Meningsmåling

Er du villig til å betale ei høgare nettleige for å unngå naturinngrep i samband med utbygging av nytt kraftlinjenett?



  • 120%
     
  • 279%
     
  • Antall stemmer: 120

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Total gjennomgang av Helse Førde

    – Heile hensikta med den prosessen vi har starta i Helse Førde er å teikne eit rett bilete av situasjonen, vurdere konsekvensane for så å gjere dei rette grep. Dette seier Oddvar Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF.

    – Helse Vest har no ein gjennomgang av drifta i Helse Førde. I denne gjennomgangen skal vi sjå på alle sider av drifta, også korleis administrasjonen skjøttar si oppgåve, seier styreleiar i Helse Vest RHF Oddvar Nilsen, som ber tilsette kome med synspunkt og innspel i prosessen. (Arkivfoto.)

    – I den gjennomgangen vi no har sett i gang i høve Helse Førde skal vi snu kvar ein stein. Det gjeld styringssystem, ressursbruk, korleis føretaket totalt sett utnyttar den medisinske kompetansen ein har og ikkje minst økonomi. For helseføretaket i Sogn og Fjordane er det heilt avgjerande at ein får kontroll over økonomien og leverer langt betre resultat enn kva ein har greidd til denne tid, seier Oddvar Nilsen til Fjordabladet.

     

    Konsulent

    – Kjem Helse Vest også til å sjå administrasjonen i Helse Førde nærare etter i korta?

      – Eit viktig del av det arbeidet vi starta med det store sjukehusmøtet på Leikanger, der alle kommunane og ordførarane i Sogn og Fjordane var inviterte, var nettopp eit forsøk på å starte ein prosess der, slik at vi kan få innspel som kan dempe dei store motsetningane som er, og har vore i fylket. I tillegg har vi eit konsulentfirma som fortløpande jobbar med situasjonen i Helse Førde. I dette arbeidet vil sjølvsagt også administrasjonen i helseføretaket bli vurdert. Alle steinar skal snuast,  seier styreleiaren i Helse Vest RHF.

       

    Kjøper frå private

    – Har ikkje Helse Vest eit forklaringsproblem når dei no inngår avtalar om kjøp av ortopediske tenester frå private samstundes som Helse Førde vurderer å kutte dei ortopediske tenestene ein i dag har ved Nordfjord sjukehus, fordi ein etter seiande har overkapasitet?

      – Først og fremst har vi eit ansvar for å utnytte vår kapasiteten vi har ved sjukehusa i Helse Vest, samtidig som vi ikkje skal svekke pasientane sin rett til å velje. Vi har fritt sjukehusval og det må vi halde oss til. Private sjukehus og spesialistar er elles viktige for å ta ned kø og ventetider, seier Nilsen.

      – Fortonar det seg ikkje ein smule merkeleg også for styreleiaren i Helse Vest at Helse Førde i det hele vurdere å ta bort kikholsortopedien (artroskopisk kirurgi) for skulder og hofte, når  sjukehus er åleine om dette tilbode i Helse Førde, og er tredje eller fjerde størst i landet på nettopp denne avanserte forma for kirurgi? 

      – Eg kan ikkje kommentere dette fordi eg ikkje har nok kjennskap til saker ned på detaljnivå. Det eg kan seie er at det du spør om vil bli tatt med i den totale gjennomgangen av Helse Førde som no rullar og går. For meg er det viktig at det blir malt eit rett bilde av situasjonen og at ein vurderer kva konsekvensar ulike grep fører til. Elles er det viktig for meg å understreke at fokus på pasienten er det som er viktigast i arbeidet framover. Vi har eit overordna sørgje-for-ansvar, seier Nilsen.

    Straffar folket

    – På det siste styremøtet i Helse Vest avslo styret ein søknad frå Helse Førde om 50 millionar kroner til nytt medisinsk teknisk. I staden vart det løyvd 20. millionar. Er det ikkje urimeleg at folket blir «straffa», fordi helseføretaket har ei udugeleg leiing?

      – Det vil vere ei stor pedagogisk utfordring å forklare at nokon må få budsjetta i balanse, samstundes som vi løyver ekstramidlar til det føretaket i Helse Vest som har det absolutt dårlegaste resultatet. I denne omgang fann vi ikkje rom for meir enn det beløpet vi løyvde, seier Nilsen og gjentek at når det gjeld leiinga sin måte å drifte føretaket så er det ein del av den prosessen som er sett i gang.   

       

    Les meir om kva styreleiar Oddvar Nilsen seier om pasientflukt og prioriteringar i Helse Førde i avisa laurdag. 

     

    Følg med i kva som skjer i Helse Førde - abonner på Fjordabladet

     

     

     

     


     
    1
    Nei Tormod, dette blir for dumt. Dersom det var så enkelt at underskuddet skyldtes dårlig ledelse så hadde vel ledelsen og ikke minst styret i Helse Førde vært fjernet for lenge siden. Eller tror du at det bare er dere i Fjordabladet som ser lyset?? - Av Rune Arild Larsen 06.02 (22:37)

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 10:32

    Overraska av mørkret på fjelltur

    To jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 10:24
    jakob helset nett1.jpg

    - Stigedalsalternativet vil kome gunstig ut

    Jakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39.  

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 08:51
    hans petter gilleshammer1.jpg

    Seks med ti rette

    Seks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 06.09.2010 - 08:17
    gullsmed1.jpg

    Innbrot i gullsmedforretning

    I løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner.  Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 05.09.2010 - 12:56
    lotto1.jpg

    To millionar til dame frå Eid

    Jorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen».

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 05.09.2010 - 12:51
    politi 11.jpg

    Kvinne til sjukehus etter trafikkuhell

    Ei kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 21:58
    kim vik nett1.jpg

    Dale audmjuka på heimebane

    Stadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane.

    Bilete frå kampen finn du her

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 21:08
    politi nett1.jpg

    Båtpromille i Svelgen og Leikanger

    Politiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2010 - 20:50
    siri sandvik nett1.jpg

    –Nedbygginga må stoppast

    – Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:53
    joakim hauge 1.jpg

    Tredje strake uavgjort

    Eid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 00:48
    brualternativ stigedalen nett1.jpg

    Skal utgreie ferjefri Stigedalstrasé

    Framtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 02.09.2010 - 12:27
    bjørn sandnes1.jpg

    Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing

    Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 18:14
    oddvar nilsen1.jpg

    Helse2020-strategien skal reviderast

    - Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:56
    kanutte ved frukostbord nett1.jpg

    Krev norsk musikk til frukosten

    Kanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2010 - 15:29
    mats andersson og avis 2 nett1.jpg

    Nordfjordbru for framtida

    – Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. 

    » Les heile saka