 00:48
Skal utgreie ferjefri StigedalstraséFramtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 12:27
Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing
Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 18:14
Helse2020-strategien skal reviderast- Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:56
Krev norsk musikk til frukostenKanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:29
Nordfjordbru for framtida– Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. » Les heile saka |





