Nyhende |
|||
Vertskorpset vart nordvestmeisterNordfjordeid skulekorps kunne juble både over å ha laga eit flott arrangement og å bli nordvestmeister for janitsjar.
Stemninga var stor i Operahuset Nordfjord laurdag kveld. Nordvest ungdomsbrassband (NUB) leverte ein forrykande festkonsert. Under leiing av dirigent Andreas Lien Røe framførte dei dyktige ungdommane musikk av Michael Jackson. Godt spel kombinert med svært god lyssetjing, regi, lydeffektar og filmsnuttar på storskjerm gav publikum ei stor oppleving. Musikantane fekk velfortent, langvarig applaus. Premieutdeling er alltid nervepirrande saker. Mange slepte jubelen laus undervegs, andre vart nok skuffa. Blant dei lokale korpsa var det Nordfjordeid skulekorps som gjorde det best på resultatlistene. Dei vann janitsjarklassen og vart kåra til nordvestmeister i janitsjar framfor konkurrentane Skei og Solevåg. Arrangørkorpset vann òg ensembleklassen i konkurranse med tre andre grupper, og dei hadde tre musikantar med i solistkonkurransen. Andreas Bergset vart kåra til nordvestmeister blant dei yngste solistane. Hjelle skulemusikk vann prisen for beste framføring av marsj med King Size, men kom på sjette og sisteplass i klassen for generasjonskorps. Hornindal musikkorps kom på femteplass eit halvt poeng før Hjelle, medan klassen vart vunnen av Sykkylven skulekorps. I 2. divisjon brass gjekk sigeren til Solund skulemusikk. Her kom Stårheim skulekorps og det samansette korpset Haugen og Kjølsdalen skulemusikk på dei to siste plassane. Johan Olav Nyberg frå Stårheim spelte seg til ein tredjeplass i solist klasse B, der sju musikantar deltok. Klikk her for å sjå bilete frå Nordvestmeisterskapen.
Les meir i tysdagsavisa. Resultatliste Nordvestmeisterskapen for skulekorps 2010 Generasjonskorps Janitsjar 2. divisjon Brass 2. divisjon Brass 1. divisjon Solist klasse A (0-15 år) Solist klasse B (16-19 år) Solist klasse C (open klasse) Ensemble klasse A Ensemble klasse B Ensemble klasse C Beste solistinnslag: Buster Strikes Back, Sunnylven og Stranda skulekorps * = desse vart kåra til Nordvestmeistrar 2010 |
|||
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:51
Mykje partistøtte i valåret(NPK): Dei politiske partia fekk 71 prosent av inntektene sine i form av offentleg støtte i valåret 2009. Den offentlege støtta utgjorde klart største delen av inntektene til Framstegspartiet, skriv Statistisk sentralbyrå. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 11:09
Legerådet fryktar for nedlegging av Nordfjord sjukehusHELSE: Vi har lenge forsøkt, både internt og eksternt, å påverke dei mange prosessane vi har hatt for å unngå den utviklinga vi no ser realitetane av. Det har diverre vist seg å vere fånyttes. Dersom det går som skissert vil Nordfjord sjukehus vere nedlagt innan kort tid. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 08:33
Lite E39-engasjement i ytreFjordabladet har spurt Alfred Bjørlo i Måløy Vekst korleis ytre Nordfjord stiller seg til den kampen som no ser ut til å byggje seg opp mellom eit midtre og eit indre alternativ for framtidig E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 15:24
– Vegvesenet skal gjere ei fagleg vurdering– Vi skal gjere ei fagleg vurdering og er innstilte på å jobbe i full breidde, men det er sjølvsagt ein politisk prosess som vil avgjere kva som vert resultatet, seier prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 14:08
Rotevatn ny leiar i Unge VenstreSveinung Rotevatn (23) frå Nordfjordeid er innstilt som ny leiar i Unge Venstre. Dette kom ein einstemmig valkomité fram til tysdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |





