Vestlandsmeisterskapen vart arrangert av Hålandsdal IL. Laurdag var det normal, og søndag sprint.

Tre til Youngstar

– Youngstar er eit skiskyttarrenn i Holmenkollen for landets 30 beste 16-åringar både for jenter og gutar. Rennet går rett før Worldcup renna for senior. Her på Vestlandet har vi tre plassar i dette rennet. Etter dei fire første kvalifiseringsrenna har 15-åringane Lasse Flo Bødal (Stårheim), Oskar Guddal Breivik (Markane) begge full pott og er alt kvalifisert for Youngstar. 16-åringen Martin Aaland (Hardbagg) har 3 av 4 mulige poeng. Klarer han eitt poeng til på Hovedlandsrennet vil han også vere kvalifisert. Fjerde mann i samandraget er Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som har eitt poeng i samandraget, forklarer Torfinn Breivik.

Inspirerande

Dei gode resultata gir god inspirasjon til å halde på vidare med sporten. Ifølge Siv Flo Bødal har dei hatt ei flott helg på Voss.

– Det var fantastisk flott vêr under heile arrangementet. Det var flott lagt opp og vi har mange av våre som har gjort det godt, så vi er veldig nøgde, seier Siv Flo Bødal.

Resultat normal

Kvinner 19: Sølv, Elise Skeide Bakke, Eid IL, 37:48, (2-1-1-1). 3. Ingrid Gausemel, Hornindal IL, 42:47, (0-0-2-3). Tre startande.

Kvinner 17: Sølv, Anne Marie Roset, Markane IL, 44:14, (3-2-1-2). Fire startande.

Jenter 15: Sølv, Oselie Henden, Eid IL, 21:07, (1-2). 4. Ingrid Heggen, Stårheim IL, 23:09, (1-3). Ti startande.

Jenter 14: Bronse, Emilie Flo Stavik, Markane IL, 16:28 (2-2). 4. Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, 16.57, (4-1). Fem startande.

Jenter 12: Gull, Frøya Haughovd, Stårheim IL, 11:53 (0-0). Sju startande.

Menn 17: Sølv, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, 43:54, (1-3-1-3). Fire startande.

Gutar 16: Bronse, Magnus Seljeset, Hornindal IL, 24:28, (2-3). 5. Magnus Midthjell Gjørven, Markane IL, 25:37, (2-3), 7. Nikolai Dispen Lødemel, Markane IL, 26:47, (3-3). Sju startande.

Gutar 15: Gull, Lasse Flo Bødal, Stårheim IL, 21:05, (0-0). 2. Oskar Guddal Breivik, Markane IL, 21:17, (0-0). 4. Ask Haughovd, Stårheim IL, 25:33, (1-0). 6. Bendik Vereide, Stårheim IL, 26:21, (2–2) Ti startande.

Gutar 14: Sølv, Magnus Skeide Bakke, Eid IL, 15:23. 4. Kasper Mundal, Stårheim IL, 15:56, (2-3). 5. Patrick Isene, Stårheim IL, 17:42, (3-1). 6. Elias Dispen Lødemel, Markane IL, 18:01, (1-3). Ti startande.

Resultat sprint

Menn 17: Gull, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, 22:03, (1-1). Tre startande.

Gutar 15: Gull, Oskar Guddal Breivik, Markane IL, 14:27, (0-2). Sølv, Lasse Flo Bødal, Stårheim IL, 14:40, (2-0).

Gutar 14: Gull, Kasper Mundal, Stårheim IL, 10:24, (2-2). Sølv, Magnus Skeide Bakke, Eid IL, 10:37, (2-2).

Gutar 13: Bronse, Trygve Myrold, Stårheim IL, 12:08, (2-2).

Kvinner 19: Sølv, Elise Skeide Bakke, Eid IL, 20:56, (0-0). Bronse, Ingrid Gausemel, Hornindal IL, 23:23, (2-1). Fem startande.

Kvinner 17: Sølv, Anne Marie Roset, Markane IL, 21:43, (1-1). Fire startande.

Jenter 15: Sølv, Ingrid Heggen, Stårheim IL, 12:56, (0-2). 7. Oselie Henden, Eid IL, 14:27, (5-4). Ti startande.

Jenter 14: Gull, Emilie Flo Stavik, Markane IL, 10:39 (3-0). 4. Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, 12.27, (3-3). Fem startande.

Jenter 13: 4. Linnea Melheim Espe, Stårheim IL, 12:42 (3-2). 12 startande.

Jenter 12: Gull, Frøya Haughovd, Stårheim IL, 09:47 (1-1). Åtte startande.