Kjølsdalen Musikklag fekk æra av å opne konserten, deretter følgde det eine orkesteret på rekkje og rad. Eid er så heldige å ha to vaksenkorps, Eid Musikklag og Kjølsdalen Musikklag. I tillegg er det skulemusikk i Kjølsdalen, på Stårheim, på Nordfjordeid og ikkje minst på Hjelle.

–Vi prøver ikkje å lage eit nytt korps i konkurranse med Eid og Kjølsdalen Musikklag. Dette har rett og slett oppstått fordi ein del foreldre og tidlegare musikantar hadde lyst til å spele litt. Dei er meir støttespelarar til skulemusikken enn noko anna, sa Helge Rønnekleiv, som har vore dirigent for Hjelle Skulemusikk i mange år.

2018 er korpsmusikken sitt år. Dette vart også markert under konserten i Operahuset søndag. Varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen hadde med både blomar og tale til musikantane.

–Først og fremst vil eg seie det er ei glede å bli invitert til «Vårkonsert» i Operahuset. I tillegg til at Eid har rike korpstradisjonar, er vi så heldige i vår kommune at vi har heile fire skulekorps og to vaksenkorps. Det betyr at vi har eit breitt spekter av musikantar. Alt frå aspirantar, både som musikantar og drill, i skulekorpsa til garva veteranar i musikklaga.  Vi kan vere stolte over korpsa i kommunen vår. Men ting går ikkje av seg sjølv. Det er mange som står bak dette rike korpsmiljøet. Tryggve Dyrvik er ein av desse, og han representerer korps miljøet på ein god måte. Både som lærar i kulturskulen, som musikant, forelder og dirigent. Ungt korps, som vi har fått høyre her i dag, ville truleg ikkje eksistert utan Tryggve. Tryggve har gjort og gjer ein fantastisk jobb med korpsa i Eid kommune. Difor vil eg som ordførar i dag overrekke ein bukett til heile korpsmiljøet som Tryggve Dyrvik er ein flott representant for, sa varaordførar Kristi Ohrvik Olsen.

I tillegg til korpsa stilte Nordfjordeid skulemusikk med drilljenter, som hadde mange flotte opptredenar.