Nyhende |
|||
Hjelper unge og eldreElevane i Classic UB tilbyr barnepass, bingo, leksehjelp og ulike små oppdrag for eldre. – Vi er unge, ikkje dumme, seier dei seks 16-åringane muntert.
Stine Solheim Husevåg, Ida Sofie Bjørkedal, Siw Therese Leite, Lisa Mari Kvalsvik, Ann-Cecilie Dalseth og Camilla Kråkenes går alle på Vg1 Design og handverk ved Eid vidaregåande skule (EVS). – Vi likar å vere kreative og ville gjere noko anna enn vanleg skule, seier 16-åringane som forklaring på utdanningsvalet sitt. Venegjeng Ungdommane kjem frå Nordfjordeid, Hjelle, Deknepollen og Hornindal og ville lage ungdomsbedrift for å hjelpe andre, tene pengar og ha noko å gjere på i fritida. Lærar Haldis Åshamar kom med tipset, slik vart venegjengen til ei bedrift. Dei har arbeidd med Classic UB sidan november-desember. I slutten av januar heldt dei på å få godkjent alle papira. Slikt må vere i orden før dei kan utføre tenestene dei har planlagt. – Vi er eigentleg overraska over at vi ha kome så langt. Vi har jobba godt og effektivt, seier Stine, Ida Sofie, Siw Therese, Lisa Mari, Ann-Cecilie og Camilla. Mange tenester Classic UB tilbyr barnepass tredje kvar laurdag i Moengården fram til mai. Der tek ungdommane vare på borna medan foreldra handlar. Bingo på eldretunet og kanskje sjukeheimen var under planlegging då Fjordabladet snakka med dei i slutten av januar. Leksehjelp for barneskuleelevar kan òg bli ein realitet. Ungdommane tilbyr å handle, vaske, måke snø og stelle håret for eldre. Barnevakt på kveldstid er også ei teneste frå Classic UB. Ei av bedriftsmedlemmene har seks yngre sysken, så erfaringa er det ikkje noko å seie på. Nokre av ungdommane i venegjengen har tenkt å bli frisør. Når ein går på Design og handverk, er det fullt mogleg å gå vidare til frisørfaget eller barne- og ungdomsarbeidarfag. Såleis passar ungdomsbedrifta godt inn i skuletida for elevane. Fjordabladet presenterer alle dei 17 ungdomsbedriftene ved Eid vidaregåande skule fram mot fylkesmessa for Ungt entreprenørskap på Nordfjordeid 11. mars.
Les meir i tysdagsavisa. |
|||
Nyhende
Publisert 30.07.2010 - 14:18
Prosten til Hong KongProst Rolf Schanke Eikum og kona Åshild har fått permisjon frå jobbane sine i ti månader for å jobbe som volontørar i Hong Kong for den kristne organisasjonen Areopagos. Avreisedatoen er 11. august. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 30.07.2010 - 13:10
Eid tapte mot Sogndal
Sogndal kom torsdag kveld til Eid Stadion med ein av sine aller beste startoppstillingar. Med spelarar som Håvard Flo, Tommy Øren og ikkje minst dagens beste spelar Henrik Furebotn i startoppstillinga, vart Eid til tider overkjørt i første omgang. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.07.2010 - 11:38
Sogndal til Eid i kveldSogndal sitt førstelag spelar treningskamp mot Eid på stadion i kveld. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 28.07.2010 - 17:54
Bilulykke på NesEin gong mellom klokka 15.45 og 16.30 kom ein bil over i feil kjøreretning og trefte fjellveggen på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn. Politiet kan ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulykka. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 26.07.2010 - 14:29
Solrik maratonJan Birger Hansen frå Haugesund vart vinnar av Hornindalsvatnet Maraton 2010, som gjekk av stabelen i strålande sommarvêr sist laurdag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 25.07.2010 - 13:25
Tok publikum til himmelsTimbuktu avslutta Malakoff Rockfestival med superhiten "Alla Vill Till Himmelen Men Ingen Vill Dø", og det var eit magisk augeblikk då heile den rekordstore publikumsmengda strekte hendene mot himmelen fulle av rockeglede. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 25.07.2010 - 11:04
13.000 på Malakoff RockfestivalNok ein gong kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal notere rekordhøge publikumstal på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Fredag var det 6.000 publikummarar inne på festivalområdet, og i går var det over 7.000. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 15:58
Festival for alleThe Blacksheeps var var første band ut på laurdag, og både store og små hadde møtt opp for å lytte til MGP Junior-vinnarane. Aldri før har det nok vore så godt oppmøte på opningskonserten på laurdagen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 12:31
Vanvittig rockfestPå festivalområdet var det menneske så langt auga kunne sjå, og under konsertane var det vanvittig stemning. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 10:13
Magisk MalakoffDet strøymde på med blide og forventingsfulle fans då Malalakoff Rockfestival opna dørene i går ettermiddag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 23.07.2010 - 15:23
Festivalstemning i GymmenIngrid Olava hadde æra av å tjuvstarte Malakoff Rocfestival med kickoffkonsert i Gymmen på torsdag. » Les heile saka |
Fjordabladet
Publisert 14.07.2009 - 15:21
Ansvarleg redaktør Tormod FlatebøDersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18 eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven) » Les heile saka |
|





