Nyhende |
|||
Vestlandsrådet møter Trond GiskeGjennom eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing vil verftsindustrien på Vestlandet kunne nytte den svake ordresituasjonen til omstilling og førebuing til framtidig vekst. I dag (fredag) presenterer Vestlandsrådet planane for nærings- og handelsminister Trond Giske.
Den maritime klynga på Vestlandet har kompetanse og tyngde til å kunne verte eit framtidslaboratorium for ei global miljøsatsing til havs, meinar fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Saman med fylkesordførar Nils R. Sandal frå Sogn og Fjordane møter Karin Halle, leiar for NHO sitt regionkontor.
Motverke svak ordretilgang Den svake ordretilgangen for verftsnæringa siste året har sett fortgang i tanken om utvikling og introduksjon av ny og meir miljøvenleg teknologi i den maritime næringa. Opprusting av eksisterande fartøy med reinare teknologi, overgang til gassdrivne fartøy og kondemnering av dei eldste og mest forureinande skipa og fornying av flåten er aktuelle tiltak. – Tida er mogen for radikal innovasjon. Det er viktig at styresmaktene, i samarbeid med næringslivet, nyttar sjansen til at vidareføre Norge sin sterke posisjon innan offshore teknologi. Vi har potensiale til å verte leiande på den nye, internasjonale marknaden for maritim miljøteknologi, seier Nils R. Sandal.
Utan nye kontraheringar står næringa framfor eit skrekkscenario med masseoppseiingar , konkursar og forvitring av høgteknologiske kompetansemiljø med høg grad av innovasjon.
Tek Giske på ordet Verftsnæringa på Vestlandet viser med dette at vi tek statsråden på ordet. Han har tidlegare sagt til NTB at han ønskjer å føre ein offensiv maritim politikk der målet er å etablere Norge som ein verdsleiande maritim nasjon.
– Det vil her vere snakk om ein trippel-vinn-situasjon der vi oppnår ein vesentleg reduksjon av utslepp frå skip, oppretthalden aktivitet i den landbaserte maritime næringa og reduserte kostnadar for rederinæringa, seier Sandal.
Døropnar til fornybar energi På lengre sikt vil eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing kunna fungere som ein døropnar til store, nye marknadar for fornybar energi til havs. Her har norsk teknologi potensiale til å vere internasjonalt leiande. – Offshore vindkraft, saman med bølje- og tidevasskraft og marin bioenergi er framtidige vekstområde. I Europa ligg det føre omfattande planar for offshore vindkraftproduksjon i stor skala. For å verkeleggjere planane vil det vere behov for innovasjonar som kan redusere energikostnadane med 30 – 40 prosent. Det er og krav om nye logistikkløysingar, seier Sandal.
– Skal vi kunna drive offensiv teknologiutvikling og ta posisjon i marknaden for fornybar energi, er det avgjerande at staten stiller opp med risikoavlasting og rammevilkår som gjer det mogeleg med kommersiell utvikling, er bodskapen Vestlandsordførarne vil formidle til nærings- og handelsminister Trond Giske, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.
|
|||
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:32
Overraska av mørkret på fjellturTo jenter i tenåra måtte tilkalle hjelp for å kome seg heim etter ein fjelltur. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 10:24
- Stigedalsalternativet vil kome gunstig utJakob Helset lanserte allereie for 17 år sidan ideen om ei bru over Austefjorden. Han ser fram til ei utgreiing av dette alternativet og trur det kjem til å kome godt ut i konkurranse med ei indre linje for E39. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 08:51
Seks med ti retteSeks tipparar prikka inn ti rette kampar i runde 17 av lokaltipset. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 08:17
Innbrot i gullsmedforretningI løpet av natt til måndag har tjuvar brote seg inn i gullsmedbutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata, og stole varer for rundt 600.000 kroner. Politiet er interesserte i tips frå publikum, spesielt angåande ein eldre mørk blå Mercedes personbil som var observert i Eid søndag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:56
To millionar til dame frå EidJorunn Roti Svendby (60), opphalvleg frå Eid men busett i Oslo, vann to millionar kroner i laurdagens trekning i «Millionsjansen». » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 12:51
Kvinne til sjukehus etter trafikkuhellEi kvinne vart søndag morgon frakta i luftambulanse til sjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell i Bremanger. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:58
Dale audmjuka på heimebaneStadionuret på Dingemoen i Dale stod framleis på null minutt då Kim Vik (nummer 14.) starta målshowet mot Dale laurdag ettermiddag. Christoffer Hafsås sette inn sitt første av fire mål tre minutt seinare. Dale vart rett og slett audmjuka av Eid på sin eigen heimebane. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 21:08
Båtpromille i Svelgen og LeikangerPolitiet måtte natt til laurdag rykkje ut i samband med at to båtar kørde på grunn. Ein i Sveilgen og ein i Leikanger i Slje kommune. I begge tilfella er det mistanke om promille. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 20:50
–Nedbygginga må stoppast– Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:53
Tredje strake uavgjortEid2 henta opp tomålsleiinga til Skavøypoll, og sikra seg sin tredje strake eittpoengar i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 00:48
Skal utgreie ferjefri StigedalstraséFramtidig E39-trasé over Stigedalen er eitt av dei mest aktuelle alternativa når Statens vegvesen no står fritt i KVU-arbeidet til å vurdere ulike vegtrasear mellom Ålesund og Skei. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 12:27
Deltok på vegkonferanse - vart trua med borttauing
Trugsmål om borttauing medførte at Haram-ordførar Bjørn Sandnes i all hast måtte forlate planverkstaden i Loen for å køyre 82 kilometer til Stranda for å flytte bilen sin. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 18:14
Helse2020-strategien skal reviderast- Nye tiltak skal bane veg for framtidas helsetenester. Helse Vest startar no arbeidet med å revidere den overordna verksemdplanen for føretaksgruppa; Helse2020. Det er no fire år sidan planen blei laga, og det er derfor tid for å konkretisere og oppdatere tiltaksplanen for perioden frå 2011 til 2015. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:56
Krev norsk musikk til frukostenKanutte Alsaker (72) etterlyser meir norsk song og musikk i morgonradioen, spesielt i samband med andakta. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:29
Nordfjordbru for framtida– Vi kan ikkje sitje i ro og synest det er greitt å sitje og vente på ei ferje som går av og til og at folk treng å strekkje litt på beina. Vi er nøydde til å leggje til rette for å utvikle regionen vår, seier Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS. » Les heile saka |





