Nyhende |
|||
Glad for bru-fokusSAMFERDSLE: – Det er ingen tvil om at det beste for Nordfjord er ei bru som erstattar ferja mellom Lote og Anda. Det seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap). Ho er glad for at regionvegsjef Olav Ellevset no vil ha fokus på ferjefri fjordkryssing.
– Ei ferjeavløysande bru over Nordfjord vil vere eit stort framsteg for å knyte regionen tettare saman som ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det vil bety ein heilt ny kvardag både for dei mange pendlarane, brukarane av flyplassen på Sandane og dei som i dag må ta ferje for å kome til sjukehuset på Nordfjordeid. – I dag er Lote-Anda det tredje største ferjesambandet i fylket, og med fjerning av bompengane på Fjærland og ferjefri E39-kryssing av Nordfjord vil næringslivet i ytre få eit godt alternativ austover. Det er også eit veldig viktig moment, seier Edvardsen. Ho peikar også på at brua vil vere eit vesentleg bidrag til å knyte Nordfjord tettare til både Sunnfjord og Sogn.
Standardkrav Sonja Edvardsen er klar over at det i konseptvalutgreiinga vil bli sett på ulike alternativ. Dette er eit standardkrav frå finansdepartementet for prosjekt som kostar meir enn 500 millionar kroner. Eid-ordføraren har ingenting imot at det vert sett på kvar kryssinga bør skje, men at det må vere eit ferjeavløysande prosjekt er ho ikkje i tvil om. Det er dette som vil gje den mest positive effekten både for regionen og Sogn og Fjordane. Bestillinga frå departementet er enno ikkje heilt klar, men det som ligg fast er at ein stamveg ikkje berre skal vere ei kjapp gjennomfartsåre. Vegen skal også tene den regionen den går igjennom.
Politisk semje Politisk er det ifølgje Edvardsen semje om at dagens vegtrasé for E39 står fast. – Vi har eit stortingsvedtak som seier kvar E39 skal gå, og under E39-konferansen i Førde i fjor haust, var det brei politisk semje om at dagens trasé ligg fast, seier Edvardsen. Ho reknar med at dei lovnadene som vart gjevne både i valkampen og seinare er noko ein kan stole på, og at politikarane vil jobbe for ei ferjefri løysing utifrå dette, til beste både for gjennomgangstrafikken og dei folkerike områda som vegen går igjennom.
Bru i 2020 Selskapet for brukryssing i Nordfjord jobbar no for å få bruprosjektet inn i Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2023, og Edvardsen ser føre seg at ein er godt i gang med bygging av bru over Nordfjord i 2020. Torsdag 18. februar skal det vere møte på Nordfjordeid der planane så langt skal presenterast. Styreleiar Kjell Opseth skal orientere om arbeidet så langt, samt gå igjennom organiseringa og vegen vidare.
1
Eg trur ordførar Edvardsen gjer lurt i å ikkje ta for gitt at brua blir liggande innanfor Eid kommune sine grenser. Sterke krefter nord og sør for Nordfjord ynskjer ein raskast mulig veg gjennom Nordfjord og den politiske stemninga kan fort snu. Kjem brua ved Faleide i Stryn vil Eid bli sett fleire tiår tilbake i tid, reint kommunikasjonsmessig.
- Av O 09.02 (12:41)
|
|||
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 00:48
Skal utgreie ferjefri StigedalstraséFramtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 12:27
Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing
Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 18:14
Helse2020-strategien skal reviderast- Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:56
Krev norsk musikk til frukostenKanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:29
Nordfjordbru for framtida– Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. » Les heile saka |






Eg trur ordførar Edvardsen gjer lurt i å ikkje ta for gitt at brua blir liggande innanfor Eid kommune sine grenser. Sterke krefter nord og sør for Nordfjord ynskjer ein raskast mulig veg gjennom Nordfjord og den politiske stemninga kan fort snu. Kjem brua ved Faleide i Stryn vil Eid bli sett fleire tiår tilbake i tid, reint kommunikasjonsmessig.