–Vi har lenge tenkt at vi ville prøve å nytte denne veggen til utstilling av kunst. Når det viste seg at Snøkrystallen Barnehage kunne feire ti-årsjubileum i januar, var det heilt naturleg for oss å spørje om dei kunne tenkje seg å vere dei første til å lage ei utstilling av den «kunsten» som borna lagar i barnehagen. Snøkrystallen takka ja, og i dag kan vi opne den aller første utstillinga, sa Gro Gjerdevik, senterleiar ved Amfi Nordfjord.

Liten barnehage

Snøkrystallen Barnehage er ein liten barnehage med 12 plassar for barn i alderen frå 0-3 år. Fem personar jobbar i barnehagen.

–Alt det du ser på veggen er det borna som har laga. Dei har til og med tatt ein del bilde som er med på utstillinga, kunne Mari, pedagogisk leiar, Bente og Karina fortelje til Fjordabladet som var så heldige å få vere med på opninga av kunstutstillinga til borna i Snøkrystallen.

Ein månad

–Vi får håpe at denne utstillinga kan inspirerer andre, store og små, til å stille ut kunstverka sine. Denne utstilling tek vi sikte på skal henge ein månad, sa Gro Gjerdevik då ho serverte dei unge kunstnarane frukt og andre godsaker under opninga.