– Vi vart meget bra teken imot i heimbygda, seier Jan Ketil Smørdal etter tre godt besøkte førestillingar på Nordfjordeid i helga.

Tilsaman har dei selt billetter for to fulle hus, fordelt på tre førestillingar. Søndag ettermiddag var det ikkje fullt så mange i teltet, men den første og andre førestillinga var nærmast fulle.

– Det gjekk kjempefint, veldig bra, fantastisk publikum. Vi følte verkeleg vi vart godt tekne imot her heime på Eid, og er veldig takknemlege for all støtte, seier Smørdal like etter førestillinga.

Sjølv om sirkusteltet er mindre i omfang, så har Smørdal satsa på kvalitet framfor kvantitet i innhaldet.

– Vi hadde tilsaman to fulle hus, på dei tre førestillingane, og det synest vi er veldig bra.

Sjølv viste Jan Ketil fram balansekunst og sjonglering saman med Patrick (4). På laurdagens jubileumsførestilling fekk Smørdal blomster frå Eid kommune.