Meningsmåling

Kva var høgdepunktet på Malakoff Rockfestival?








  • 13%
     
  • 24%
     
  • 32%
     
  • 419%
     
  • 520%
     
  • 620%
     
  • 729%
     
  • Antall stemmer: 354

Kjøp elektronisk avis

Veret

Nyttige lenker

bruktbil_150x75.gif

eidaportalen150x55.gif

stilling_samkjoring.gif

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 06.01.2010

    Aktuelt med samarbeid på tvers av regiongrensene

    I dag har det vore stormøte i Volda og Ålesund om Strategi 2020. Ifølgje administrerande direktør I Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim, er mogeleg samarbeid mellom helseregionar ein av dei tinga som ein vil sjå på i samband med strategiarbeidet.

     

    Gunnar Bovim seier at dei også i dag har eit utstrakt samarbeid på ulike nivå med andre helseføretak, mellom anna dialogmøte med Helse Vest. Han har ikkje detaljkunnskap om kva sjukehusa i Volda og Nordfjord konkret kan samarbeide om, men seier at dette kan bli aktuelt på område som er eigna for det.

      

     – Det er tidleg i strategiarbeidet. Det er rimeleg at Helse Førde og Helse Sunnmøre saman med dei regionale helseføretaka Helse Vest og Helse Midt-Norge ser på korleis dette kan gjerast. Både Helse Vest og Helse Midt-Norge er opptekne av å få gode løysingar, seier Bovim. 

     

    Nytt møte

    Kommunikasjonssjef i Helse Sunnmøre, Solveig Moe Frøland, fortel at dei var i eit dialogmøte med Helse Førde i første halvår 2009. Det har vore snakk om at dei skulle ha eit nytt møte der også dei regionale føretaka Helse Midt-Norge og Helse Vest var med, men dette har det førebels ikkje blitt noko av.

     

    Opne debattar

    Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt Norge, Tor Harald Haukås, seier at dei no er i ein fase der ein skal ha opne debattar og greie ut korleis ein skal organisere tenestene i framtida, basert på dei utfordringane som ein står overfor.  Ein veit at det vil bli endra samansetnad av befolkninga med stadig fleire eldre, det er avgrensingar i forhold til tilgang på personale, ein har samhandlingsreforma og endringar innan medisin. Det vil verte omstillingar, mellom anna meir bruk av poliklinisk verksemd som kan etablerast i distriktsmedisinske løysingar.

       Haukås peikar også på at det har skjedd mykje når det gjeld akuttmedisin. Dei siste åra har ein fått nye føresetnader for å gje god akuttmedisinsk behandling med betre utstyr og kompetanse og mogelegheit for behandling både på skadestad og under transport med ambulansebil og helikopter.

      – Med nye premisser må vi tenkje over korleis vi kan organisere tenestene våre, seier Haukås og legg til at akuttenestene berre er ein del av dette.

     

    Presentasjon av rammene

    Også Helse Førde har starta opp strategiarbeid med planlegging fram mot 2020. I dag har det vore stormøte med videooverføring til alle institusjonane med presentasjon av rammene for arbeidet. I morgon er det arbeidsmøte i Lærdal, 11 januar i Førde og 12. januar i Nordfjord.


     

    Nyhende

    Publisert 30.07.2010 - 14:18
    prost1.jpg

    Prosten til Hong Kong

    Prost Rolf Schanke Eikum og kona Åshild har fått permisjon frå jobbane sine i ti månader for å jobbe som volontørar  i Hong Kong for den kristne organisasjonen Areopagos. Avreisedatoen  er 11. august.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 30.07.2010 - 13:10
    eid - sogndal, sjanse 2.jpg

    Eid tapte mot Sogndal

    Sogndal kom torsdag kveld til Eid Stadion med ein av sine aller beste startoppstillingar. Med spelarar som Håvard Flo, Tommy Øren og ikkje minst dagens beste spelar Henrik Furebotn i startoppstillinga, vart Eid til tider overkjørt i første omgang.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 29.07.2010 - 11:38
    sogndal1.jpg

    Sogndal til Eid i kveld

    Sogndal sitt førstelag spelar treningskamp mot Eid på stadion i kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 28.07.2010 - 17:54
    ulykke 24.jpg

    Bilulykke på Nes

    Ein gong mellom klokka 15.45 og 16.30 kom ein bil over i feil kjøreretning og trefte fjellveggen på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn. Politiet kan ikkje seie noko om kva som var årsaka til ulykka.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 26.07.2010 - 14:29
    hornindalsvatnet maraton mange nett1.jpg

    Solrik maraton

    Jan Birger Hansen frå Haugesund vart vinnar av Hornindalsvatnet Maraton 2010, som gjekk av stabelen i strålande sommarvêr sist laurdag.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 25.07.2010 - 13:25
    tumbu21.jpg

    Tok publikum til himmels

    Timbuktu avslutta Malakoff Rockfestival med superhiten "Alla Vill Till Himmelen Men Ingen Vill Dø", og det var eit magisk augeblikk då heile den rekordstore publikumsmengda strekte hendene mot himmelen fulle av rockeglede. 

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 25.07.2010 - 11:04
    malakoff laurdag anna 4851.jpg

    13.000 på Malakoff Rockfestival

    Nok ein gong kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal notere rekordhøge publikumstal på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Fredag var det 6.000 publikummarar inne på festivalområdet, og i går var det over 7.000.  

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 15:58
    img_66991.jpg

    Festival for alle

    The Blacksheeps var var første band ut på laurdag, og både store og små hadde møtt opp for å lytte til MGP Junior-vinnarane. Aldri før har det nok vore så godt oppmøte på opningskonserten på laurdagen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 12:31
    jubelfolk1.jpg

    Vanvittig rockfest

    På festivalområdet var det menneske så langt auga kunne sjå, og under konsertane var det vanvittig stemning.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 24.07.2010 - 10:13
    malakoff fredag 047 1 nett1.jpg

    Magisk Malakoff

    Det strøymde på med blide og forventingsfulle fans då Malalakoff Rockfestival opna dørene i går ettermiddag.

     

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 23.07.2010 - 15:23
    nettside11.jpg

    Festivalstemning i Gymmen

    Ingrid Olava hadde æra av å tjuvstarte Malakoff Rocfestival med kickoffkonsert i Gymmen på torsdag.

     

    » Les heile saka

    Fjordabladet

    Publisert 14.07.2009 - 15:21

    Ansvarleg redaktør Tormod Flatebø

    Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

    » Les heile saka