Imponert over kva dei får

Det gode arbeidet som vert lagt ned på Norsk Fjordhestsenter syner att, når det for første gong på mange år er registrert ei stor auke i talet på levande fødde fjordhestføl. I fjor vart det fødd 129 fjordhestar mot 83 året før. Likevel er målet å komme opp i 200 fødde føl per år, for å unngå innavl. I Norge finst det berre ca. 5000 fjordhestar. På verdsbasis er det 70.000 fjordhestar, derav flest i USA.

– Vi har eit stort ansvar som moderlandet for fjordhesten. Det er vår oppgåve å ta vare på rasen, og sikre breidda i genane. Vi har hatt eit hoppelinje prosjekt for å sikre at vi ikkje lagar ein hest som blir meir og meir lik. I utlandet ser dei til Norge og hentar avlsdyr herifrå for å utvikle rasen vidare. Vi kan seie at vi har ein stor reserve eller backup av fjordhestar i utlandet, men det er eigentleg ei fallitterklæring. Det er her i heimlandet til hesten ein må få det til, det er vi som har raseansvaret. Likevel kjøper vi også avlshingstar frå utlandet, og vi sel avlshingstar til utlandet, seier avlsansvarleg Asle Espe.

Genbank prosjektet

Norsk fjordhestsenter samarbeider med dei andre, for å lage retningslinjer for bevaring av alle dei norske utryddingstruga hesterasane.

NFHS har i prosjektet gjort forarbeid med NF om langtidslagring av fjordhestsæd. Fenressursutvalet er positive til arbeidet. Det er ekstremt låge bedekningstal. Det trengst minst 200 fødde føl per år, for å balansere innavlsauken. Ein må prøve å unngå at bestemte linjer blir for dominerande.

Avhengig av føreseielegheit

Styreleiar i Norsk fjordhestsenter Kjell Magne Åshamar kom inn på den finansielle biten av hestesenteret, og ville ha landbruksministeren til å skjøne at dei er avhengige av føreseielege tilskot, slik at arbeidet med bevaring av dei tre norske hesterasane kan gjerast på ein god måte. Årleg får dei tilskot på 2,3 millionar kroner. Det er nok til drift og å halde fram med det gode arbeidet dei held på med.

– Det er dykk som finansierer oss, og det er vår oppgåve og drifte og vedlikehalde senteret, som også er eit nasjonalt hestesenter. Dette er eit naturleg samlingspunkt for fjordhestfolket. Vi har ein seminstasjon vi driftar innanfor grunnfinansieringa. Vi held eit fagleg høgt nivå som må behaldast. Vi har også den faglege sekretærfunksjonen for Norges fjordhestlag og Fokus Unghest. Utfordringane våre er dei prosjekta vi vil sette i gang, som det ikkje er rom for innanfor den finansieringa vi har. Så då skjønar du vel kvar eg vil hen, seier Åshamar.

Kan skape ny milliardomsetting

Det er mange ting som tyder på at det ligg pengar i hestenæringa. Likevel er det mange ting som må skje før dette kan bli verkelegheit. Dale er imponert over det arbeidet som er lagt ned, og for dei resultata ein har oppnådd. Han vil sjå på kva prosjekt som kjem på bordet, og gå meir inn i det når dei ligg føre.

– Ein må involvere og inkludere den enkelte hesteeigar, og dei må kunne sjå mulegheita av å tene på hestehaldet. De har jobba godt her. De jobbar godt åleine, og saman med dei andre. Vi tek med oss dei signala vi har fått i dag. Så får vi håpe at vi kan få gjort noko med dette dei kommande fire åra. Potensialet i hestenæringa er i betydeleg, seier Jon Georg Dale.

Fekk ri på hingsten Lavrans.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk ri på den litt fyrige hingsten Lavrans.

– Eg har ridd før, men eg synest ofte mest synd på hesten. Samspelet mellom hest og ryttar var kanskje ikkje heilt bra, men det gjekk fint med ei stødig hjelpande hand.

Til slutt fekk ministeren tid til ein liten fotoseanse saman med dei som er med på terapiriding kvar onsdag. Her fekk både Øyvind Humborstad, Ingrid Melheim Haaland, Siri Endal, og fjordingen Elvira bli fotografert saman med landbruks- og matministeren Jon Georg Dale.

Rådgjevaren til Dale, Margrete Dysjaland driv eige hestesenter, og inn på tunet, og har stor erfaring med hest.