Nyhende |
|
Ronny prioriterer skiskytingRonny Hafsås prioriterer verdscup i skiskyting i Kontiolahti denne helga, føre femmila i langrenn i Holmenkollen. Seint onsdag kveld blei det klart at Ronny fekk plass på Norge sitt lag i verdscupen i skiskyting. - Det er synd at det blir kollisjon mellom to så viktige renn, men skal eg ha noko håp om å bli tatt ut på landslaget neste sesong må eg prioritere verdscup i skiskyting, sa Ronny onsdag føremiddag før uttaket var klart. Årsaka til at Ronny no har fått plass til helgas verdscuprunde i skiskyting, er at Ole Einar Bjørndalen har meldt forfall på grunn av sjukdom. Verdscupen i finske Kontiolahti opnar med mix-stafett fredag. Dette rennet skal Ronny ikkje gå. Men stårheimaren er klar for sprint laurdag og jaktstart søndag. Alle renna blir sendt direkte på NRK1. Torsdag 18. mars startar verdscupavslutninga i Holmenkollen. Dette uttaket blir gjort etter at helgas verdscuprunde i Kontiolahti er ferdig søndag. - Ein av løparane som er med til Finland skal ut av troppen, då Ole Einar Bjørndalen vil vere klar igjen til Holmenkollen, seier idrettsjef i skiskyttarforbundet, Per Arne Botnan. Norge sin tropp til Kontiolahti: Frode Andresen (Hønefoss ssk) Lars Berger (Dombås IL) Tarjei Bø (Markane IL) Halvard Hanevold (Asker skiklubb) Aleksander Os (Ishavslaget) Emil Hegle Svendsen (Trondhjems skiskyttere) Ronny Hafsås (Stårheim IL) Akseli Kokkonen er tatt ut til helgas verdscuprenn i hopp i Holmenkollen. Her blir det kvalifisering laurdag, der ein må vere blant dei 50 beste for å få delta i rennet søndag. |
|
Nyhende
Publisert 30.07.2010 - 14:18
Prosten til Hong KongProst Rolf Schanke Eikum og kona Åshild har fått permisjon frå jobbane sine i ti månader for å jobbe som volontørar i Hong Kong for den kristne organisasjonen Areopagos. Avreisedatoen er 11. august. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 30.07.2010 - 13:10
Eid tapte mot Sogndal
Sogndal kom torsdag kveld til Eid Stadion med ein av sine aller beste startoppstillingar. Med spelarar som Håvard Flo, Tommy Øren og ikkje minst dagens beste spelar Henrik Furebotn i startoppstillinga, vart Eid til tider overkjørt i første omgang. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.07.2010 - 11:38
Sogndal til Eid i kveldSogndal sitt førstelag spelar treningskamp mot Eid på stadion i kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 28.07.2010 - 17:54
Bilulykke på NesEin gong mellom klokka 15.45 og 16.30 kom ein bil over i feil kjøreretning og trefte fjellveggen på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn. Politiet kan ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulykka. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 26.07.2010 - 14:29
Solrik maratonJan Birger Hansen frå Haugesund vart vinnar av Hornindalsvatnet Maraton 2010, som gjekk av stabelen i strålande sommarvêr sist laurdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 25.07.2010 - 13:25
Tok publikum til himmelsTimbuktu avslutta Malakoff Rockfestival med superhiten "Alla Vill Till Himmelen Men Ingen Vill Dø", og det var eit magisk augeblikk då heile den rekordstore publikumsmengda strekte hendene mot himmelen fulle av rockeglede. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 25.07.2010 - 11:04
13.000 på Malakoff RockfestivalNok ein gong kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal notere rekordhøge publikumstal på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Fredag var det 6.000 publikummarar inne på festivalområdet, og i går var det over 7.000. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 15:58
Festival for alleThe Blacksheeps var var første band ut på laurdag, og både store og små hadde møtt opp for å lytte til MGP Junior-vinnarane. Aldri før har det nok vore så godt oppmøte på opningskonserten på laurdagen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 12:31
Vanvittig rockfestPå festivalområdet var det menneske så langt auga kunne sjå, og under konsertane var det vanvittig stemning. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 10:13
Magisk MalakoffDet strøymde på med blide og forventingsfulle fans då Malalakoff Rockfestival opna dørene i går ettermiddag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.07.2010 - 15:23
Festivalstemning i GymmenIngrid Olava hadde æra av å tjuvstarte Malakoff Rocfestival med kickoffkonsert i Gymmen på torsdag. » Les heile saka |
Fjordabladet
Publisert 14.07.2009 - 15:21
Ansvarleg redaktør Tormod FlatebøDersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18 eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven) » Les heile saka |
|





