– Veldig gøy, god kvalitet, kjempeflinke på tekst og sterkt materiell, dei har fått med seg alt som har skjedd den siste tida. Tenk om vi hadde fått til Lefdal Dating Center, ja, då hadde alt løyst seg, seier ei lattermild og imponert Eli Førde Aarskog.

– Dette var heilt fantastisk, dei er så flinke. Dei tok tak i alt som er omsnakka av aktuelle saker. For meg var det veldig kjekt at dei også tok for seg ferja mellom Lote og Anda. Eg bur i Hennebygda, og vi er avhengige av ferja om vi skal nokon stad. Det var ein veldig bra revy, seier Magnhild Tonning Henden.

Fjordabladet kjem med endå fleire bilde frå revyen.

Les meir om revyen i Fjordabladet tysdag 4. april.