Bla i bilda ved å klikke på pila til høgre.

Sola er i ferd med å omslutte sentrum av Nordfjordeid, og i dag er det den store Valentinsdagen, eller er det det?

Etter å ha spurt eit knippe med folk i sentrum, ser det ut til at halvdelen godt er klar over kva dag det er. Den andre halvparten, visste ikkje at dette var nokon spesiell dag.

Sjå kva dei svarte her:

Liv Hopland, Osmundsvåg

Veit du kva dag det er i dag?

– Nei, det er eg ikkje klar over.

Det er Valentinsdagen.

– Ja, eg veit jo kva det betyr, men eg har ikkje kjøpt noko. Eg har jo nokon å gje til, eller nokon eg kunne sendt noko til, men eg har ikkje tenkt på det. Og no må eg rekke bussen tilbake.

Baraki Tesfay, Nordfjordeid

Veit du kva dag det er i dag?

­– Tysdag, 14. februar. Ah, du meiner hjartedagen? Ja, eg veit det er valentinsdagen i dag. Eg kjøpte blomster til kona i går.

Kva type blomster kjøpte du?

– Eg kjøpte raude roser til kona i går. Ho vart veldig glad. Om det blir noko meir, nei det veit eg ikkje endå.

Alvhild og Audun Vik, Nordfjordeid

Veit de kva dag det er i dag?

­– Tysdag? Nei, dagane går litt i surr, er det noko spesielt med dagen i dag?

Det er valentinsdagen, har de brukt å feire den?

– Eg var ikkje klar over at det var valentinsdagen i dag. Vi har ikkje brukt å feira det. Kona har fått så mykje blomster i det siste, og eg pleier kjøpe til spesielle høve.

Kanskje ho kan få eit kyss på kinnet då.

Som sagt så gjort.

­ Trond Ness-Briskeby, Nordfjordeid

Veit du kva dag det er i dag?

­­– Ja, det er valentinsdagen. Eg har kjøpt blomster til kona, ei raud rose i ein fin oppsats. No har vi vore gift nokre år, og eg synest det er kjekt å overraske ho litt. Eg håpar det passar, ho var litt stressa i dag tidleg.

­