Meningsmåling

Er du villig til å betale ei høgare nettleige for å unngå naturinngrep i samband med utbygging av nytt kraftlinjenett?



  • 120%
     
  • 279%
     
  • Antall stemmer: 120

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 08.02.2010

    Norgesmeister frå Hjelle

    Ole-Mathias Nes (26) vann i helga elitedivisjonen i NM for brassband. Tubaisten frå Hjelle spelar i Manger musikklag som gjekk heilt til topps i den tøffe konkurransen.

    Ole-Mathias Nes stortrivst som tubaist i Manger musikklag og karakteriserer korpset som ein fin og jordnær gjeng. (Foto: Marianne Valeberg Nornes)

    Ole-Mathias Nes starta si musikkarriere i Hjelle skulemusikk. No studerer han ved Norges Handelshøyskole og har spelt i norges beste brassband sidan han flytta til Bergen for seks-sju år sidan. Bb-tubaisten har vore nær siger fleire gonger, med andre- og tredjeplassar for både Krohnengen Brass Band og Tertnes Brass.

    Skal spele i EM

    Som vikar i Manger musikklag fekk han laurdag endeleg oppleve å bli noregsmeister.

    – Eg har spelt med dei før, men takka no ja til å vere fast vikar i Manger. Det er kanskje den siste sjansen eg har til å spele på det aller høgste nivået i Norge, før eg flyttar frå Bergen, fortel Ole-Mathias Nes.

    Han har halvtanna år igjen av studiane og skal spele med Manger så lenge han bur i byen. Det vil seie at han som regjerande norgesmeister får med seg EM i Montreux 2011 i tillegg til NM der Manger musikklag òg skal halde den gjeve festkonserten.

    Klang og musikalitet

    NM for brassband samla rekordmange korps frå heile landet i helga. 75 korps med 2.500 musikantar konkurrerte i seks divisjonar. Det var eit høgt nivå med mange tøffe tak i alle divisjonane. Gjevast av alle er sjølvsagt elitedivisjonen. Dei ti brassbanda der starta NM med pliktnummer fredag kveld, laurdag spelte dei sitt sjølvvalde nummer.

    Dommarane likte det dei høyrde frå Manger musikklag og gav korpset 95 poeng (av 100) på begge framføringane. Dei trekte særleg fram klangen og musikaliteten til korpset.

    Eikanger Bjørsvik musikklag kom på andreplass, berre eit halvt poeng bak Manger, med heile 98 poeng på pliktnummeret og 91 på sjølvvalt.

    Grein og lo

    Jubelen stod i taket då korpset frå Radøy i Nordhordland endeleg gjekk til topps igjen.

    – Det var ville tilstandar, folk både grein og lo, seier Ole-Mathias Nes.

    Han fortel om hektisk oppkøyring siste månaden før NM. Då er det to-tre seminarhelger og øving to gonger i veka. Siste veka før konkurransen øver dei kvar dag.

    – I tillegg er det mykje heimeøving. Kvar enkelt må gjere ein stor del av jobben sjølv, korpsøvingane blir brukte til å sy det heile saman og tolke musikken, fortel 26-åringen frå Hjelle som har ein draum om å flytte heim på sikt dersom han får seg jobb.

    Les meir i tysdagsavisa.

    Abonner på Fjordabladet


     

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 10:32

    Overraska av mørkret på fjelltur

    To jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 10:24
    jakob helset nett1.jpg

    - Stigedalsalternativet vil kome gunstig ut

    Jakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39.  

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 08:51
    hans petter gilleshammer1.jpg

    Seks med ti rette

    Seks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 06.09.2010 - 08:17
    gullsmed1.jpg

    Innbrot i gullsmedforretning

    I løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner.  Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 05.09.2010 - 12:56
    lotto1.jpg

    To millionar til dame frå Eid

    Jorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen».

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 05.09.2010 - 12:51
    politi 11.jpg

    Kvinne til sjukehus etter trafikkuhell

    Ei kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 21:58
    kim vik nett1.jpg

    Dale audmjuka på heimebane

    Stadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane.

    Bilete frå kampen finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 21:08
    politi nett1.jpg

    Båtpromille i Svelgen og Leikanger

    Politiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 20:50
    siri sandvik nett1.jpg

    –Nedbygginga må stoppast

    – Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:53
    joakim hauge 1.jpg

    Tredje strake uavgjort

    Eid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 00:48
    brualternativ stigedalen nett1.jpg

    Skal utgreie ferjefri Stigedalstrasé

    Framtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 02.09.2010 - 12:27
    bjørn sandnes1.jpg

    Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing

    Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 18:14
    oddvar nilsen1.jpg

    Helse2020-strategien skal reviderast

    - Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:56
    kanutte ved frukostbord nett1.jpg

    Krev norsk musikk til frukosten

    Kanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:29
    mats andersson og avis 2 nett1.jpg

    Nordfjordbru for framtida

    – Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. 

    » Les heile saka