Meningsmåling

Kva var høgdepunktet på Malakoff Rockfestival?








  • 13%
     
  • 24%
     
  • 32%
     
  • 419%
     
  • 520%
     
  • 620%
     
  • 729%
     
  • Antall stemmer: 354

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 08.02.2010

    Koseplagg som minne

    Går alt slik dei håpar, skal jentene i ungdomsbedrifta Chillax UB selje 250 plagg til medelevar og tilsette ved Eid vidaregåande skule før skuleåret er over.

    Chillax UB. F.v. Maria Moen, Kristin Sæterlid, Siri Honningsvåg, Viviann Solheim og Malene Fugle. (Foto: Helga Didrikke Sundal)

    Å starte og drive ungdomsbedrift er ein heilt naturleg del av kvardagen for elevane ved Vg2 Sal, service og tryggleik. Kvar fredag er sett av berre til å jobbe med bedriftene, i tillegg til ei stund måndagane og ein del arbeid utanom.

    Lærer mykje

    Dei fem bedriftseigarane i Chillax UB kjem frå Skei, Stryn, Stadlandet og Sandane. Malene Fugle (17), Maria Moen (17), Siri Honningsvåg (17), Kristin Sæterlid (18) og Viviann Solheim meiner dei lærer mykje av arbeidet i ungdomsbedrifta.

    – Det som ser lett ut i bøkene, er slett ikkje det, Og det er mykje meir arbeid og meir krevjande enn vi trudde, seier dei fem ungdommane som skryter av lærar Leiv Johnny Endal.

    – Han er så engasjert, støttande og motiverande. Det er utruleg at han greier å ha gnisten heile tida.

    Sparkebukse for vaksne

    Elevane pønska lenge og hadde mange framlegg til kva ungdomsbedrifter ein skulle ha i klassen. Då dei fekk høyre at EVS ikkje hadde hatt skulegenserar, var planen klar.

    Onepiece er eit anna plagg Chillax satsar på. Ei spørjeundersøking viste at elevane ønskte å kjøpe det topp moderne klesplagget som treng nøyare forklaring for oss som er ein del år unna ungdomstida.

    – Onepiece er ein heil dress, som ei sparkebukse for vaksne. Det er eit veldig kosete plagg i eit slags joggebukse-aktig stoff. Dressen har hette, og glidelås frå magen til hetta, forklarer elevane.

    T-skjorter på messa

    Namnet på bedrifta er sett saman av orda chill og relax som betyr å slappe av. Det forklarer godt koseplagga som Chillax satsar på. I tillegg til skulegenserar og onepiece for sal på skulen, planlegg dei å selje spesiallaga t-skjorter under fylkesmessa til Ungt entreprenørskap på Nordfjordeid 11. mars.

    Losna endeleg

    I midten av januar følte ungdomsbedrifta at dei låg etter skjema.

    – Det har vore vanskeleg å få tak i leverandørar, med mykje fram og tilbake, fortel Malene, Maria, Siri, Kristin og Viviann.

    Så losna det, no handlar det om å bli samde om logo og trykk før dei tek imot bestillingar frå elevar og tilsette ved skulen.

    Fjordabladet presenterer alle dei 17 ungdomsbedriftene ved Eid vidaregåande skule fram mot fylkesmessa for Ungt entreprenørskap på Nordfjordeid 11. mars.


     

    Nyhende

    Publisert 30.07.2010 - 14:18
    prost1.jpg

    Prosten til Hong Kong

    Prost Rolf Schanke Eikum og kona Åshild har fått permisjon frå jobbane sine i ti månader for å jobbe som volontørar  i Hong Kong for den kristne organisasjonen Areopagos. Avreisedatoen  er 11. august.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 30.07.2010 - 13:10
    eid - sogndal, sjanse 2.jpg

    Eid tapte mot Sogndal

    Sogndal kom torsdag kveld til Eid Stadion med ein av sine aller beste startoppstillingar. Med spelarar som Håvard Flo, Tommy Øren og ikkje minst dagens beste spelar Henrik Furebotn i startoppstillinga, vart Eid til tider overkjørt i første omgang.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 29.07.2010 - 11:38
    sogndal1.jpg

    Sogndal til Eid i kveld

    Sogndal sitt førstelag spelar treningskamp mot Eid på stadion i kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 28.07.2010 - 17:54
    ulykke 24.jpg

    Bilulykke på Nes

    Ein gong mellom klokka 15.45 og 16.30 kom ein bil over i feil kjøreretning og trefte fjellveggen på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn. Politiet kan ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulykka.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 26.07.2010 - 14:29
    hornindalsvatnet maraton mange nett1.jpg

    Solrik maraton

    Jan Birger Hansen frå Haugesund vart vinnar av Hornindalsvatnet Maraton 2010, som gjekk av stabelen i strålande sommarvêr sist laurdag.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 25.07.2010 - 13:25
    tumbu21.jpg

    Tok publikum til himmels

    Timbuktu avslutta Malakoff Rockfestival med superhiten "Alla Vill Till Himmelen Men Ingen Vill Dø", og det var eit magisk augeblikk då heile den rekordstore publikumsmengda strekte hendene mot himmelen fulle av rockeglede. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 25.07.2010 - 11:04
    malakoff laurdag anna 4851.jpg

    13.000 på Malakoff Rockfestival

    Nok ein gong kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal notere rekordhøge publikumstal på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Fredag var det 6.000 publikummarar inne på festivalområdet, og i går var det over 7.000.  

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 15:58
    img_66991.jpg

    Festival for alle

    The Blacksheeps var var første band ut på laurdag, og både store og små hadde møtt opp for å lytte til MGP Junior-vinnarane. Aldri før har det nok vore så godt oppmøte på opningskonserten på laurdagen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 12:31
    jubelfolk1.jpg

    Vanvittig rockfest

    På festivalområdet var det menneske så langt auga kunne sjå, og under konsertane var det vanvittig stemning.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 10:13
    malakoff fredag 047 1 nett1.jpg

    Magisk Malakoff

    Det strøymde på med blide og forventingsfulle fans då Malalakoff Rockfestival opna dørene i går ettermiddag.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.07.2010 - 15:23
    nettside11.jpg

    Festivalstemning i Gymmen

    Ingrid Olava hadde æra av å tjuvstarte Malakoff Rocfestival med kickoffkonsert i Gymmen på torsdag.

     

    » Les heile saka

    Fjordabladet

    Publisert 14.07.2009 - 15:21

    Ansvarleg redaktør Tormod Flatebø

    Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

    » Les heile saka