Nyhende |
|||
– Eit risikoprosjektHELSE: – Å legge ned fødeavdelinga i Nordfjord er eit risikoprosjekt for kvinner som har valt å bu i dette distriktet. Det meiner gynekologane Arne Järnbert og Godofredon Santander.
– Eg er sjokkert og uroleg. Det verkar som om det ikkje er pasientane, men økonomien som er i sentrum, seier Godofredon Santander som har vore gynekolog ved Nordfjord sjukehus i ti år. Gynekolog Arne Järnbert har i 15 år ført ein utrøytteleg kamp for å oppretthalde fødeavdelinga på Nordfjordeid. Han har redda liv, hindra fødselsskadar og argumentert for viktigheita av å ha ei fødeavdeling i nærleiken. Kvinner som skal føde vert vurderte som lågrisiko eller høgrisiko, men den erfarne gynekologen fortel at det ikkje er uvanleg at ein lågrisikofødsel kan bli til ein høgrisikofødsel, og då kan det vere avgjerande å ha mogelegheit for å ta eit hastekeisarsnitt.
– Heilt utruleg – Gong på gong ser eg at lågrisikofødslar blir høgrisikofødslar med bløding og anna elende. Vi som jobbar her vert ikkje spurde om råd. Ingen har spurt om kva eg meiner om å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid. At Helse Førde no med eit pennestrøk vil legge ned eit velfungerande fødetilbod med god kvalitet er heilt utruleg. Eg vart ikkje eingong invitert til strategimøtet, fortel Arne Järnbert.
Kommunesamarbeid I den nye modellen som Helse Førde no tilrår, vert det lagt opp til eit tett samarbeid med kommunane. Järnbert si erfaring er varierande kvalitet på dei vurderingane som vert gjort rundt om i kommunane i forhold til risikofødslar. Han er også skuffa over manglande vilje til satsing i ein del kommunar når det gjeld jordmorstillingar.
2
No går Helse-Norge i pluss.Berre Helse Førde har ikkje klart sin avtale til H V,så det blir nok harde og risikable krumsprang i åra framover.
- Av Loretta 11.03 (17:46)
1
Kan nokon ta ein telefon til Helseministeren og våre stortingspoltikere og fortelle dette? Samt legge ministeren på ei båre og kjøre 3 timer frå vår nordre kyst til Førde. Det er nesten like lenge å reise fra Otta til Oslo.
- Av Galskap 09.03 (11:17)
|
|||
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:51
Mykje partistøtte i valåret(NPK): Dei politiske partia fekk 71 prosent av inntektene sine i form av offentleg støtte i valåret 2009. Den offentlege støtta utgjorde klart største delen av inntektene til Framstegspartiet, skriv Statistisk sentralbyrå. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:09
Legerådet fryktar for nedlegging av Nordfjord sjukehusHELSE: Vi har lenge forsøkt, både internt og eksternt, å påverke dei mange prosessane vi har hatt for å unngå den utviklinga vi no ser realitetane av. Det har diverre vist seg å vere fånyttes. Dersom det går som skissert vil Nordfjord sjukehus vere nedlagt innan kort tid. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 08:33
Lite E39-engasjement i ytreFjordabladet har spurt Alfred Bjørlo i Måløy Vekst korleis ytre Nordfjord stiller seg til den kampen som no ser ut til å byggje seg opp mellom eit midtre og eit indre alternativ for framtidig E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 15:24
– Vegvesenet skal gjere ei fagleg vurdering– Vi skal gjere ei fagleg vurdering og er innstilte på å jobbe i full breidde, men det er sjølvsagt ein politisk prosess som vil avgjere kva som vert resultatet, seier prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 14:08
Rotevatn ny leiar i Unge VenstreSveinung Rotevatn (23) frå Nordfjordeid er innstilt som ny leiar i Unge Venstre. Dette kom ein einstemmig valkomité fram til tysdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |






No går Helse-Norge i pluss.Berre Helse Førde har ikkje klart sin avtale til H V,så det blir nok harde og risikable krumsprang i åra framover.