Nyhende |
|||
Festivalstemning i GymmenIngrid Olava hadde æra av å tjuvstarte Malakoff Rocfestival med kickoffkonsert i Gymmen på torsdag.
Kring 250 personar fekk oppleve den vakre og stemningsfulle konserten som markerte starten på det som ser ut til å bli nok ei fantastisk festivalhelg.
- Dette var ein veldig flott start på festivalen, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal og legg til at dersom festivalen fortset slik, lovar det veldig godt. I glitrande paljettkjole og med vakker songstemme, trollbinda Ingrid Olava publikum. Songane handla om alt frå umogleg kjærleik, utruskap, dagen derpå og død. Mellom songane hadde ho ein dialog med publikum, der ho kom med humoristiske og ironiske kommentarar. Artisten gjekk frå scena med tampeklapp og eit samstemt "Vi vil ha meir, vi vil ha meir!" frå publikum, og kom derfor tilbake og spelte to ekstra songar. Ingrid Olava sett verkeleg publikum i festivalstemning og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal har berre ei oppmoding til dei som endå ikkje er i festivalmodus: − Ta på solkrem og shorts og kom på festival! |
|||
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 00:48
Skal utgreie ferjefri StigedalstraséFramtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 12:27
Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing
Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 18:14
Helse2020-strategien skal reviderast- Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:56
Krev norsk musikk til frukostenKanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:29
Nordfjordbru for framtida– Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 16:03
- Har i praksis starta nedbyggingaEid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap) har på vegner av Eid kommune sendt brev til Helse Vest RHF der ho ber dei om å stoppe gjennomføringa av strategiprosessen til Helse Førde. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 14:34
Nynorsk kultursentrum skal drive Hauge-senteretNynorsk kultursentrum i Ørsta tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 14:22
Fire utval skal greie ut om sjøkabelOlje- og energiminister Terje Riis-Johansen set ned fire uavhengige utval som skal gjennomgå sjøkabelalternativet i Hardanger på nytt. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:21
Høynes i tetMannen bak fylkets mest populære fotballweb, er også den beste tipparen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 30.08.2010 - 14:38
- StormannsgalskapPå Øvre Lotsberg er motstanden massiv mot å byggje bru mellom Lote og Anda. – Det er rein stormannsgalskap, meiner Lise Grønbukt og får støtte frå Bjørn Stølen, Anita Lotsberg og Anne Britt Lotsberg. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 30.08.2010 - 11:33
Bompengekrangel i FrpDet er intern usemje om bompengefinansiering av større samferdsleprosjekt i Framstegspartiet (Frp). Lars-Svein Drabløs seier ja til bompengefinansiering av Nordfjordbru. Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier konstant nei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 21:50
Viste kven som er sjefenTollef Årdal frå Jølster er regjerande Norgescupmeister i hesteskokasting. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 28.08.2010 - 19:32
Stryn vann lokalderbyetStryn vann 3-1 på Eid stadion i dag, framfor 400 tilskodarar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 15:57
Står samla om Nordfjord-bruPolitikarane i midtre samlar seg om ferjefri fjordkryssing og utvikling av det som vil kunne bli eit kraftsenter, ja sjølve indrefileten av Nordfjord. Torsdag hadde kommunane Eid og Gloppen felles formannskapsmøte der planane for Nordfjordbrua på E39 mellom Lote og Anda stod sentralt. » Les heile saka |





