Nyhende |
|||
– Vi treng fødeavdeling i Nordfjord
HELSE: Barselkvinnene Stina Holvik frå Måløy og Eva Vikebakk frå Åheim meiner vi treng ei fødeavdeling i Nordfjord.
– Eg vil ikkje ha fleire barn dersom eg ikkje får føde på Nordfjordeid, seier Holvik som er frå Måløy og nettopp har fått barn nummer to. Ho har hatt raske fødslar og tykkjer det er rikeleg langt nok å reise til Nordfjord sjukehus. – Eg synest det har vore heilt fantastisk å kome hit for å føde. Det er ei heilt anna omsorg her enn det du får på ei større avdeling, seier ho.
45 minutt frå Åheim – Vanylven kjem ikkje innanfor ein times reiseavstand til Volda sjukehus. Det er kortare veg til Nordfjord sjukehus. Eg bruker berre 40-45 minutt hit frå Åheim og slepp ferje, seier Eva Vikebakk frå Åheim. Ho liker dårleg at det vert jobba for at alt skal til Volda. Det vil bli lengre veg til fødeavdeling også for ein del kvinner på Søre Sunnmøre. Dei to barselkvinnene meiner dei fødande fortener å bli tekne godt hand om og sleppe å bli frakta langt av stad, med den risikoen det inneber.
Negativt for folketalet Holvik og Vikebakk fryktar at nedlegging av fødeavdelinga kan verke negativt på lysta til å flytte heim. Dårlegare tryggleikskjensle på grunn av lang veg til næraste sjukehus og bortfall av dei mange arbeidsplassane ved sjukehuset, vil kunne verke negativt inn på folketalet. Dei stiller seg undrande til at helseministeren tilsynelatande ikkje har innvendingar til at kvinnene i Nordfjord og omegn mister fødetilbodet sitt. – Kva veit ho eigentleg om dette? Ho har nettopp vore forsvarsminister og snakka om Pakistan. No skal ho brått vite kva som er best i sjukehussektoren.
|
|||
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:51
Mykje partistøtte i valåret(NPK): Dei politiske partia fekk 71 prosent av inntektene sine i form av offentleg støtte i valåret 2009. Den offentlege støtta utgjorde klart største delen av inntektene til Framstegspartiet, skriv Statistisk sentralbyrå. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:09
Legerådet fryktar for nedlegging av Nordfjord sjukehusHELSE: Vi har lenge forsøkt, både internt og eksternt, å påverke dei mange prosessane vi har hatt for å unngå den utviklinga vi no ser realitetane av. Det har diverre vist seg å vere fånyttes. Dersom det går som skissert vil Nordfjord sjukehus vere nedlagt innan kort tid. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 08:33
Lite E39-engasjement i ytreFjordabladet har spurt Alfred Bjørlo i Måløy Vekst korleis ytre Nordfjord stiller seg til den kampen som no ser ut til å byggje seg opp mellom eit midtre og eit indre alternativ for framtidig E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 15:24
– Vegvesenet skal gjere ei fagleg vurdering– Vi skal gjere ei fagleg vurdering og er innstilte på å jobbe i full breidde, men det er sjølvsagt ein politisk prosess som vil avgjere kva som vert resultatet, seier prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 14:08
Rotevatn ny leiar i Unge VenstreSveinung Rotevatn (23) frå Nordfjordeid er innstilt som ny leiar i Unge Venstre. Dette kom ein einstemmig valkomité fram til tysdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |





